Hjem
Utdanning

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Årsstudiet i politikk og forvaltning er eit eittårig studium som omfattar 60 studiepoeng fordelt på to semester.

Politikk og forvaltning er eit spesialisert statsvitskapleg fag. Det er eit samanliknande studie av politikk, forvaltning og organisasjon. Fokus vert retta særleg på utforminga og iverksettinga av offentleg politikk, korleis innhaldet og organiseringa av denne politikken vert til, og kva slags konsekvensar dette har for verdifordelinga i samfunnet. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, forvaltning og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. I forhold til andre samfunnsvitskaplege fag er vi meir opptatt av samfunnet sin politiske organisering og styringsformer. Viktige tema er deira normative grunnlag, korleis dei vert utvikla og endra, og kva slags konsekvensar dette har.

Årsstudiet skal gi grunnleggjande forståing for sentrale tema innanfor statsvitskapen og lede fram til undervisningskompetanse i samfunnsfag i det offentlege skuleverket

Læringsutbyte

Kandidaten har kjennskap til sentrale ideer, teorier og kunnskapsområde innenfor faget. Kandidaten har utviklet analytisk og metodisk kompetanse og ha forståelse for en vitenskapelig arbeidsmåte. Studiet gir kandidaten en kritisk og prøvende holdning til forskingsresultat og samfunnsdebatter.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Rekkefølgje for emne i studiet

Årsstudium med spesialiseringsemne:

1. semester

  • GOV101 Organisasjonsteori
  • GOV103 Politikk og forvaltning eller GOV107: EU og internasjonale organisasjonar

2. semester

  • GOV104 Politisk teori og styreformer
  • MET102 Samfunnsvitskapleg metode

Årsstudium med innføringsemne og Ex.phil (anbefales studenter uten tidligere studieerfaring):

1. semester

  • EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum- skuleeksamen
  • GOV100 Innføring i politikk og forvaltning

2. semester

  • GOV104 Politisk teori og styreformer
  • MET102 Samfunnsvitskapleg metode

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt vere satt saman av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i den tilrådde oppbygginga av studiet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformar: heimeeksamen og/eller skuleeksamen.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.

Grunnlag for videre studium

Eit årsstudium kan inngå i ein bachelorgrad som eitt av tre år i denne. Det tilrådde årsstudiet i politikk og forvaltning kan i sin heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i politikk og forvaltning innan eit bachelorprogram med spesialisering ipolitikk og forvaltning. Det vil vere muligheit til å søkje om intern overgang frå årsstudiet til bachelorprogrammet.

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet er ikkje i seg sjølve eit grads- eller vitnemålsgivande studium. Årsstudiet er ei kortare utdanning som kan brukast til å komplettere tidlegare utdanning anten ved å spisse denne eller ved å gi ei større bredde. Årsstudiet er satt saman mellom anna for å gi ytterlegare undervisningskompetanse for tilsetting i skuleverket.

Evaluering

Evaluering av årsstudiet er regulert gjennom generelle kvalitetssikringsrutinar. Emna som inngår i studiet vert evaluert av studentar og faglærarar jamleg.

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for politikk og forvaltning