Hjem

Geografi, master, 2 år

Korleis kan vår tids store utfordringar, som klimaendringar, migrasjon, urbanisering og matproduksjon taklast? I ei tid med endringar i miljøet og ressursgrunnlaget vårt er det behov for geografar som forstår samanhengen mellom menneske, natur og samfunn, og som kan finne gode løysingar og tiltak fram mot ei berekraftig utvikling.
  • Lengde2 År
  • Plassar17
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

På masterprogrammet i geografi fordjupar du deg i aktuelle samfunnsutfordringar og får avansert kunnskap innanfor tema som:  

  • grøn omstilling og planlegging  
  • stad- og næringsutvikling  
  • klimaendringar og naturfarar  
  • global utvikling, migrasjon, makt og rettferd  
  • forvaltning av naturressursar  
  • landskaps- og miljøendringar  
  • global matsikkerheit  

I tillegg til teoretisk kunnskap om feltet for masteroppgåva, vil du lære mykje gjennom planlegging og gjennomføring av feltarbeid. Etter innsamling av feltdata vil du gå vidare med databehandling og –analyse, samt tolking og presentasjon av resultata. Avhengig av kva studieretning du vel, får du ei fordjuping i enten samfunnsvitskaplege eller naturvitskaplege metodar.  

Vi tilbyr tre studieretningar: SamfunnsgeografiMiljø- og landskapsgeografi og Naturgeografi 

Studentane våre fortel om sine masterprosjekt

Studiekvardag 

Institutt for geografi får du utvikle deg i eit unikt tverrfagleg fagmiljø der både natur-, miljø- og samfunnsgeografar er sterkt representert. Som masterstudent får du tilgang til lesesalsplass på instituttet, der du får nær kontakt med medstudentane og fagpersonane. Det sosiale miljøet hos oss er uformelt og internasjonalt.  

Du har to semester til å skrive masteroppgåva, som er på 60 studiepoeng. I løpet av den første veka møter du alle potensielle rettleiarar som presenterer seg sjølv og forslag til prosjekt som dei kan rettleie. Når du har valt tema for masteroppgåva vil du bruke første semester til å utvikle ei prosjektskisse gjennom eit felles skrivekurs. Du kan òg bli med i ei relevant faggruppe

Feltarbeidet ditt kan du gjere i Noreg eller i utlandet, i overgangen mellom første og andre studieår. Avhengig av kva oppgåva krev, må du rekne med å bruke 4-8 veker på feltarbeidet.  

Meir informasjon under

Velg geografi ved UiB

Produsent:
UiB

Kva kan du jobbe som? 

Geografar har ein tverrfagleg bakgrunn som gjer dei godt eigna til å jobbe saman med andre i tverrfaglege team. Dei har gode metodiske ferdigheiter og er gode på problemløysing og rapportskriving.  

Geografar 

  • forstår drivkreftene bak miljø-, landskap- og klimaendringar og konsekvensane deira  
  • analyserer bruk og forvaltning av naturressursar  
  • planlegg og utviklar stader og byar for framtida, og arbeider med næringsutvikling, velferd og lokalisering av arbeidsplassar  
  • forstår korleis matsikkerheit, ekstremvêr og klimatilpassing heng saman  
  • bruker kart og geografiske informasjonssystem (GIS) til å visualisere og analysere data  

Meir informasjon under

Geografi og karriere

Produsent:
UiB

Her jobbar våre alumnar 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-100 studiepoeng spesialisering i geografi, innan den studieretninga du søker opptak på.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • UiA: Samfunnsplanlegging og kommunikasjon (Samfunnsgeografi) og Globale utviklingsstudier
  • NTNU: Geografi (alle retningar) og Geologi med studieretning Arktisk geologi (Naturgeografi)
  • HVL: Geologi og geofare (Naturgeografi) og Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur (Miljø- og landskapsgeografi)
  • UiO: Geologi og geografi (Naturgeografi) og Samfunnsgeografi (Samfunnsgeografi)
  • NMBU: International Environment and Development Studies (Samfunnsgeografi)
  • Nord Universitet: Geografi (Samfunnsgeografi, Miljø- og landskapsgeografi)
  • UiT: Samfunnsplanlegging og kulturforståelse (Samfunnsgeografi)

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i geografi eller tilsvarande og ei fordjuping i den studieretninga du søker. 

Du må ha ein snittkarakter på minimum C i spesialiseringa i geografi og generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Masterprogrammet er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. Det første året er kursdelen, der du tar emne (fag) på 60 studiepoeng. Det andre året er oppgåvedelen, der du på bakgrunn av eit feltarbeid skriv ei masteroppgåve under rettleiing. 

Du kan velje mellom desse studieretningane, basert på fordjuping i bachelorgraden din: 

  • Naturgeografi 
  • Miljø- og landskapsgeografi 
  • Samfunnsgeografi 

1. semester  

  • GEO308 Vitskapsteori og forskingsdesign for geografar (10 studiepoeng) 
  • GEO310 Skrivekurs og prosjektskildring (10 studiepoeng) 

Eit emne i teori eller metode for din studieretning: 

  • GEO313 Naturgeografiske laboratorie- og feltmetodar (10 studiepoeng) 
  • GEO328 Planlegging og samfunn (10 studiepoeng) 
  • GEO330 Theories of Sustainable Land Use (10 studiepoeng) 

Milepæl 1: Presentasjon av prosjektskildring i desember. 

2. semester  

Emne i teori og metode ved UiB, University Centre in Svalbard (UNIS) eller utveksling 

  • GEO306 Metodar i samfunnsgeografi (10 studiepoeng) 
  • GEO316 Practical Skills in Remote Sensing and Spatial analysis (10 studiepoeng) 
  • GEO317 Særemne i geografi (10 studiepoeng) 
  • GEO324 Geographies of the Green Economy (10 studiepoeng) 
  • GEO337 Discourses, Politics and People: Critical Perspectives on Environmental Governance (10 studiepoeng) 
  • GEO341 Mastergradsfeltkurs i naturgeografi (10 studiepoeng) 

Milepæl 2: Presentasjon av teori, forskingsdesign og planar for feltarbeid i april/mai. 

3. og 4. semester  

  • GEO350 Masteroppgåve (60 studiepoeng) 

Oversikt over fullførte masteroppgåver geografi

Milepæl 3: Posterpresentasjon av data, funn og metodologi i oktober. 

Innlevering av masteroppgåva er i slutten av 4. semester (1. juni) 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling til Island, Nederland, Storbritannia, Sverige, Tyskland med fleire. Det er lagt opp til at du kan reise i andre semester. Naturgeografar kan også ta enkeltkurs ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Med ein mastergrad i geografi kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.). 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 98 50 

E-post: studieveileder.geog@uib.no      

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her