Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i norrøn filologi

Omfang og studiepoeng

Programmet er normert til 3-årig fulltidsstudium og 180 studiepoeng (sp.), normalt fordelt på 30 sp. innføringsemne, 90 sp. spesialisering og 60 sp. valfrie emne.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium. Etter avtale med studierettleiar kan heile eller delar av programmet takast på deltid, kor ein tar minimum 15 sp. (50 %) i semesteret.

Undervisningsspråk

Norsk eller anna skandinavisk språk. Engelsk ved behov.

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Studiet i norrøn filologi gir ei brei innføring i det norrøne språket og den norrøne litteraturen, og begge vert sette inn i eit vidare kulturelt perspektiv.

Norrønt er ein fellesnemnar for språket og litteraturen både i Noreg og på Færøyane og Island i mellomalderen, og dessutan på vesterhavsøyane. I dette området kan vi snakke om ein felles språkleg og litterær kultur som varte i over 500 år, frå landnåmet av Island til byrjinga av 1400-talet.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei og grundig kunnskap om det norrøne språket og språkrelaterte samfunnstilhøve i norrøn tid
  • har grundig kunnskap om norrøn dikting og dei ulike norrøne tekstsjangrane
  • har kjennskap til sentrale drag ved norrøne samfunnstilhøve og norrøn mytologi

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan lese norrøne tekstar på eiga hand, med bruk av ordbok
  • kan skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om norrønt språk og norrøn litteratur og kultur
  • kan analysere og drøfte problemstillingar innanfor disiplinen på ein fagleg måte
  • kan hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk
  • kan gi opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i norrønt språk og norrøn litteratur

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har kjennskap til filologisk verksemd generelt
  • kan kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå norrøn filologi
  • kan arbeide aktivt for å styrke sine eigne kunnskapar og ferdigheiter i faget
  • kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar
  • kan planlegge og gjennomføre eit forskingsarbeid av avgrensa omfang

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode leseferdigheiter i engelsk er ein føremon.

Innføringsemne

Obligatoriske emne

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa skal innehalde minimum ei sjølvstendig, rettleidd oppgåve med omfang på minimum 10 studiepoeng (bacheloroppgåve).

Tilrådde valemne

Studenten kan velje valemne eller såkalla frie studiepoeng i ein bachelorgrad, fritt blant¿alle emne ved Universitetet i Bergen¿så framt det er plass og studenten har opptaks- og forkunnskapskrava som gjeld for emnet. Ein kan også bruke emne ein har fullført tidlegare som frie studiepoeng i ein bachelorgrad. EXFAC eller EXPHIL kan ikkje brukast som frie studiepoeng.¿

Snakk med studierettleiar om du er usikker på korleis du vil legge opp valemna dine. Ein tilrår generelt at studenten vel emne med tanke på si vidare utdanning eller yrkesplanar.

PRAKTINF, andre språkfag, spesielt latin og nyare islandsk, historie, arkeologi eller eldre kunsthistorie er tilrådd.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i norrøn filologi kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust)

  • Examen philosophicum (10 sp.)
  • EXFAC00SK Språkkunnskap (10 sp.)
  • NORD100 Innføring i nordistikk (10 sp.)

2. semester (vår)

3. semester (haust)

  • NOFI107 Norrøn prosa (15 sp.)
  • NOFI110 Norrøn handskriftstudium og runologi (5 sp.)
  • NOFI113 Norrøn dikting (10 sp.)

4. semester (vår)

5. semester (haust)

6. semester (vår)

*NOFI101 må takast før NOFI107, NOFI110, NOFI113, NOFI210 og NOFI250.

NOFI210 og NOFI250 må takast i ulike semester, ettersom kursa ikkje går i same semester.

Ei generell tilråding er at ein bør ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå før ein tar fatt på 200-nivå. Sjå tabell for detaljerte opplysingar om kvart emne. Snakk med studierettleiar om du treng råd rundt studieløpet ditt.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Les meir om utveksling.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar for dette studieprogrammet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Informasjon om undervisningsform for kvart emne står i emneplanen.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er hovudsakleg skriftleg og munnleg vurdering. Informasjon om vurderingsform for kvart emne står i emneplanen.

Karakterskala

A-F

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk, er å finne digitalt på www.vitnemalsportalen.no når krava til graden er oppfylt.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad gir mellom anna grunnlag for å søke opptak til masterprogrammet i same fagområde ved Universitetet i Bergen.

Relevans for arbeidsliv

Utdanningar ved Det humanistiske fakultet gir mange ulike moglegheiter i arbeidsmarknaden avhengig av kva for emne den einskilde studenten har i graden sin, men også kva for interesser og engasjement studenten har i tillegg til graden. Innsikt i språk, litteratur og kultur frå norrøn tid er etterspurd blant fleire arbeidsgivarar, mellom anna ved kulturinstitusjonar og lærestader, i media og reiseliv.

Ein bachelorgrad i norrøn filologi kan gi grunnlag for mellom anna formidlings- og undervisningsarbeid. Studiet gir dessutan profesjonell tekst- og analysekompetanse, og det gir allmenn kompetanse for administrativt arbeid.

Utdanninga er relevant for arbeid i museum, arkiv og forlag, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Evaluering

Studentane, programstyret og ekstern fagfelle skal kontinuerleg evaluere emne og program i tråd med kvalitetssystem for utdanning ved Universitetet i Bergen. Tidlegare emne- og programevalueringar finn ein på www.kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for innhald, struktur og kvalitet i programmet og tilhøyrande emne.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.¿

Kontaktinformasjon

www.uib.no/hf/24361/infosenteret-ved-hfTa gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no

Tlf: 55 58 24 00