Hjem
Studentsider

Sørviserklæringa om studierettleiing

Hovedinnhold

UiB gir rettleiing til studentane på tre nivå: instituttet, fakultetet og sentralt. Rettleiingstenesta ved UiB tilbyr rådgivande tenester gjennom bl.a. studierettleiing, rettleiing til dei som ønskjer å studere i utlandet, og rettleiing til funksjonshemma studentar. Studentsamskipnaden på Vestlandet (Sammen) tilbyr også rådgivande tenester, gjennom bl.a. Sammen Råd & Karriere, det psyko-sosiale tilbodet og studentprestkontoret.

Universitetets plikter og ansvar når det gjeld studierettleiing:

  • Gi god informasjon om universitetet sine rettleiingstenester, lett tilgjengelege tenester og oppdatert informasjon, og ha rettleiarar som svarer på spørsmål frå studentar på ein imøtekommande måte, også på engelsk 
  • Syte for at universitetet sine rettleiingstenester er tilgjengeleg for deg etter nærmare avtale
  • Ha studierettleiarar som kan gje rettleiing ved val av emne og studieprogresjon
  • Ha gode og effektive sakshandsamingsrutiner

Universitetet forventar at du som student:

  • Set deg godt inn i tilgjengeleg informasjon om fag, studium og grad
  • Held inngåtte avtalar om rettleiing

Universitetet tilrår at du som student: