Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap fører fram til graden bachelor i kognitiv vitskap.

Omfang og studiepoeng

Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Kognitiv vitskap er eit fagfelt som studerer intelligente system, korleis dei er bygde opp, korleis dei ulike delane av slike system fungerer, og korleis delane samspeler for å frambringe det vi normalt kallar tenking. Typiske tema ein ser på er kunnskapsrepresentasjon, resonnering, minne, språk, sansing og emosjonar. Psykologi er sjølvsagt ein viktig del av dette, men viktig er og kunstig intelligente system på datamaskiner. Datamaskina gjev oss høve til forme modellar av dei ulike sidene ved intelligens og simulere desse for på den måten å få ei betre forståing av kva intelligens er for noko.

Kognitiv vitskap er tverrfagleg og tek opp i seg element frå informatikk, informasjonsvitskap, lingvistikk, psykologi og filosofi. Desse vitskapane har sine eigne perspektiv på dei fenomena ein studerer i kognitiv vitskap og gjev ulike bidrag til forståinga av dei. Sentralt i faget står logikk, lingvistikk, kognitiv psykologi og sinnsfilosofi. Kunnskap om programmering av datamaskiner er viktig både som metode og frå eit teoretisk perspektiv. Viktige element er og andre metodiske komponentar som statistikk og diskrete strukturar.

På bachelorstudiet i kognitiv vitskap kan du mellom anna studere følgjande tema:

  • Programmering
  • Språkvitskap (lingvistikk)
  • Språk og data
  • Biologisk og kognitiv psykologi
  • Sinnsfilosofi
  • Logikk
  • Kunstig intelligens

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten

  • har brei teoretisk forståing av korleis kognitive system er bygd opp
  • forstår korleis systema fungerer, både hos menneske og i datamaskiner
  • forstår korleis ein kan programmere og eksperimentere med kognitive system i datamaskiner ved bruk av teknikkar frå logikk, kunstig intelligens og datalingvistikk
  • har eit humanistisk perspektiv på kognisjon tatt i vare ved ei innføring i kognitiv psykologi og sinnsfilosofi

Dugleikar:

Kandidaten

  • kan reflektere kritisk omkring den forståinga vi har av kognitive prosessar og korleis dei er bygd opp
  • har dugleikar og erfaring innanfor programmering og datahandsaming retta mot utviking av kunstig intelligente datasystem, resonnerande programvare og språkteknologi
  • kan analysere teknologiar for denne typen datasystem
  • kan gjere statistisk analyse av data omkring kognitive fenomen

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan analysere, evaluere og forstå kognitive prosessar, språk, og andre komplekse fenomen med relasjon til menneskeleg åtferd
  • kan arbeide innan fagfeltet kognitiv vitskap, gjerne med spesialisering i informatikk, informasjonsvitskap eller filosofi
  • kan bidra som ikt-systemutviklar i ulike typar roller, i eit spenn som omfattar alt frå kommunikasjon med brukar til avansert teknisk utvikling
  • kan samarbeide i gruppe- og prosjektarbeid
  • kan utforme skriftlege rapporter og dokumentasjon og stå for munnleg framlegging av eige arbeid

Innføringsemne

INF100 og EXFAC00SK er obligatoriske innføringsemne for å oppnå ein bachelorgrad i kognitiv vitskap.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester

  • KOGVIT101 Introduction to the Cognitive Sciences
  • INF100 Innføring i programmering
  • EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon

2. semester

  • KOGSTAT Statistikk for kognisjonsforsking
  • LOG110 Introduksjon til formal logikk
  • LOG111 Førsteordens logikk
  • INF101 Objektorientert programmering

3. semester

  • LING122 Språk og kognisjon
  • INFO282 Knowledge Representation and Reasoning
  • INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering

4. semester

5. og 6. semester

  • I femte semester vel du spesialisering innan informatikk, informasjonsvitskap eller filosofi:

Informasjonsvitskap

  • INFO180 Metodar i kunstig intelligens
  • 40 studiepoeng INFO-emne på 100- og 200-nivå (ikkje INFO100 og INFO132)
  • 10 valfrie studiepoeng

Informatikk

  • INF122 Funksjonell programmering
  • MAT111 Grunnkurs i matematikk I
  • INF223 Kategoriteori
  • INF227 Innføring i logikk
  • MAT121 Lineær algebra
  • Valfritt emne (gjerne innan data, matematikk, eller INFO180)

Filosofi

  • FIL121 Filosofihistoria frå opplysingstida til 1900-talet
  • FIL129 Filosofiske klassikarar
  • FIL120 Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida
  • FIL251 Bacheloroppgåve i filosofi

Valfrie emne

Om du ikkje ønsker å ta ein av dei tre spesialiseringene (informasjonsvitskap, informatikk eller filosofi) kan du søke om å velje andre emne i femte og sjette semester. Ta kontakt med studierettleiar om du har spørsmål eller treng rettleiing om emneval.

Delstudium i utlandet

Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, seminarundervisning og undervisning/rettleiing på datalab.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: skriftleg skuleksamen, munnleg eksamen, karaktersette oppgåver og mappeevaluering.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil kvalifisere deg for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap (MASV-INFO), informatikk (MAMN-INF), filosofi (MAHF-FILO), eller felles masterprogram i programutvikling (MAMN-PROG), alt etter kva du vel for spesialisering.

Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til master i informasjonsvitskap:

Studieplan i Kognitiv vitskap frå før 2019: KOGVIT101, INF100, INFO102, INFO282, INFO283, 50 studiepoeng i informasjonsvitskap (kan ikkje være INFO100, eller INFO132).

Studieplan i Kognitiv vitskap frå 2019 og seinare: KOGVIT101, INF100, INF101, INFO282, INF122, INFO180, 50 studiepoeng i informasjonsvitskap (kan ikkje være INFO100, eller INFO132).

Sjå studieprogramsidene til masterprogramma for meir informasjon om opptakskrav.

Relevans for arbeidsliv

Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tileigne deg både ein yrkesrelevant IT-kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Det gir deg ein dobbel kompetanse som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden. Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet.

Studiet kan òg byggast ut med masterstudium i fleire retningar, som kvalifiserer for forsking og undervisning innanfor universitets- og høgskolesektoren.

I den siste delen av studieprogrammet kan du spesialisere deg ut frå interessene dine. Du kan velje å lære informasjonsbehandling og programmering, som er ettertrakta i mange stillingar i industrien og i offentleg sektor. Du kan òg orientere deg meir mot teknologiske nyvinningar innanfor ulike kunstig intelligens-tema, noko som vil gje deg ferdigheiter som er etterspurt hos selskap som satsar på slik teknologi. Aktørar som Google, Microsoft, IBM og Apple er i dag svært opptatt av kunstig intelligens.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitenskap

studieveileder@ifi.uib.no