Hjem
Utdanning

Studieplan for BAMN-BIO Biologi, bachelor, 3 år, vår 2024

Namn på grad

Bachelor i naturvitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i biologi er eit 3-årig studieprogram med omfang på 180 studiepoeng.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Gjennom bachelorgrada i biologi utviklar studentane brei og grunnleggande fagkompetanse i biologi. I undervisnings- og læringsaktivitetane, som til dømes studentaktiv forsking, tileignar studentane seg eit breidt spekter av ferdigheiter som biologar nyttar i arbeidslivet. Biologi er ein samansatt fagdisiplin og omfattar mellom anna økologi, biodiversitet, fysiologi, molekylærbiologi, cellebiologi og genetikk, med evolusjonsteorien som ei felles ramme. Biologar nyttar ulike fagspesifikke metodar i felt og på lab. Grada gir godt grunnlag for å forstå moderne naturvitskap og dei grunnleggande spørsmåla om livet og naturen, og korleis biologar kan bidra med nøkkelkompetanse for å løyse nåverande og framtidige utfordringar.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Kandidaten kan

  • gjere greie for korleis evolusjon forklarar utviklinga og mangfaldet av livsformer på jorda
  • skildre hovudtrekk i biologiske prosessar frå genuttrykk til fysiologisk regulering og åtferd
  • karakterisere biologiske system ved å analysere samspelet mellom struktur og funksjon
  • skildre stoffomsetning og energiflyt frå celle til økosystem på grunnlag av tilhøyrande fysiske, kjemiske og biologiske eigenskapar
  • identifisere organismegrupper i nære økosystem og karakterisere desse basert på morfologiske kjenneteikn

Ferdigheiter
Kandidaten kan

  • formulere faglege problemstillingar på bakgrunn av relevant faglitteratur
  • undersøke biologiske system i laboratoriet og i naturen ved bruk av relevante vitskaplege metodar og utstyr
  • analysere, tolke og presentere biologiske data ved bruk av enkle numeriske og statistiske metodar, samt vurdere usikkerheita ved desse
  • bruke presist fagspråk i skriftleg og munnleg kommunikasjon

Generell kompetanse
Kandidaten kan

  • identifisere etiske problemstillingar i biologiske spørsmål og arbeidsmetodar
  • vurdere bevisgrunnlaget for faglege påstandar
  • bruke naturvitskaplege perspektiv til å vurdere utfordringar og moglegheiter for berekraft, ressursforvaltning og bioproduksjon
  • planlegge og gjennomføre prosjekt i samarbeid med andre

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og REALFA:

Matematikk R1 (eller S1+S2) og eitt av følgjande krav

  • Matematikk R2 eller
  • Fysikk 1 + 2 eller
  • Kjemi 1 + 2 eller
  • Biologi 1 + 2 eller
  • Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
  • Geofag 1 + 2 eller
  • Teknologi og forskingslære 1 + 2

Tilrådde forkunnskapar

Vi tilrår at du har forkunnskapar tilsvarande Biologi 2 og Kjemi 2.

Innføringsemne

Examen philosophicum (EXPHIL-MNSEM eller EXPHIL-MNEKS) og matematikk (MAT101 eller MAT105).

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet (120 studiepoeng):

I tillegg er det 60 valfrie studiepoeng.

Tilrådde valemne

Vi tilrår at du vel emne relevant for ønska studieretning på master i biologi (sjå tilrådde forkunnskapar for kvar studieretning).

Ta gjerne kontakt med studierettleiar for meir informasjon om valemne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Delstudium i utlandet

Mot slutten av bachelorprogrammet kan du ta eitt eller to semester ved lærestader i utlandet eller ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).

Arbeids- og undervisningsformer

Studentar på bachelorprogrammet i biologi møter ulike former for aktiv læring. Undervisinga i emna inkluderer gruppearbeid, felt- og laboratoriearbeid, aktive førelesingar, og vurdering for læring.

Undervisingsform for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

I dette programmet nyttast ulike formar for summativ og formativ vurdering som til dømes mappevurderingar, rapportar, quiz, prosjektarbeid, munnlege presentasjonar og skriftleg eksamen.

Vurderingsformar for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivingane.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: Bestått/Ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til grad er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i biologi og andre relevante masterprogram.

Relevans for arbeidsliv

Gjennom bachelorprogrammet opparbeider studentane seg ei rekkje praktiske og akademiske ferdigheiter som er nyttige i arbeidslivet. Mange biologar arbeider innan natur- og miljøforvalting, havbruk, skuleverk, offentleg forvalting, industri, miljøorganisasjonar og i medie- og konsulentbedrifter. I dei fleste tilfella opnar det seg fleire moglegheiter for dei som har fullført ei mastergrad. Universitetet i Bergen tilbyr fleire mastergradsstudier som byggjer på bachelorgraden i biologi.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for biovitskap ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar Tone Stokka på programmet dersom du har spørsmål:

  • E-post: tone.stokka@uib.no
  • Telefon: 55583031