Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i engelsk - integrert praktisk-pedagogisk utdanning

Master i fransk - integrert praktisk-pedagogisk utdanning

Master i spansk - integrert praktisk-pedagogisk utdanning

Master i tysk - integrert praktisk-pedagogisk utdanning

Omfang og studiepoeng

Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk, spansk eller tysk) har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisninga i fag I (engelsk, fransk, spansk eller tysk) vil oftast vere på det aktuelle språket, men kan også vere på norsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk, spansk eller tysk) utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skolen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i engelsk/fransk/spansk/tysk (fag I) og eitt anna universitetsfag (fag II) med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.

Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skolen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn. Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.

Studiet skal gi ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, om skolefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving.

Framandspråkstudiet skal både gi teoretisk kunnskap og utvikle evne til å kommunisere godt. Emna kan her vere knytte til blant anna språkstruktur, språket i bruk, språkhistorie, omsetjing og grammatisk analyse. Eit språkstudium er også studium av kultur og samfunnstilhøve . Gjennom arbeid med ulike medium er det eit mål å gjere studentane kjende med litteraturen og med sosiale, kulturelle og politiske tilhøve i dei aktuelle språkområda. På høgare nivå i studiet kan studentane spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne. I det siste året arbeider ein med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid skrive under rettleiing.

Som det andre faget i utdanninga vel ein eitt av faga engelsk, fransk, historie, sosiologi, nordisk, religionsvitskap, spansk eller tysk. Alle desse faga har òg eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har avansert kunnskap i dei valde faga og spesialisert innsikt i eit profesjonsrelevant fagområde
  • har inngåande kunnskap om vitskaplege problemstillingar, forskingsteoriar og -metodar i faglege, fagdidaktiske og pedagogiske spørsmål
  • har inngåande kunnskap om relevant forskingslitteratur og gjeldande lov- og planverk, og kan nytte denne på nye område som er relevante for profesjonsutøvinga
  • har kunnskap om utvikling av skolen som organisasjon og faga som skole-, kultur-, og forskingsfag og brei forståing for skolen sitt mandat, verdigrunnlaget i opplæringa og i opplæringsløpet
  • har kunnskap om ungdomskultur og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar
  • har kunnskap om ungdom i vanskelege situasjonar og om rettane deira i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har kunnskap om samiske tilhøve

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan orientere seg i faglitteratur, analysere og ha ei kritisk haldning til informasjonskjelder og eksisterande teoriar i fagområda
  • kan bruke faglitteratur og andre relevante informasjonskjelder til å strukturere og formulere faglege resonnement på ulike område
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa og profesjonsrelevant forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan nytte forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande dugleikar og planlegge og leie undervisning på ulike læringsarenaer som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
  • kan på eit sjølvstendig og fagleg grunnlag bruke varierte arbeidsmetodar og relevante metodar frå forsking og fagleg utviklingsarbeid til å differensiere læringsarbeidet
  • kan tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
  • kan ha ei kritisk tilnærming til digitale verktøy og nytte dei i undervisning, planlegging og kommunikasjon og rettleie unge i den digitale kvardagen
  • kan vurdere og dokumentere elevar si læring og kompetansen deira, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
  • kan gjere greie for teoriar om språklæring, språk, kultur og litteratur
  • kan faget godt nok til å vere trygg i undervisningssamanheng, og kan kommunisere godt i språkfaget/språkfaga
  • kan følgje normene for akademisk skriving i masterfaget

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan bidra til innovasjonsprosessar og nytenking, gjennomføre profesjonsretta fagleg utviklingsarbeid og legge til rette for at ein kan involvere lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv i opplæringa
  • kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytte til profesjonsutøvinga på eit
    høgt fagleg nivå
  • kan opptre profesjonelt og kritisk reflektere over og analysere faglege, profesjonsetiske, forskningsetiske og utdanningspolitiske spørsmål og problemstillingar
  • kan på sjølvstendig grunnlag vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til fagleg og organisatorisk utvikling i skolen og blant kollegaer
  • kan byggje relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket

Opptakskrav

  • Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)
  • Generell studiekompetanse eller realkompetanse (kravkode LÆRALT)

Det er to alternative måter å dekke opptakskravet på.
Du må anten dokumentere:

  • gjennomsnittskarakter 3 eller betre i norsk (393 timar) og
  • gjennomsnittskarakter 4 eller betre i matematikk (224 timar) og
  • minst 35 skulepoeng

eller

  • gjennomsnittskarakter 3 eller betre i norsk (393 timar) og
  • gjennomsnittskarakter 3 eller betre i matematikk (224 timar) og
  • minst 40 skulepoeng.

