Hjem

Engelsk, årsstudium

Engelsk er antakeleg det mest utbreidde språket nokosinne. Når vi treff nokon med eit anna morsmål kommuniserer vi oftast på engelsk, uansett kva det handlar om: internasjonal politikk og diplomati, handel, forsking, kultur mm. På årsstudiet i engelsk vil du lære om engelsk språk, litteratur og kultur.
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartVår

Hovedinnhold

Kva lærer du?  

På årsstudiet vil du få ei innføring i engelsk språkvitskap, litteratur og kultur. Du blir kjent med det språklege og kulturelle mangfaldet i den engelskspråklege verda frå mellomalderen til i dag. Du studerer engelsk grammatikk og uttale og får ei innføring i ulike regionale og sosiale variantar av språket.   

Gjennom tolking av ulike tekstar får du kunnskap om samanhengen mellom litteratur og samfunnsforhold i USA, Storbritannia og andre engelskspråklege land.  

Vi diskuterer spørsmål som:    

  • Korleis fungerer det engelske språket?    
  • Kva type endringar skjer i det engelske språket i dag?      
  • Korleis kan vi forstå kultur og historie gjennom litteraturen, og vice versa?     

Studiekvardag  

Dette er eit fulltidsstudium. I løpet av ei typisk veke vil du ha rundt 10 timar undervisning, som forelesingar og seminargrupper. I tillegg vil du lese pensumlitteratur og forberede deg til undervisning. I det andre semesteret kan du dra til Det norske studiesenteret i York og få ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.   

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden, som ligg midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.    

Kva kan du jobbe som?  

Med denne utdanninga får du ein dobbelkompetanse: God og presis språkføring , og kunnskap om kulturen og samfunnet i landet/området.   

Skolen, staten, næringslivet, kulturlivet, media m.fl. treng folk med denne kompetansen.   

Opptakskrav og søknadsfrist  

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging  

Vi anbefaler at du startar årsstudiet i engelsk i januar, men du får studierett frå hausten og kan studere andre fag ved UiB. 

Slik er studiet lagt opp:   

1. semester   

2. semester 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling  

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling som del av årsstudiet, men du kan bli med på studietur til Det norske studiesenteret i York for ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.   

Vidare studiemoglegheiter  

Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelor i engelsk. Årsstudiet i engelsk kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet. 

Årsstudiet gir også undervisningskompetanse i engelsk på ungdomsskole eller vidaregåande skole. Fullført årsstudium saman med ein fullført mastergrad i eit anna skolefag kvalifiserer for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med engelsk som undervisningsfag.   

Spørsmål om studiet?  

Telefon:  +47 55 58 93 70 

E-post:  studieveileder.if@uib.no  

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen