Hjem

Italiensk, master, 2 år

Bli med på ei unik reise gjennom det moderne Italia og utvid dine horisontar med oss. På masterprogrammet ser vi nærmare på moderne litteratur, språk og kultur i ein internasjonal kontekst. Du vil også ta del i grundig litteraturkritikk og i sosiolingvistiske og pragmatiske analysar av film, media og politisk språk.
  • Lengde2 År
  • Plassar3
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkItaliensk, norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (i oddetallsår)

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Italia er humanismens vogge og landet har alltid stått sentralt i Europa si politiske, religiøse og kulturelle historie. Med masterprogrammet i italiensk kan du gå grundig til verks i studiet av det italienske språket og italiensk litteratur. Du får blant anna sette deg inn i og kritisk vurdere teoriar, metodar og tolkingar i dei to fagfelta. Det vert brukt tid og ressursar på å gi deg kunnskap i dei sentrale problemstillingane og metodane innanfor litteratur- og språkvitskap.  

Italienskstudiet gir varierte innfallsvinklar, men det er rom for fordjuping i det du synest er mest interessant. Du vel tema for oppgåva i samråd med ein rettleiar. Som i all forsking kan det vere aktuelt for deg å samle inn data til masteroppgåva. Då kan du søke instituttet om økonomisk stønad. Dei fleste vel å reise til Italia på feltarbeid.

Studiekvardag 

I det første studieåret vil du følge fire emne med eigne forelesingar og seminargrupper. Deretter begynner sjølve arbeidet med masteroppgåva. I den perioden vil fagmiljøet jamleg invitere studentane til fellesseminar. Då kan studentane gi tilbakemeldingar på kvarandre sine prosjekt, samt få høve til øving i presentasjon og fagleg diskusjon. Masterstudentane vert også invitert til ulike fagarrangement på høgare nivå (gjesteforelesingar, seminar og konferansar). Som masterstudent kan du om ønskeleg bli medlem av ei forskargruppe.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.

Kva kan du jobbe som? 

Gode kunnskapar i italiensk er etterspurt. Italia er ein viktig handelspartnar for Noreg, og det finst difor mange ulike jobbar i knutepunktet mellom dei to landa, særleg innan nærings- og kulturliv.  

Tidlegare masterstudentar har funne jobb innan  

  • forsking  
  • undervisning 
  • saksbehandling  
  •  kulturbransjen  
  •  turisme  
  • forretningsdrift og handel 
  • forlagsbransjen   
  • omsetting  

Med ein mastergrad kan du handtere og strukturere større mengde informasjon. Kombinasjonen av språk og kulturkunnskap er viktige kvalitetar du tar med deg på arbeidsmarknaden.

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet

Søknadsfristen er 15. april.  

Studiets oppbygging 

Eit masterprogram i italiensk kan sjå slik ut:  

1. semester   

2. semester  

3. og 4. semester 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i det andre semesteret ditt. Då kan du erstatte emna du skulle tatt ved UiB med eit delstudium i Italia. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Med ei masterutdanning er det mogleg å gå vidare med ei ph.d.-utdanning som skal føre til ein doktorgrad (ph.d.). Med ein doktorgrad kan du kvalifisere til stillingar innanfor universitets- og høgskulesektoren. Viss du kombinerer ein mastergrad med praktisk pedagogisk utdanning (PPU) vil du få undervisningskompetanse. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studieveileder.if@uib.no

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen her