Hjem

Kinesisk, master 2 år

Masterprogrammet i kinesisk skal møte det aukande behovet for å utvikle ny kunnskap innan kinesisk språk og tverrkulturell kommunikasjon.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, kinesisk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (i partallsår)

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Gjennom masterprogrammet i kinesisk vil du bygge eit teoretisk grunnlag i kinesisk språk, litteratur og kultur, og deira kryssingspunkt, spesielt relatert til Kina-studium. Programmet er delt i tre kjerneområde: Anvendt lingvistikk og sosiolingvistikk, komparative litteraturstudium og kulturell kompetanse. Masteroppgåva du skal skrive, vil høyre til eitt av desse områda. 

Du vil bli i stand til å utføre uavhengig, akademisk arbeid og løyse problem ved å vurdere teoriar, metodar og tolkingar innan fagdisiplinen. Gjennom to år vil du utvikle både overførbare kunnskapar og spesialisering i å strukturere og kommunisere idear effektivt, både munnleg og skriftleg på kinesisk.  

Studiekvardag 

På dette studieprogrammet blir du ein del av eit mangfaldig fagmiljø. Sjølv om studiemiljøet på kinesisk er lite, blir du ein del av heile miljøet til masterstudentar ved instituttet.  

Undervisninga består av forelesingar og seminargrupper. Alle delar av studiet er obligatoriske, men i andre semester er det mogleg å velje blant ulike fag, både innanfor kinesisk og utanfor sjølve fagområdet. Du har stor grad av fridom til å velje tema for masteroppgåva, og fagmiljøet i kinesisk er alltid klart for å diskutere moglege tema med deg. Som masterstudent vil du få eigen lesesalsplass. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.    

Kva kan du jobbe som? 

Ein master i kinesiske studium gjer deg kvalifisert for stillingar som krev gode kunnskapar innan språk og kultur innanfor eit spesifikt land eller region.  

Dette kan for eksempel vere innan  

  • offentleg forvaltning 
  • norsk og internasjonalt næringsliv 
  • import/eksport av for eksempel sjømat 
  • utanrikstenesta(diplomati, ambassade og konsulat)  
  • ideelle organisasjonar 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. April.

Studiets oppbygging 

Programmet varer i to akademiske år (fire semester) og startar om hausten.  

1. semester  

2.semester 

3. og 4. semester    

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er mogleg å reise på feltarbeid under arbeidet med masteroppgåva, som er i tredje og fjerde semester av masterprogrammet. Du kan søke Institutt for framandspråk om økonomisk stønad.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Fullfører du masterprogrammet med gode resultat, kan du søke om opptak til doktorgradsstudium

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar@if.uib.no   

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen her