Hjem
Årsstudium

Naturvitskaplege fag, årsstudium

  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar90
  • Studiepoeng60

Hovedinnhold

Introduksjon

Introduksjon

Vil du supplere tidlegare utdanning eller fordjupe deg innanfor eit fagområde? Ønsker du å kvalifisere deg for opptaksgrunnlaget til Praktisk-pedagogisk utdanning?

Eit årsstudium er først og fremst retta mot deg som allereie har tatt eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare. Årsstudiet gir deg studierett i eitt år.

Dei naturvitskapelege faga har stor spennvidde og dekker fag som biologi, kjemi, molekylærbiologi, nanoteknologi, fysikk, geofysikk, geologi, datavitskap, data­teknologi, matematikk, meteorologi og oseanografi, petroleum- og prosessteknologi. På årsstudiet i naturvitskapelege fag kan du velje å konsentrere deg om berre eitt fag, eller du kan kombinere emne frå fleire fagområde.

Innanfor dei ulike faga er det mange spennande emne å velje mellom. Men ver merksam på at studentar på bachelorprogram vil ha prioritet for opptak på emne med avgrensa kapasitet knytt til eksempelvis laboratorieøvingar, tokt og feltkurs.

Målgruppe

Årsstudium i naturvitskapelege fag er eit søknadsalternativ for deg som berre skal studere ved UiB i eitt år, og som ikkje har planar om å ta ein grad.

Årsstudiet er for deg som:

ønsker å ta emne som gir deg opptaksgrunnlag til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

ønsker å supplere tidlegare utdanning eller fordjupe deg innanfor eit fagområde

Studiestart matematisk-naturvitenskapelige fakultet høsten 2020

Kva kan du bli

Studievegar

Ver merksam på at dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søke opptak på eit bachelorprogram.

Vidare studium

Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du søker overgang til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt

Opptak

Opptak til årsstudium i naturvitskapelege fag gir studierett til opne emne i realfag for to semester.

Du set sjølv saman studieplanen din med emne frå dei naturvitskapelege faga ut frå forkunnskapane dine. Emna du vel mellom er altså ein del av det ordinære emnetilbodet.

Du treng ikkje ta ex.phil. eller andre førstesemesteremne dersom du berre skal studere eitt år ved universitetet.

Det er fleire måtar å fylle eit årsstudium på:

1. Fagstudium

I eit eittårig fagstudium kan du velje eitt fag i begge semestra som utgjer til saman 60 studiepoeng. Du står da fritt til å sette saman emne innanfor faget.

2. Fritt valde emne

I løpet av studieåret set du saman emne sjølv. Du kan velje om du vil inkludere ex.phil. og andre førstesemesteremne, du kan ta med emne frå berre eitt av dei naturvitskapelege faga, eller du kan kombinere emne frå fleire fag. Innanfor visse rammer kan du også velje blant andre opne emne ved UiB.

3. Opptaksgrunnlag til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Eit årsstudium i naturvitskapelege fag kan gi deg noko av grunnlaget for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). For eksempel kan du følge ein anbefalt emnekombinasjon, som kvalifiserer deg til å følge to av fagdidaktikkemna UiB tilbyr. Men, vi må gjere deg merksam på, at i mange tilfelle kan det ta meir enn eitt år å gjennomføre den anbefalte emnekombinasjonen.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår. På nettsidene våre får du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i naturvitskaplege fag, studiekode i Samordna opptak: 184670.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og REALFA:

Matematikk R1 (eller S1+S2) og i tillegg anten:

Matematikk R2 eller

Fysikk 1 + 2 eller

Kjemi 1 + 2 eller

Biologi 1 + 2 eller

Informasjonsteknologi 1 + 2 eller

Geofag 1 + 2 eller

Teknologi og forskningslære 1 + 2

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår. På nettsidene våre får du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.

Årsstudium mat.nat.
Foto/ill.:
Utdanningsavdelingen, UiB

Meir informasjon

Om programmet

Studiekode i Samordna opptak
184670

Kontakt

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

e-post: studierettleiar@mnfa.uib.no

Telefon: 55 58 30 30