Hjem

Informatikk: Datasikkerheit, bachelor, 3 år

Datamaskinar og mobiltelefonar kan bli utsett for datainnbrot, spionasje eller sabotasje. Slike angrep kan gjere mykje skade for enkeltpersonar og samfunnet og må motkjempast med spesialisert kunnskap. Dette studiet gir deg verktøya du treng for å bygge sikre IT-tenester og beskytte mot hacking og angrep.
  • Lengde3 År
  • Ordinær53
  • Primær46,9
  • Plassar44
  • OpptakskravMATRS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

I løpet av utdanninga  

  • lærer du om dei vanlegaste sikkerheitsutfordringane og sårbarheitene i data- og kommunikasjonssystem 
  • får du erfaring med ulike metodar og programvarer for å utvikle robuste og sikre system mot desse utfordringane 

Studiekvardag 

Bachelorstudiet i informatikk: datasikkerheit er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. 

I løpet av ei typisk veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket

Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement. 

Kva kan du jobbe som? 

Det er stor mangel på spesialistar innan IT-sikkerheit, så det er gode mogelegheiter til å få jobb med denne utdanninga, både i Noreg og i utlandet. Du kan for eksempel jobbe med  

  • etisk hacking 
  • militær eller nasjonal sikkerheit 
  • konsulentverksemd 
  • utvikling av sikre datasystem 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i informatikk: datasikkerheit er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. 

Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene.   

Slik er studiet lagt opp:   

1. semester

2. semester

3. semester 

4. semester

5. semester 

6. semester

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit anna universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i programutvikling eller informatikk. Vel mellom sju studieretningar – herunder sikker og påliteleg kommunikasjon – eller masterprogram i programutvikling ved Institutt for informatikk.  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplan  

Søk her