Hjem

Matematikk, bachelor, 3 år

Matematikk er nødvendig for å forstå og løyse dagens utfordringar innan klima og fornybar energi, men trengst òg for å forklare meir abstrakte problem som for eksempel Einsteins relativitetsteori eller superstrengteorien. Moderne teknologi, slik som kvantedatamaskinar og fusjon, er heilt avhengig av matematikk for å vidareutvikle framtidas samfunn. Nokon av dei viktigaste eigenskapane du treng for å studere matematikk, er nysgjerrigheit og trong til utforsking.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar15
  • OpptakskravREALR2
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

I løpet av studietida får du 

  • grunnleggande kunnskapar i matematisk analyse, lineær algebra, abstrakt algebra og topologi  
  • valfridom til å fordjupe deg i dei delar av matematikken du finn mest interessant,  eller bruke dei mange valfaga til å kombinere matematikk med for eksempel fysikk, informatikk, andre realfag eller fag frå andre fakultet  
  • solid kjennskap i å lese og forstå matematiske tekstar og å skrive eit eige prosjektarbeid innan eit valfritt tema 
  • eit godt utgangspunkt for vidare masterstudium innan fleire greiner av matematikk eller andre realfag  
  • ein ettertrakta analytisk kompetanse for arbeidslivet som kan brukast innanfor mange ulike bransjar, som for eksempel teknologi, økonomi, kunst, marknadsføring, forsking eller medisin 

Studiekvardag 

Du vil tilhøyre matematisk institutt, kor du blir ein del av eit godt studiemiljø. Instituttet har ei studentforeining som arrangerer sosiale samlingar som for eksempel spillkveldar, hytteturar, pub-foredrag, eksamensfestar og idrettsarrangement.

Våre studentar set stor pris på fridomen i studiekvardagen. Studentane er flinke til å hjelpe kvarandre og fleire jobbar saman i mindre grupper. Vil du ta delar av graden din i utlandet, tilbyr vi mange ulike utvekslingsavtalar. Her kan du lese meir om våre utvekslingsavtalar.

Bachelorprogrammet er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Ei typisk veke kan ha 18-24 timar med undervisning i form av forelesingar og seminar- og reknegrupper. I tillegg må du rekne med sjølvstudium som lesing,  kollokviegrupper og mindre grupper, der ein eldre student er til stades for å hjelpe deg. 

Som ny realfagsstudent blir du med i ei mentorgruppe gjennom heile det første studieåret. Ho vert leia av to mentorar som er erfarne studentar du kan spørje om kva som helst. I mentormøta diskuterer du tema som studieteknikk, studentliv, eksamens- og stressmeistring, samtidig som du blir godt kjent med medstudentane dine. Slik vil du raskare lære kva det vil seie å studere på eit universitet, og korleis det er å vere student.  Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet! 

Kva kan du jobbe som? 

Matematikarar jobbar i bedrifter og offentlege verksemder som treng medarbeidarar som kan jobbe med tal og analyse, samt utvikle modellar og bruke matematiske metodar. 

Studentane våre jobbar for eksempel  

  • i konsulentbyrå som SAFETEC, Det Norske Veritas AS og Oliver Wyman  
  • med forsking og undervisning på lærar- og ingeniørhøgskolar, i forskingsinstitutt (Havforskingsinstituttet, Norsk reknesentral og liknande) og på universitet 
  • med kryptografi og sikkerheit, for eksempel hos Simula og forsvarets forsking.  

Opptakskrav og søknadsfrist 

Generell studiekompetanse og REALR2:

Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) + R2 og i tillegg anten

  • Fysikk 1 + 2 eller
  • Kjemi 1 + 2 eller
  • Biologi 1 + 2 eller
  • Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
  • Geofag 1 + 2 eller
  • Teknologi og forskningslære 1 + 2

Søknadsfristen er 15. april. Søk her

Studiets oppbygging 

Slik kan studiet sjå ut:   

1. semester:    

  • Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)  
  • Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)  
  • Innføring i matematikk (MAT100**, 10 studiepoeng) 

2. semester:    

  • Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng)  
  • Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)  
  • valfritt emne (10 studiepoeng)  

3. semester:   

  • Reell analyse (MAT211, 10 studiepoeng)  
  • Funksjonar av fleire variable (MAT212, 10 studiepoeng)  
  • valfritt emne (10 studiepoeng)  

4. semester: 

  • Algebra (MAT220, 10 studiepoeng) 
  • Komplekse funksjonar (MAT213*, 10 studiepoeng) 
  • Exphil (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng)  

5. semester:  

  • Kommutativ algebra (MAT224*, 10 studiepoeng) 
  • Topologi (MAT242*, 10 studiepoeng) 
  • valfritt emne (10 studiepoeng)  

6. semester:   

  • Prosjektarbeid i matematikk (MAT292, 10 studiepoeng)  
  • Mangfaldigheiter (MAT243*, 10 studiepoeng)  
  • valfritt emne (10 studiepoeng)  

* Berre eitt av emna trengst for å oppnå ein bachelorgrad i matematikk, men alle fire er anbefalt. Minst to av emna trengst for opptak til master i Matematikk.  

** Innføringsemne, men ikkje obligatorisk for graden/spesialiseringa

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Du kan reise på utveksling som del av dette studieprogrammet. Fjerde, femte og/eller sjette semester er best eigna for utanlandsopphald. Vi har utvekslingsavtalar med universitet i USA, Tyskland, Italia, Spania, Frankrike, England, Nederland, Austerrike og Danmark. Her kan du lese om Sven si oppleving som utvekslingsstudent ved Berkeley i USA.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Ei naturleg fortsetting på bachelorstudiet er masterprogrammet i matematikk. Du vil vere kvalifisert til ei rekke andre masterprogram også, avhengig av valemna i bachelorgraden din. Med ein mastergrad blir du meir attraktiv på arbeidsmarknaden. 

Studieplan 

Les heile studieplanen