Hjem

Geovitskap, bachelor, 3 år

Er du interessert i planeten vi bur på, jordskjelv, klima og miljø, naturressursar? Med ein bachelor i geovitskap utdannar du deg for framtidas utfordringar og vil kunne jobbe med miljøvern, klimaendringar, bygging av veg og tunnel, utvinning og forvaltning av naturressursar, lagring av CO2 og mykje meir.
  • Lengde3 År
  • Plassargeologi: 38
    geofysikk: 12
  • OpptakskravREALFA
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Sjå full liste over læringsutbyttet på dette studiet. 

På bachelorstudiet i geovitskap får du brei kunnskap om den geologiske og geofysiske oppbygginga til jordkloden, og lærer å bruke kjemiske, fysiske, biologiske og geologiske prosessar til å forklare korleis jorda har utvikla seg gjennom milliardar av år og framleis endrar seg i dag.  

Med denne utdanninga vil du kunne jobbe med mange samfunnsaktuelle problemstillingar. Viktige spørsmål vi jobbar med ved instituttet er for eksempel: 

  • korleis vi kan tilpasse oss eit grønare energiskifte 
  • årsaker til hyppigare og meir øydeleggande geofarar som flaum og skred 
  • å avgrense klimaendringane vi i dag er vitne til 
  • korleis vi kan tilpasse oss den aukande etterspørselen etter ressursar 
  • kva energiformer vi kan nytte oss av i framtida 

Meir informasjon under

Ta bachelor i geovitenskap

Studiekvardag 

Geovitskap er eit studium på fulltid, som vil seie at du bruker tid på studia tilsvarande ein full jobb (35-40 timar/veke). Ei studieveke kan for eksempel innehalde sjølvstudium, forelesing, øvingar, lab- og feltarbeid. 

For å få ei god grunnutdanning i geovitskap er det nødvendig å reise ut i naturen for å forstå prosessane som har danna landskapet vårt. Våre studentar drar tidleg ut i felt, og vi tilbyr mange kurs som omfattar felt, ekskursjon og tokt.  

Samhaldet mellom studentane ved GEO er unikt. Stor grad av samarbeid, både i undervisningsromma og i feltkursa, gir studentane moglegheit til å knyte tette band. Aktive læringsteknikkar gir tett kontakt mellom studentar og undervisarar, og skaper mange arenaer der det er naturleg med faglege diskusjonar.  

Bachelorprogrammet i geovitskap får kvart år gode tilbakemeldingar frå studentane i spørjeundersøkinga Studiebarometeret. Programmet har fleire gonger blitt kåra til eit av dei beste ved UiB, nettopp fordi studentane trivst med faget, læringsmiljøet og samhaldet. Vi har òg blitt kåra til det beste geofagprogrammet i Noreg. 

Kva kan du jobbe som? 

Samfunnet treng geovitarar innan alle felt der ein har med den faste jorda, geofarar, klima, miljø og energiressursar å gjere, og med ein bachelorgrad i geovitskap kan du blant anna bidra inn mot problemstillingar i 

  • forvaltning (departement, fylke eller kommune) 
  • forsking (universitet/høgskule) 
  • energi- og ressursutvinning (energinæringa) 
  • sikring og førebygging i statlege føretak og konsulentbransjen (Multiconsult, Norconsult, NVE, Statens Vegvesen etc.) 
  • transportbransjen (BANE NOR) 

Meir informasjon under

Geovitenskap gir jobb

Producer:
UiB

Les meir om kva du kan jobbe med 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i geovitskap er eit treårig fulltidsstudium med oppstart i august. Studieprogrammet har to studieretningar, geologi og geofysikk, som inneheld litt forskjellige emne. Dei fleste emna er obligatoriske, men graden inneheld også frie studiepoeng som gir deg moglegheiter til å forme graden ut frå eigne interesser. 

Studieretning: Geologi

Semester 1 

  • Innføring i geologi (GEOV101, 10 studiepoeng) 
  • Brukarkurs i matematikk I (MAT101, 10 studiepoeng) eller Matematikk for naturvitskap (MAT105, 10 studiepoeng) 
  • Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng) 

Semester 2 

  • Geofysiske metodar (GEOV111, 10 studiepoeng) 
  • Ekskursjoner og øvingar i geologi (GEOV102, 10 studiepoeng) 
  • Kjemi grunnkurs (10 studiepoeng) 

Semester 3 

  • Innføring i mineralogi og petrografi (GEOV103, 10 studiepoeng) 
  • Innføring i sedimentologi (GEOV107, 10 studiepoeng) 
  • V alemne (10 studiepoeng) 

Semester 4 

  • Innføring i strukturgeologi og tektonikk (GEOV104, 10 studiepoeng) 
  • Innføring i geokjemi (GEOV109, 10 studiepoeng) 
  • Examen philosophicum – seminarmodell (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng) 

Semester 5 

  • Valemne (10 studiepoeng) 
  • Innføring i geobiologi (GEOV114, 10 studiepoeng) 
  • Innføring i eksogene prosessar og paleoklima (GEOV110, 10 studiepoeng) 

Semester 6 

  • Tre valemne eller utveksling (30 studiepoeng) 

 

Studieretning: Geofysikk

Semester 1 

  • Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)
  • Innføring i geologi (GEOV101, 10 studiepoeng)
  • Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)

Semester 2 

  • Geofysiske metodar (GEOV111, 10 studiepoeng)
  • Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)
  • Mekanikk 1 (PHYS111, 10 studiepoeng)

Semester 3 

  • Den faste jordas fysikk (GEOV112, 10 studiepoeng)
  • Refleksjonsseismisk datainnsamling og prosessering (GEOV113, 10 studiepoeng)
  • Valemne (10 studiepoeng) 

Semester 4 

  • Valemne 1 (10 studiepoeng) 
  • Global og anvendt geofysikk (GEOV265, 10 studiepoeng) 
  • Valemne 1 (10 studiepoeng) 

Semester 5 

  • Valemne 2 (10 studiepoeng) 
  • Examen philosophicum – seminarmodell (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng) 
  • Valemne 2 (10 studiepoeng) 

Semester 6 

Tre valemne eller utveksling (30 studiepoeng) 

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på heimesida til kvart emne.

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Geovitskap er eit internasjonalt fagfelt, så vi oppmodar til å reise på utveksling i sjette semester. 

Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Tsjekkia, Tyskland, Danmark, Sveits, Frankrike, Nederland, Spania, Irland, Italia, Hellas eller Storbritannia, eller velje blant UiB sine sentrale avtalar.  

Det er òg mogleg å ta emne eller eit semester på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Mange av studentane på bachelorgrad går vidare til ein mastergrad i geovitskap. 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen 

Søk her