Hjem

Bachelorprogram i kunst

Bachelorprogrammet i kunst er en utdanning for deg som ønsker å utdanne deg til profesjonell kunstnar.
  • Lengde3 År
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kjernen i utdanninga er å utvikle din eigen kunstnariske praksis, sett i samanheng med kunsten sin plass i kultur og samfunn. Frå studiestart møter du aktive kunstnarar, og det er tett kontakt mellom student og undervisar.

Bachelorprogrammet har mykje sjølvstyrt læring, og du må ta ansvar for å tileigne deg eit breitt og relevant kunnskapsgrunnlag for utviklinga av eigen kunstpraksis. Samtidig må du delta aktivt i felles forum for diskusjon, kritikk og erfaringsutveksling. Gjennom studiet lærer du å presentere og reflektere over ditt eige og andre sine kunstnariske arbeid.

Våre ansatte si faglege og tekniske kompetanse omfattar fotografi, grafikk, installasjon, keramikk og leire, lyd, maleri, performance, skulptur, teikning, tekstil,  video og det digitale. Bachelorprogrammet opnar også for kunstnariske praksisar som ikkje er knytt til bestemte medium og materialar.

Karriere

Med ein bachelorgrad i kunst kan du arbeide sjølvstendig og målretta, åleine og saman med andre. Du vil vere rusta til å jobbe som:

  • Profesjonell kunstnar
  • Kurator
  • Kritikar
  • Produsent
  • Teknikar
  • Undervisar

Etter bachelorgraden kan du søke deg vidare til masterprogrammet i kunst, masterprogrammet i kuratorpraksis eller eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.

Etter mastergrad kan du og fordjupe deg vidare ved å søke opptak til ph.d.-programmet i kunstnarisk utviklingsarbeid.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i kunst er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.

Utdanninga er forankra i rettleiing, særleg i dei obligatoriske emna for kunstpraksis (ART). Kunstpraksis-emner øker i omfang og progresjon. Kjernen er å utvikle egen kunstnariske praksis, sett i samanheng med kunsten sin plass i kultur og samfunn.

I bachelorprogrammet skal studenten også ha tekniske og metodiske støtte-emnar (MEME). Emna underviser i metodebaserte tilnærmingar, ofte i verkstedar og laboratorium, som støtte i arbeidet med å gi idear og intensjonar form. Samtidig får studentane kjennskap og forståing for materiale, medium og fagtradisjonar. 

Gjennom ulike undervisningsformer for eksempel seminar og gruppediskusjonar utviklast et felles omgrep og analytisk forståing for kunst. Skrivekurs for utvikling av skriftlege ferdigheiter inngår som en gjennomgåande del av studieopplegget. Som student skal du også ha emne (REF) som bidrar til å styrke studentens evne til kritisk refleksjon og formidling. 

I tilegg tilbyr Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst ei rekke valgemne (PRO) tilpassa ein skapande kunstprakis. Valgemna er ofte prosjektbaserte og ofte ein del av pågåande forskningsprosjekt i kunstnarisk utviklingarbeid.

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardagen

Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst tilbyr eit stimulerande og utfordrande læringsmiljø for motiverte studentar. Du blir del av eit lite kull, og det er godt samhald mellom studentane, som kjem frå mange land. Hos oss vil du oppleve at det er kort avstand til dei tilsette. Du får tildelt ein hovudrettleiar som du har kontakt med gjennom heile studiet.

Kunst- og designstudia held til i eit splitter nytt bygg(lenke) på Møllendal like utanfor Bergen sentrum. Ved å ta verkstedsintrodukasjoner får du tilgang til verkstadar og utstyr(lenke) som få kunstinstitusjonar i verda kan tilby, slik at du får dei aller beste tilhøva for å utvikle deg som kunstnar. Til dømes får du ditt eige studie og tilgang på verkstader i Møllendalsveien 61.

Undervisninga får du i form av rettleiing, både individuell og i grupper, forelesingar, seminargrupper, teorikurs, praktiske øvingar og kurs, studieturar og skrivestøtte. Du vil likevel bruke mest tid på å utvikle din eigen kunstnariske praksis. Timeplanen blir fastsett for kvart semester, og er i stor grad individuelt tilpassa deg og ditt prosjekt. 

Litteraturen og undervisninga er på engelsk og norsk. 

Vi oppfordrar deg til å delta på studieturar, eksterne prosjektarbeid, utveksling, hospitering og residencies gjennom heile studieforløpet. Spesielt andre studieår er tilrettelagd for utoverretta arbeid. 

Du kan gjennom heile programmet søke økonomisk støtte gjennom Studentenes prosjektstøtte.

Kva lærer du?

Med bachelorutdanning i kunst kan du:

  • Realisere og formidle dine kunstnariske intensjonar på eit profesjonelt nivå
  • Identifisere eigne læringsbehov og styre eiga læring
  • Samanlikne og bruke relevante teoriar om kunsten sin funksjon og betyding

Les meir om læringsutbytet på programmet.

Utveksling

Du kan reise på utveksling til utlandet i tredje og/eller fjerde semester. KMD og Kunstakademiet har inngått utvekslingsavtaler med mange interessante studiesteder. Oversikt over alle utvekslingsavtalene finner du her.

Informasjon om utveksling

Opptak

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle opptakskravene.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her