Hjem

Nordisk språk og litteratur, bachelor, 3 år

På bachelorprogrammet i nordisk lærer du om det norske språket og den norske litteraturen. Du får ei brei innføring i dei sentrale litterære verka i norsk litteratur frå sagatida til i dag. Du lærer om det norske språksystemet før og no, og dessutan litt om dansk, svensk, færøysk og islandsk.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Studiet i nordisk opnar for spennande diskusjonar om litteratur, språk, tenking og samfunnsspørsmål. Du lærer om korleis dei nordiske språka har endra seg over tid, om moderne norsk og om ulike språklege fenomen.  Du får kunnskap om samanhengen mellom språk og samfunn og  ei betre forståing av den rolla språk hari kommunikasjon og tenking. Du får òg lære  om  korleis måten vi skriv og tenker på har endra seg frå mellomalderen til i dag. 

På litteratursida får du kunnskap om dei beste litterære verka som er skrivne på norsk. Du får òg lese litteratur frå andre nordiske land. Du får kunnskap om litteraturhistorie, litteraturteori og dei litterære sjangrane. Du får ei betre forståing for korleis litteraturen heng saman med samfunnet, der faktorar som mellom anna kjønn og klasse speler inn. I tillegg lærer du korleis ein kan tolke og analysere litterære tekstar.  

Studiekvardag 

Bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur er eit fulltidsstudium. I tillegg til sjølvstudium kan ei typisk veke innehalde både forelesingar og seminarundervisning. Du vil typisk ha om lag 16-20 timar undervisning i veka. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. 

På nordisk får du vere del av eit engasjert fagmiljø, der studentar og tilsette tar del i faglege diskusjonar, både på og utanfor campus. Fagutvalet for studentar ved nordisk arrangerer fagleg-sosiale tiltak om ulike emne knytt til nordisk språk og litteratur.   

På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investerinfg i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet. 

Meir om studiekvardagen ved HF

Kva kan du jobbe som? 

Arbeidsgjevarar treng tilsette som skriv gode norske tekstar og tenker strukturert, og som har kunnskap om tekst. Interessa for norsk språk, litteratur og kultur er dessutan aukande i utlandet. Ved å ta dette bachelorprogrammet blir du ein betre og meir analytisk lesar. Alle bransjar treng språkkompetente tilsette.   

Med ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur kan du jobbe for eksempel:   

  • med forlagsarbeid  
  • med journalistikk  
  • med administrasjon  
  • med kulturformidling  
  • i bibliotek  
  • i kommunikasjonsbransjen  

I kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning får du òg kompetanse for undervisning i skolen.  

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april.  

Studiets oppbygging 

Anbefalt rekkefølge for emne i studiet:   

1. semester

2. semester 

3. semester 

4.-5. semester

6. semester

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i utlandet. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Dei fleste vel å dra på utveksling når dei skal ta frie studiepoeng. Det er òg mogleg å reise på utveksling tidlegare.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter bachelorgraden kan du søke deg til masterprogram i nordisk språk og litteratur.

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70

E-post: studierettleiar.lle@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen 

Søk her