Hjem
Studentsider

Sørviserklæringa om opptak

Hovedinnhold

Det er to typar opptaksprosedyrar til studia ved UiB:

  1. Nasjonale opptak gjennom Samordna opptak, dette gjeld opptak til bachelorprogramma, profesjonsstudia (bortsett frå psykologi), dei integrerte masterstudia og årsstudia
  2. Lokale opptak med søknad direkte til UiB, dette gjeld opptak til dei 2-årige masterprogramma, profesjonsstudiet i psykologi, etter- og vidareutdanning, og opptak av internasjonale studentar, intern overgang mellom bachelorprogram og opptak/innstilling til ph.d.-utdanninga.

For å få tilbod om plass må du vere kvalifisert for det aktuelle studiet. Er det fleire kvalifiserte søkjarar enn studieplassar, må du vere rangert høgt nok. Dei fleste studia på bachelornivå har generell studiekompetanse som opptakskrav. Nokre studium har spesielle opptakskrav i tillegg til kravet om generell studiekompetanse. Studia på masternivå har eigne opptakskrav. 

Universitetets plikter og ansvar når det gjeld opptak ved UiB:

  • Lik og objektiv handsaming av alle søknadar innanfor gjeldande fristar
  • Tilbod gjennom Samordna opptak blir gitt på det høgast prioriterte studieønsket som kvar enkelt søkjar har poeng nok til å komme inn på
  • Tilrettelegging for studentar med funksjonsnedsetjingar

Universitetet forventar at du som søkjar:

  • Set deg nøye inn i informasjon og retningslinjer du får om opptaket og om utdanningsplanen* (ein avtale mellom deg og universitetet som blant anna omtalar studieprogrammet du er tatt opp til og inneheld informasjon om ditt studieprogram)
  • Er nøyaktig med å gi alle opplysningar og legg ved alle nødvendige vedlegg når du søkjer, også dersom du har behov for tilrettelegging av studiekvardagen
  • Søkjer om opptak til rett instans (Samordna Opptak eller UiB)
  • Rettar deg etter gjeldande fristar

* Utvekslingsstudentar opptatt til UiB for eitt eller to semester får ikkje ein utdanningsplan. Internasjonale studentar opptatt på masterprogram vil få ein utdanningsplan.