Hjem

Japansk, bachelor, 3 år

Japan er ei økonomisk stormakt og eit av dei mest velståande landa i Asia. I tillegg til ein betydeleg teknologisk industri har landet utvikla ein særeigen populærkultur i form av teikneseriar og film som har spreidd seg til heile verda. Noreg treng folk som kjenner Japan frå innsida. Det er berre mogleg gjennom kjennskap til språket og kulturen.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du?  

Japanskfaget er først og fremst eit språkstudium, med fokus på både praktiske ferdigheiter i japansk og kunnskap om språket. Det er eit spennande språk å tileigne seg, med alle sine mange skriftteikn, annleis vokabular og fascinerande grammatikk. Gjennom studiet av språket kan ein opne døra til ein svært rik og mangfaldig kultur som skil seg frå den europeiske på mange måtar. I løpet av  bachelorgraden får ein reise til eit japansk universitet i to semester (eitt år) gjennom UiB sine utvekslingsavtalar.   

Studiekvardag  

Dette er eit fulltidsstudium. Gjennom ulike undervisningsformer får du moglegheit til å studere faget på ulike måtar.  

I tillegg til sjølvstudium kan ei typisk veke innehalde:  

  • forelesingar  
  • seminargrupper, der munnleg trening òg er ein viktig del  

Det er om lag fem-seks dobbeltimar (10-12 timar) undervisning i veka, men undervisningsmengda vil variere litt frå semester til semester. Oppmøte er obligatorisk.  

Faget har svært godt studentmiljø, med aktivt fagutval og god kontakt mellom forelesarar og studentar. Mange av dei japanske studentane ved UiB finn vegen til vårt fagog deltar på ulike sosiale aktivitetar.   

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.    

Meir om studiekvardagen ved HF-fakultetet

Kva kan du jobbe som?

I dei seinare åra er firma i Japan meir opne for å tilsette utlendingar med japansk språkkompetanse. For å kunne bruke japansk aktivt i jobbsamanheng må du beherske språket på avansert nivå. Då treng du ein mastergrad.  

I internasjonal handel og japanske bedrifter er engelsk mest brukt. Inngåande kjennskap til japansk veremåte, omgangsformer og skikkar er likevel svært verdifullt og nødvendig.   

Nokre av dei moglegheitene du har, er å:   

  • kombinere graden med andre fag, som økonomifag eller marine fag, og finne jobb i det private næringslivet  med kontakt mot Japan 
  • søke deg mot diplomatiet, for eksempel aspirantkurset til Utanriksdepartementet 
  • kombinere faget med journalistikk 
  • vere frilansar innan språkundervisning, omsetting, turistguiding og liknande  

Opptakskrav og søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. april.   

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i japansk er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.  

Slik er studiet lagt opp:   

1. semester

2. semester

3. semester

4. semester

5. semester (haust)

  • Utveksling: frie emne i Japan (30 studiepoeng)  

6. semester (vår)

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

På dette studiet er det eitt år obligatorisk utveksling. Det er mogleg å velje mellom eit mangfald av ulike fag frå høgt anerkjende utdanningsinstitusjonar spreidd over heile Japan.   

Mange vel å ta emne (fag) innanfor japansk språk under utvekslingsopphaldet, medan andre vel emne innan andre fagområde. Eit utvekslingsopphald på to semester gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter du er ferdig med bachelorgraden, kan du ta ein toårig master i japansk ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo eller ved eit japansk universitet.   

Spørsmål om studiet?

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar@if.uib.no 

Studieplan  

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her