Hjem

Praktisk-pedagogisk utdanning deltid, årsstudium

Vil du vere den personen som utgjer ein forskjell for barn og unge? Med Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) deltid blir du lærar og kan undervise i matematikk og naturfag.
  • Lengde2 År
  • Plassar35
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit yrkesretta og praksisbasert studium. Studiet er for deg som har fullført ei mastergrad og som vil utdanne deg til å bli lærar. Vi tilbyr PPU deltid innan realfag, nærare bestemt matematikk og naturfag.

UiB tilbyr ikkje lenger studieprogrammet PPU deltid. For informasjon om PPU årsstudium, sjå: https://www.uib.no/studier/PRAPED.

Som lærar spelar du ei viktig rolle i kvardagen til barn og unge. Samfunnet treng gode lærarar som er der for elevane. Som lærar er du med på å legge grunnlaget for at ungdom kan velje vidare utdanning som gir dei eit meiningsfullt liv i yrke til nytte for heile samfunnet. Læraren er òg ein av dei viktigaste personane i livet til elevane gjennom heile skolegangen. Læraren har ei viktig rolle som trygg og påliteleg vaksen i elevane sin kvardag.

Jobb   

Som lektor er du kvalifisert til å undervise på 5. til 13. trinn i skolen. Studiet er særleg retta mot ungdomsskolen og vidaregåande opplæring, inkludert vaksenopplæringa. 

Det er stor etterspørsel etter lærarar, spesielt i realfag. Yrket gir jobbmoglegheiter over heile landet.  

Etter å ha fullført praktisk-pedagogisk utdanning kan du bygge på og få undervisningskompetanse i andre fag. Det finst òg moglegheiter for etter- og vidareutdanning, blant anna innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing.

Meir informasjon under

Oppbygging

Praktisk-pedagogisk utdanning, deltid, går over to år. Du tar eitt obligatorisk emne på 15 studiepoeng kvart semester.

  1. semester: PPUDEL101
  2. semester: PPUDEL102
  3. semester: PPUDEL103
  4. semester: PPUDEL104

Du skal også ha 60 praksisdagar i løpet av studiet, med ulik varigheit kvart semester.

Studiekvardag

Undervisninga og oppgåvearbeidet skjer dels på lærestaden, dels på nett. Det er tre samlingar kvart semester. Kvar samling går over to dagar. Utanom samlingane er det sjølvstudium og oppgåvearbeid. 

Undervisninga er på norsk, mens litteraturen er på engelsk, norsk og andre skandinaviske språk. 

Det er vanlegvis praksisopplæring både på ungdomstrinnet og i vidaregåande skole. Du får tildelt praksisplass. Det er 100 prosent obligatorisk oppmøte i heile praksisperioden.

Kva lærer eg?

Det viktigaste du lærer er å undervise, å ivareta elevane og å sjå og verdsetje kvar og ein av dei.  

Med denne utdanninga får du blant anna lære:

  • å formidle pedagogiske og fagdidaktiske tema i matematikk og naturfag på ulike nivå
  • å legge til rette for god fagleg og sosial læring
  • å byggje gode relasjonar og å samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket 
  • korleis vi kan ivareta mangfaldet i skolen og i den enkelte elevgruppa

Deltidsstudiet i PPU er ei intens og arbeidskrevjande, men samtidig svært lærerik utdanning. Gjennom samlingane, oppgåvearbeidet og praksis blir du godt kjent med medstudentane dine. Du får tett oppfølging av engasjerte fagpersonar, både i undervisninga og i praksisopplæringa. 

Full liste med læringsutbyte.

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på denne utdanninga

Korleis søke

Du søkjer opptak til Det psykologiske fakultet.

Søknadsfristen er 15. april. Du søker via SøknadsWeb.

NB! Det er ikkje opptak til studiet hausten 2023. 

For å få opptak til praktisk-pedagogisk utdanning, deltid, må du ha:

  • ein fullført mastergrad
  • tilstrekkelig fagleg fordjupning i matematikk og naturfag, eller eitt av faga fysikk, kjemi eller biologi*
  • eit karaktersnitt på C eller betre for kvart av dei to faga**
  • tilstrekkelige norskkunnskapar

* Fagleg relevant fordjuping i to fag med minimum 60 studiepoeng i kvart fag. For naturfag krev ein 90 studiepoeng. Studenten kan mangle inntil 45 studiepoeng i dei to faga til saman ved opptak, men kan ikkje mangle meir enn 30 studiepoeng i eitt av faga. Dei manglande studiepoenga kan takast parallelt med deltidsstudiet. Dei manglande studiepoenga må være på plass før studenten startar på 4. semester.

** Karaktersnitt for det som utgjer opptaksgrunnlag i kvart fag må vere C eller betre. Tilstrekkelig karaktersnitt må seinast vere oppnådd før ein startar på 4. semester.

Sjå her for utfyllande informasjon om PPU deltid og krav til faglig fordjupning i det enkelte undervisningsfaget.