Hjem

Tannpleie, bachelor, 3 år

Bachelor i tannpleie fører fram til autorisasjon som tannpleiar. Tannpleiaren undersøker tenner og munnhole, reingjer, fjernar tannstein, tar røntgenbilete, diagnostiserer tannsjukdom og underviser. Som tannpleiar sørger du for at folk i alle aldrar får den kunnskapen dei treng for å ta best mogleg vare på tannhelsa si.
  • Lengde3 År
  • Ordinær48,8
  • Primær44,6
  • Plassar32
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

 

Meir informasjon under

Tannpleie

Producer:
Martin Nyhammer

Kva lærer du? 

På tannpleiestudiet lærer du å gi rettleiing til enkeltpasientar og grupper og å bidra til å førebygge sjukdommar i munnhole og fremme tannhelse. Du lærer å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre. Du lærer også om rolla Den offentlege tannhelsetenesta spelar i det systematiske tannhelsefremmande arbeidet i Norge. I tillegg til odontologiske og naturvitskapelege fag består tannpleiestudiet av samfunnsfag og pedagogikk/psykologi. 

Med ein bachelorgrad i tannpleie får du brei kunnskap om helserelaterte basalfag, fag innanfor folkehelse og odontologiske kliniske fag. Du skal kunne 

  • undersøke tenner og munnhole 
  • ta opptak av og granske røntgenbilete 
  • diagnostisere tannsjukdom klinisk og ved bruk av røntgenbilete 
  • behandle tannkjøttssjukdommar 
  • sette lokalbedøving 
  • undersøke bitt 
  • legge midlertidige fyllingar 
  • utføre profesjonell tannreingjering 
  • kommunisere godt med pasientar og pårørande 

Les heile lista over læringsutbytte 

Studiekvardag 

Som tannpleiestudent har du om lag 30 timar undervisning i veka, og størstedelen av undervisninga er obligatorisk. Gjennom studiet øver du på behandlingsteknikkar på modellar og behandlar pasientar under rettleiing. Allereie første studieår vil du begynne med praksis og møte pasientar. 

Undervisninga er lagt opp som 

  • forelesingar 
  • seminargrupper 
  • laboratorium og praktiske øvingar 
  • skriving av bacheloroppgåve 
  • praksis ved Universitetstannklinikken 
  • praksis i Den offentlege tannhelsetenesta 

I tillegg må du lese på eiga hand. Du må vere budd på å vere til stades på studiet frå klokka 8 til 16 dei fleste dagane. Som ny student får du tilbod om å delta i ei mentorgruppe.   

Årskulla på tannpleiestudiet er på omkring 30 studentar. Mykje av den kliniske ferdigheitstreninga blir undervist i mindre grupper. Du vil også ha undervisning med studentar som har kome lengre på studiet. Studentmiljøet på tannpleiestudiet er aktivt og sosialt, og det er mange studentorganisasjonar du kan engasjere deg i. 

Retningslinjer vedrørende arbeidstøy under studiet: Studentene skal bruke arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkene. Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort arm for å sikre adekvat håndhygiene. Religiøse hodeplagg som brukes i klinikken anses som arbeidstøy, og følger regler for arbeidstøy. Alt arbeidstøy eies av Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet lånes ut til studentene. Se her for mer informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk.

Meir informasjon under

Hvordan er det å studere tannpleie ved UiB?

Producer:
Stine Mari Velsvik

Kva kan du jobbe som? 

Fullført bachelorgrad gir grunnlag for autorisasjon som tannpleiar frå Helsedirektoratet. Autorisasjonen er eit bevis på at du har ei offentleg godkjent tannpleiarutdanning. 

Arbeidsmoglegheitene for tannpleiarar er gode. Du får eit yrke som er rikt på utfordringar og med ordna arbeidstid. 

Tannpleiaren er ofte den første som møter pasienten på tannklinikken. Tannpleiarar jobbar både i offentleg og privat sektor. Som autorisert tannpleiar er det også mogleg å etablere eigen tannklinikk. Tannpleiarar jobbar også på skular, helsestasjonar og andre omsorgsinstitusjonar. Nokre driv forsking, underviser eller jobbar med administrasjon. Tannpleiarar speler ei viktig rolle i tannhelseteamet og samarbeider ofte tett med andre helsearbeidarar. 

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her

Studiets oppbygging 

Bachelorstudiet i tannpleie er eit treårig fulltidsstudium som startar i august kvart år.    

På tannpleiestudiet blir det diskutert spørsmål som:   

  • Korleis førebygge sjukdommar i tenner og munn? 
  • Korleis verkar kosthald inn på tann- og munnhelse? 
  • Korleis verkar sjukdommar i munnen på resten av  kroppen? 
  • Kan tannbleiking skade tennene? 

Slik er studiet lagt opp:  

Første studieår: I løpet av det første studieåret vil du ha teoretiske fag som kjemi og biokjemi, anatomi og  tannanatomi. Du vil også ha undervisning i fysiologi og ernæring, patologi, mikrobiologi, hygiene, og røntgen- og medisinlære. Du har praktisk undervisning på Odontologisk ferdigheitssenter som førebuing til pasientbehandling: Først trener du på modellar og deretter får du behandle vaksne pasientar under rettleiing. Du lærer også å behandle pasientar med tannlegeskrekk. Ex.phil.* høyrer også med til første studieår.   

Andre studieår: På andre studieår vil du lære om sjukdommar i kjeve- og slimhinner, tannstillingsfeil, korleis tapte tenner kan erstattast med kunstige tenner og om korleis du behandlar sjukdom i tenner og støttevev. Du får trening i å sette bedøving og går i gang med å behandle barn og eldre på klinikken i tillegg til vaksne pasientar. Dyktige lærarar vil hjelpe og rettleie deg i det kliniske arbeidet. Du lærer om tann- og munnhelse i eit samfunnshelseperspektiv, og får ei innføring i regelverket som gjeld for støtte til tannbehandling. 

Tredje studieår: På siste studieår vil du bruke mykje tid på å øve på behandling av pasientar i alle aldrar på dei ulike odontologiske tannklinikkane. Du vil lære korleis du oppnår eit tillitsforhold til pasientane ved hjelp av psykologiske teknikkar, og korleis du kan drive tann- og munnhelsefremmande undervisning og rettleiing. Det vert også fokusert på korleis du som tannpleiar kan inngå i eit tverrfagleg helsepersonellteam for pasientane. I siste semester vil du ha eit fire veker langt praksisopphald ved ein klinikk i Den offentlege tannhelsetenesta. UiB skaffar praksisplassar over heile landet. I løpet av studieåret skal du skrive ei bacheloroppgåve om eit tema du vel sjølv.   

Du finn detaljert timeplan og litteraturliste på kvart emne i emneoversikta. 

*Ex.phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle grunnstudium ved UiB. 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling om hausten på tredje studieår. Du kan reise til avtaleuniversitet i Danmark eller Sverige.  

Les meir om utveksling på tannpleiestudiet 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter fullført bachelorgrad kan du søke deg videre til ulike masterprogram, eksempelvis: 

Ta kontakt med studierettleiar for alle moglegheitene. 

Med mastergrad kan du søke opptak til ph.d.-programmet

NB! Du kan ikkje bygge på bachelor i tannpleie til master i odontologi (tannlegeutdanninga). 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 64 00 (open 12.00 - 14.00 kvardagar) 

E-post: info.med@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast. 

Lenke til studieplanen