Hjem
Utdanning
Studieretning

Geologi

  • Lengde3 År
  • Ordinær50,1
  • Primær47,5
  • Plassar38
  • Studiepoeng180

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Mål

Bachelorprogrammet i Geovitskap retning geologi skal formidle ei brei og grunnleggjande forståing av geologiske metodar og tenkemåtar slik at kunnskapen kan nyttast til undervisning i geologi, arbeid i felt og laboratorium, i dataassistert modellering og til vidare studiar i geologi eller tilgrensande fag som geofysikk.

Innhald

Bachelorprogrammet gjev ei oversikt over den faste jord si samansetning og korleis jorda har utvikla seg i tid og rom på global, regional og lokal målestokk. Programmet baserer seg i stor grad på direkte observasjonar og skildringar av bergartar og lausmasser i naturen, samt innsamling og analyse av feltdata.

Studiet tek opp tema som er aktuelle for notida og framtida, som korleis naturressursar vert danna og utvunne, kva for konsekvensar dei geologiske prosessane har for miljø og klima, samspelet mellom naturlege og menneskeskapte endringar, og naturkatastrofar som til dømes jordskjelv, flaum, ras, skred og vulkanutbrot.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar,

ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • kjenner fundamentale omgrep innan geologisk terminologi
  • kan gjere greie for geofaget si rolle i samfunnet og utfordringar innan miljø, ressursar, klima, energi og geofarer
  • kan greie ut om jorda si oppbygning og dynamikk, samt dei indre og ytre prosessane som former jordskorpa
  • kan forklare geologiske prosessar i tid og rom
  • kan gjere greie for biosfæren som komponent i geosystemet
  • kan gjere greie for vanlege geologiske undersøkingsmetodar og prinsippa for desse
  • kan gjere greie for vanlege mineral, bergartar, samt forklare ein bergart si danning og utviklingshistorie
  • kan lage sedimentologiske loggar og geologiske profil på grunnlag av eigne observasjonar
  • kan tolke sedimentære avsetningar og strukturar i høve til paleomiljø
  • kan gjere greie for jorda si klimautvikling gjennom dei siste få millionar år, til vår eiga tid og inn i framtida
  • kjenne til korleis geologiske prosessar kan undersøkast i tid og rom gjennom numeriske metodar.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan anvende grunnleggjande felt- og laboratoriemetodar
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
  • kan beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og terminologi
  • kan jobbe systematisk og analytisk med relevante problemstillingar og datasett
  • kan anvende grunnleggande programmeringsverktøy

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan vise samarbeidsevne ved å løyse faglege problemstillingar med andre
  • kan grunnleggjande programmering og kjenner til programmeringsverktøy
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan reflektere og tenke kritisk over eige arbeid og faglege omgrep
  • kan utføre laboratorie- og feltarbeid i samsvar med god HMS-praksis
  • kan sette seg inn etiske aspekt ved faglege problemstillingar og anvende god etisk skikk i bruk av fagleg litteratur

Utveksling

Delstudium i utlandet

Det er i dag moglegheiter for delstudiar i ulike deler av verden; Norden (f.eks. Danmark & Island), Europa (f.eks. Frankrike, Irland, Nederland, Spania, Storbritannia, Sveits, Tsjekkia & Tyskland), i tillegg til at ein har moglegheit til å søke på universitetet sine generelle avtalar utanfor Europa (f.eks. USA & Australia). Studentar vert anbefalt å reise ut i 6.semester. Studium i utlandet krev ein del planlegging, ta derfor kontakt med studierettleiaren på programmet ditt så tidleg som mogleg. I tillegg til utvekslingslanda nemnd over bør og Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) nemnast. UNIS gir moglegheit for studiar i unike geologiske omgjevnadar. For innpass av eit eller to semester ved UNIS, ta kontakt med studierettleiar.

Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:

<a href=https://www.uib.no/student/48724/slik-reiser-du-p%C3%A5-utveksling>Slik reiser du på utveksling | Studentsider | UiB</a>

Studentar ved GEO vil bli prioritert på de anbefalte utvekslingsavtalane for Geovitskap:

<a href=https://www.uib.no/studier/BAMN-GEOV/utveksling>Anbefalte utvekslingsavtalar for Geovitskap, bachelor, 3 år | Universitetet i Bergen (uib.no)</a>

Studentar ved GEO kan søke på alle utvekslingsavtalane til Universitetet i Bergen, men emnetilboda vil variere og nokon avtalar vil prioritere studentar innanfor andre fagfelt:

<a href=https://www.uib.no/utvekslingsavtaler>Finn utvekslingsavtaler | Studentsider | UiB</a>

Korleis søke

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og REALFA:

Matematikk R1 (eller S1 og S2) og i tillegg anten:

Matematikk R2 eller

Fysikk 1 og 2 eller

Kjemi 1 og 2 eller

Biologi 1 og 2 eller

Informasjonsteknologi 1 og 2 eller

Geofag 1 og 2 eller

Teknologi og forskningslære 1 og 2

Søknadsfrist er 15. april.

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen