Hjem

Teatervitskap, bachelor, 3 år

Teatervitskap knyter saman teoriar om kunst og praktisk teater. Vi studerer skodespelarkunst, regi, dramaturgi og scenografi, og korleis teateret kommuniserer med samfunnet og publikum. Teatervitskap er viktig for å forstå teateret i seg sjølv, men òg for å forstå litteratur, kunst, film og andre kultur- og kommunikasjonsformer.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Gjennom bachelorprogrammet i teatervitskap lærer du korleis du kan engasjere deg og bli ein god medspelar i kultur- og teaterlivet. 

I teatervitskapen drøftar vi spørsmål som:

  • Kva rolle har teater og kunst i samfunnet? 
  • Kva betydning har teateret hatt gjennom historia? 
  • Korleis kan ein engasjere seg i teateret som praksisfelt?  

Dette studiet gir deg kunnskap om teateret si historie og om skodespelarkunst, dramaturgi og regikunst. Du lærer om teaterteoriar og estetiske teoriar, og om korleis faget er relevant i teaterproduksjon, kritikk og formidling.

Studiekvardag

Bachelorprogrammet i teatervitskap er eit fulltidsstudium. Som student får du tilgang til eit tett og engasjert fagmiljø, som gir nær oppfølging til kvar student. Du kan få kontaktar innanfor og utanfor universitetet, og arbeidspraksis som kan gi deg ein forsmak på arbeidslivet.

Teatervitskap samarbeider med teater- og kulturinstitusjonar i Bergen og resten av landet. Vi har dessutan nær kontakt med Studentteateret Immaturus, der mange av studentane våre er engasjert. Bergen har eit av dei mest attraktive studiemiljøa i Noreg.

Workshops med teaterutøvarar, ekskursjonar til utlandet og felles besøk på teaterframsyningar inngår i undervisninga. Ei typisk veke vil òg innehalde forelesingar, seminargrupper og praktiske øvingar. I tillegg kan du ha praksis ved teaterinstitusjonar eller i det frie scenekunstfeltet.

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus.

Kva kan du jobbe som? 

Med ein bachelorgrad i teatervitskap får du kunnskap som mellom anna mediebransjen har stort behov for. I tillegg får du unike kunnskapar om teater, samtidskunst og kritikk, som for eksempel kan nyttast i informasjonsarbeid. Studiet gir eit godt fagleg grunnlag for deg som ønsker å arbeide med teater, media eller film.  

Teatervitskapleg kompetanse er etterspurt i teaterinstitusjonar og det frie scenekunstfeltet, i offentleg kulturforvaltning, mediebransjen og innan undervisning og opplæring.

Du kan for eksempel arbeide med:  

  • teater- og kunstkritikk 
  • dramaturgi 
  • teater- og kunstproduksjon 
  • kulturadministrasjon     
  • instruksjon og regi 
  • undervisning 

Sjå kva jobbar kan du få med humanistisk utdanning

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Oppbygginga av studieløpet ditt kan sjå slik ut:  

1. semester

2. semester 

3. semester

4. og 5. semester 

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (60 studiepoeng)

6. semester 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er lagt til rette for at du skal kunne reise på utveksling til utlandet. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Dei fleste vel å dra på utveksling når dei skal ta frie emne. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter

Med ein bachelorgrad kan du søke opptak til masterprogrammet i teatervitskap. Med ein mastergrad har du enda betre moglegheiter for ein relevant jobb der du får spesialisere deg innanfor dine interesseområde.    

Spørsmål om studiet? 

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her