Hjem

Musikkvitskap, bachelor, 3 år

Kva rolle har musikk i kultur og samfunn? Gjennom dette studiet får du innsikt i musikken som estetisk objekt og samfunnsfenomen. Musikkvitskap ved Griegakademiet har stor historisk, geografisk og tematisk spennvidde - frå vestleg kunst- og populærmusikk og norsk tradisjonsmusikk til andre globale tradisjonar. 
  • Lengde3 År
  • Ordinær40,9
  • Primær34,3
  • Plassar12
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Musikk blir brukt i alle slags sosiale situasjonar, for eksempel i barneleik og ritual som bryllaup og gravferd, og i dans, underhaldning og kunst. Musikk er overalt og kan vere sterkt identitetsskapande.   

I musikkvitskap undersøker vi korleis musikalske hendingar skjer ved å sjå nærmare på prosessane og aktivitetane musikkhandlingane utgjer.  

Vi arbeider gjerne med spørsmål som:  

  • Korleis blir musikk brukt til å skape identitet i ei stadig meir globalisert verd?  
  • Kva er samanhengen mellom musikalsk kreativitet og teknologi?  
  • Korleis oppstår musikalsk meining?  

Etter fullført bachelorgrad i musikkvitskap kan du  

  • vise grunnleggande kunnskap om musikken sine funksjonar både i kulturelt perspektiv og i samfunnsperspektiv  
  • vise kritisk forståing av musikk i samfunnet, kulturen og historia   
  • kommunisere munnleg og skriftleg omkring musikkfaglege problemstillingar, i fagmiljø og med publikum.  

Les meir om læringsutbytte på programmet i studieplanen.  

 

Meir informasjon under

Marthe Serck-Hanssen, Bachelorprogram i musikkvitenskap -UiB

Produsent:
Griegakademiet, KMD, UiB

Studiekvardag

Som student ved Griegakademiet møter du lærarar som er internasjonalt anerkjente forskarar og utøvarar.  

Studiet består av  

  • forelesingar  
  • seminargrupper  
  • kollokvium og andre studentstyrte aktivitetar  
  • praktiske øvingar  
  • bacheloroppgåve  
  • sjølvstudium  

 Dei fleste emna på studiet er obligatoriske, men du har også 60 frie studiepoeng, som er det same som eitt års studium. Desse studiepoenga kan du fylle med emne innan fagfeltet musikkvitskap, andre aktuelle musikkemne ved Griegakademiet eller andre emne som blir tilbydd ved UiB, som språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for di vidare utdanning eller yrkesplanar.  

Du vel også sjølv kva tema skal vere for bacheloroppgåva di.   

Kva kan du jobbe som? 

Med ein bachelorgrad i musikkvitskap får du overordna kunnskap om forholdet mellom estetiske uttrykk, kultur og samfunn, og som går ut over detaljert musikkunnskap.    

Yrkesvegane heng saman med kva kombinasjonar du har i studiet ditt. Du kan for eksempel kvalifisere deg til arbeid i kultur- og musikkbransjen, og i musikk- og kulturjournalistikken.   

Etter bachelorprogrammet er du kvalifisert til å søke opptak på masterprogram i musikkvitskap eller kulturvitskap.  

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.  Det er ikkje opptaksprøver til musikkvitskap ved Griegakademiet.  

Søknadsfristen er 15. april.   

Du søker via Samordna Opptak  

Studiets oppbygging

Vi anbefaler denne rekkefølga for studiet:

1. semester (haust)

  • Examen philosoficum KMD-variant, seminarmodell (EXPHIL-KMSEM, 10 studiepoeng)
  • Examen facultatum akademisk skriving (EXFAC00AS, 10 studiepoeng)
  • Innføring i musikkvitskap (MVK100, 10 studiepoeng)

2. semester (vår)

  • Music in World Cultures (MUG105, 15 studiepoeng)
  • Musikkproduksjon (MVK101, 15 studiepoeng)

3. semester (haust)

  • Populærmusikkstudier (MUV280, 15 studiepoeng)
  • Å skrive om musikk (MVK102, 5 studiepoeng)
  • Musikk, kultur og samfunn (MUF101, går over to semestre)
  • Musikkhistoruie klassisk (MUG117), eller Musikkhistorie jazz (MUG118, går over to semestre)

4. semester (vår)

  • Musikk, kultur og samfunn (MUF101, fortsetter fra 3.semester, 15 studiepoeng)
  • Musikkhistoruie klassisk (MUG117), eller Musikkhistorie jazz (MUG118 fortsetter fra 3.semester, 15 studiepoeng)
  • Frie studiepoeng, valemne (15 studiepoeng)

5. semester (haust)

  • Frie studiepoeng, valemne (30 studiepoeng), eller mogleg å dra på utveksling

6. semester (vår)

  • Bacheloroppgåve i musikkvitskap (MVK250, 15 studiepoeng)
  • Frie studiepoeng, valemne (15 studiepoeng)

Du kan og velge ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å sette opp ein plan. Her kan du sjå den detaljerte studieplanen for programmet.

Sjå oversikt på alle emne

Utveksling 

Det er lagt til rette for utvekslingsopphald på femte semester i studieløpet. UiB og Griegakademiet har utvekslingsavtalar over heile verda, og du kan velje emne innan musikkvitskap eller ta emne som frie studiepoeng.  Studierettleiaren på programmet kan hjelpe med å sette opp ein plan for utveksling som passar din situasjon og dine ønske.    

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter bachelorprogrammet er du kvalifisert til å søke opptak på masterprogram innan musikkvitskap eller kulturvitskap.  

Spørsmål om studiet? 

E-post: studieveileder.kmd@uib.no 

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Studieplan Musikkvitskap, bachelor