Hjem

Bachelorprogram i informatikk: data science (datavitskap)

I dagens informasjonssamfunn er vi i stor grad utsette for viktige utfordringar innan data science i forsking, næringsliv og samfunn. På data science lærer du å programmere i Phthon og Java, metodar for å trekke ut kunnskap frå ulike typar data og matematikken som ligg til grunn for mange av dei teknologiske løysingane vi nyttar i dag.
  • Lengde3 År
  • OpptakskravREALR2
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Programmet utgår

Studentar vert ikkje tekne opp til dette studierprogrammet. Siste opptak til dette programmet var hausten 2022. Dette studiet er no erstatta av eit nytt sivilingeniørprogram i data sciene (5-årig master). Les meir om det nye studiet her.

Introduksjon

Informatikk (computer science), er vitskapen som ligg bak all programvare, frå enkle dataprogram, mobilappar og spel, til store IT-system, databasar og nettportalar. I dag er vi heilt avhengige av at informasjonsteknologien fungerer, og ved å studere informatikk lærer du kvifor og korleis

Du lærer å formulere problemstillingar på ein presis måte og å finne fram til kjernen av problemet uansett om det dreier seg om klimamodellering, aksjehandel, medisinsk bildehandsaming, eller eit nytt strategispel.

Data science er ei samling av metodar med føremål å trekkje ut kunnskap frå ulike typar data. I løpet av studiet vil du få ei oversikt over alle trinna i data science-prosessen, inkludert datainnsamling, dataførebuing, datahandsaming, dataanalyse med statistikk, maskinlærings- og visualiseringsmetodar, å implementere data science-løysingar og studere etiske og samfunnsproblem relatert til data science. Eit stort fokus er ei forståing for det teoretiske grunnlaget til maskinlæring og eit sett av konkrete algoritmar, programmering og bruk på reelle datasett. 

Sjølv om teknologien endrar seg, vil kompetansen og forståinga for teknologi som du får i løpet av studiet vere tidlaus.  

Meir informasjon under

Informatikk åpner en ny verden

Producer:
Joakim Birkelund

Jobb 

Som utdanna informatikar er du kvalifisert for spanande og varierte jobbar.

Du kan jobbe i 

  • IT-bransjen 
  • finans- og bankvesen 
  • oljeindustrien 
  • forsikring 
  • konsulentverksemder 

Her jobbar våre tidlegare studentar no.  

Etter bachelorprogrammet kan du gå vidare til masterprogram i informatikk eller masterprogram i programutvikling ved Institutt for informatikk.  

Les meir om kva du kan jobbe med

Meir informasjon under

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i informatikk: data science er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.  

Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.  

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester, høst  

2.semester, vår  

3.semester, høst   

4.semester, vår  

5.semester, høst  

6.semester, vår  

Studiekvardagen 

Bachelorstudiet i informatikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

Du kjem til å ha teoretiske emne som bygger forståing av problemstillingar og løysingar, og i tillegg praktiske emne med øvingar på datalab. Her vil studentar som har komme lenger i utdanningsløpet rettleie og hjelpe deg til å bli ein god programmerar og problemløysar.  

I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha seks forelesningar og tre seminargrupper. Du vil òg bruke tid på lesesalen med sjølvstudium av pensumlitteraturen.  

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieløpstabellen.  

Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.

Studentane på Institutt for informatikk har eit eige fagutval som blant anna arrangerer faglege og sosiale samankomstar. 

Korleis er det å studere informatikk? Sjå intervju og videoar 

Mentor

Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.

På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!

Meir informasjon under

Mentorordning for førsteårsstudenter

Producer:
Arnt Brandseth

Studiestart

Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.

Les meir om studiestarten

 

Kva lærer du? 

Ein ferdig utdanna student på dette programmet: 

  • har brei kunnskap om både informatikk og matematiske metodar som nyttast for å utvikle avanserte datasystem. 
  • kan analysere, fornye og vidareutvikle eksisterande programvare. 
  • har god kjennskap til og erfaring med verktøy og teknikkar som nyttast i moderne systemutvikling. 

Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet. 

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Spania, Hong Kong, USA eller Tyskland, eller ein annan plass.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

Dette programmet er utgått. Siste opptak til dette programmet via Samordna opptak var høsten 2022.