Hjem
Utdanning

Studieplan for ÅRHF-FRAN Fransk, årsstudium, vår 2024

Omfang og studiepoeng

Studiet har eit omfang på 60 studiepoeng og er normert til eitt år på full tid.

Fulltid/deltid

Fulltid.
Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du vende deg til studierettleiar.

Undervisningsspråk

Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Studiestart - semester

Vår

Mål og innhald

Studenten skal øve opp evna til å skjøne og bruke moderne fransk skriftleg og munnleg. Studenten skal òg skaffe seg kjennskap til fransk språk- og litteraturvitskap. Det er lagt vekt på tileigning av kunnskapar og praktiske evner, men det er òg viktig at studentane byggjer opp ei sjølvstendig og reflekterande haldning til stoffet. Gode språkkunnskapar trengst for å skjøne dei litterære verka, og inngåande kjennskap til eit representativt utval tekster er ein føresetnad for ei nyansert forståing av det franske språket. Det høyrer òg med ei innføring i kultur og samfunnstilhøve i Frankrike og andre fransktalande land. Kulturkunnskapsdisiplinen dannar ein naudsynleg bakgrunn for språk- og litteraturstudiet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kjennskap til sentrale verk i franskspråklig litteratur, fra 1700-tallet frem til i dag.
  • har kunnskap om syntaktiske grunnbegreper og den franske språkstrukturen
  • kjenner til hovedtrekkene i fransk historie og samfunn, og har kunnskap om den franskspråklige verden utenfor Frankrike.

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til å presentere og analysere fransk litteratur, grammatikk, historie og samfunnskunnskap, på både skriftleg og munnleg fransk.

Generell kompetanse

Studenten

  • har tilegnet seg nødvendige kunnskaper og ferdigheter til å fortsette studiene på 200-nivå.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Franskkunnskapar tilsvarande nivå 2 frå vidaregåande skole.

Obligatoriske emne

FRAN120 Fransk grammatikk 1, vår, 10 stp

FRAN121 Fransk grammatikk 2, vår, 10 stp

FRAN122 Innføring i fransk litteratur, vår, 10 stp

FRAN123 Fransk litterær analyse, haust, 10 stp

FRAN124 Fransk kulturkunnskap og frankofoni, haust, 10 stp

SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium, haust, 10 stp

Tilrådde valemne

Det er ingen valemne i årsstudiet.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (vår)

  • FRAN120 Fransk grammatikk 1, 10 stp
  • FRAN121 Fransk grammatikk 2, 10 stp
  • FRAN122, Innføring i fransk litteratur 10 stp

2. semester (haust)

  • FRAN123 Fransk litterær analyse, 10 stp
  • FRAN124 Fransk kulturkunnskap og frankofoni, 10 stp
  • SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium, 10 stp

Delstudium i utlandet

Studentar på årsstudium har ikkje høve til å ta delstudiar i utlandet, men studentane har tilbod om å ta delar av emnet FRAN124 ved Det fransk-norske studiesenteret i Caen (OFNEC), i form av eit sju vekers kurs i september og oktober.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme segdisiplinane/fagområda på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  • A-F, der F er stryk
  • greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for videre studium

Eit årsstudium kan normalt inngå i ein bachelorgrad, anten som del av spesialiseringa eller som frie studiepoeng.

Årsstudiet i fransk kan i sin heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i bachelorprogram i fransk.

Årsstudium i fransk gir grunnlag for opptak til Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) i fransk. Meir informasjon om opptakskrava finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Årsstudium i fransk i kombinasjon med Praktisk pedagogisk utdanning gir formell kvalifikasjon til å undervise i fransk i skolen. Studiet er også verdifullt for arbeid i andre sektorer, f.eks. i næringslivet, offentlig sektor, innenfor kulturlivet og i internasjonale organisasjoner .

Evaluering

Årsstudiet blir kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@if.uib.no

Studierettleiar@if.uib.no
Tlf 55 58 93 70