Du vil og dekke karakterkravet i matematikk viss du har bestått eitt av følgjande programfag: S1, S2, R1 eller R2.

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag er studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole og minimum nivå I/II i fransk, spansk eller tysk frå vidaregåande skole. Studentar som vel nordisk som fag II, bør meistre nynorsk og bokmål godt.

Innføringsemne

Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.

Obligatoriske emne

I programmet inngår obligatoriske emne i fag I, fag II, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte under «Rekkjefølgje for emne i studiet».

Studiet omfattar 100 dagar praksis fordelt over fire av studieåra som er knytt til profesjonsfaget, fag I og fag II. Aktivitetar knytte til praksis er obligatoriske. Sjå emneplan for praksis.

På masterstudiet skal studenten skrive ei masteroppgåve med eit omfang på normalt 70-110 sider, med ein påfølgande munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Emnet for masteroppgåva kan hentast frå alle disiplinar i fag I, inkludert fagdidaktikk. Det er gjort nærare greie for masteroppgåvearbeidet i eigne emneplanar.

Spesialisering

Sjå emnelista under «Rekkjefølgje for emne i studiet» for nærare informasjon.

Tilrådde valemne

Det er ingen valemne i studieprogrammet.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (haust):

Førstesemesterstudiet

- EXPHIL-HFSEM/EXPHIL-HFEKS, Examen philosophicum, 10 stp.

- EXFAC00SK, Språkkunnskap, 10 stp.

- PEDA120, Skulen og lærarolla, 10 stp.

- KOPRA101, 12 dagar praksis

2. semester (vår):

- Fag I 100-nivå, 30 stp.

Engelsk: ENG110 (15 stp.) og ENG125 (15 stp.)

Fransk: FRAN120 (10 stp), FRAN121 (10 stp) og FRAN122 (10 stp)

Spansk: SPLA107 (10 stp), SPLA108 (10 stp) og SPLA109 (10 stp)

Tysk: TYS105 (10 stp.), TYS106 (10 stp.), TYS107 (10 stp.)

3. semester (haust):

- Fag I, 100-nivå, 20 stp:

Engelsk: ENG122 (15stp) og ENG120L (5 stp)

Fransk: FRAN123 (10 stp) og FRAN124 (10 stp)

Spansk: SPLA117 (10 stp) og SPLA118 (10 stp)

Tysk: TYS115 (10 stp.) og TYS116 (10 stp.)

- Fagdidaktikk i fag I: ENGDI101, FRANDI101, SPANDI101 eller TYSDI101 (5 stp.)

- PEDA121 (5 stp.)

- KOPRA102, 8 dagar praksis

4. semester (vår):

- Fag II 100-nivå, 30 stp.

Engelsk: ENG110 (15 stp.) og ENG125 (15 stp.)

Fransk: FRAN120 (10 stp), FRAN121 (10 stp) og FRAN122 (10 stp)

Spansk: SPLA107, SPLA108, SPLA109

Tysk: TYS105 (10 stp.), TYS106 (10 stp.), TYS107 (10 stp.)

Nordisk: NOLI102 og NOSPAN101

Religion: RELV101, RELV105

Historie: HIS101 (15 stp) og HIS102 (15 stp)

Sosiologi: SOS101, MET102

Mogeleg å reise på utveksling

5. semester (haust):

Fag II 100-nivå, 20 stp.

Engelsk: ENG122 (15 stp.) og ENG120L (5 stp.)

Fransk: FRAN123 (10 stp) og FRAN124 (10 stp)

Spansk: SPLA117 og SPLA119

Tysk: TYS115 (10 stp.) og TYS116 (10 stp.)

Nordisk: NOLI103-L og NOSP105

Religion: RELV102, RELV103L

Historie: HIS120 (5 stp) og eitt av emna HIS108/HIS113/HIS114/HIS115/HIS116 (15 stp)

Sosiologi: SOS103-L og SOS105-L eller SOS113-L

- Fagdidaktikk i fag II: ENGDI101, FRANDI101, SPANDI101, TYSDI101, NODI101, RELDI111, HIDID111 eller SAKDI101 (5 stp.)

- PEDA122, 5 stp.

- KOPRA103, 12 dagar praksis

6. semester (vår):

- Fag I 200-nivå, 15 stp

Engelsk: ENG227 (15 stp) eller ENG267 (15 stp)

Fransk: FRAN205/FRAN255 (15 stp) eller FRAN204/FRAN254 (10 stp) og LITTIF200 (5 stp)

Spansk: SPLA207 (10 stp) og SPLA106 (5 stp)

Tysk: TYS201/TYS251 (15 stp) eller TYS206/TYS256 (10 stp) og LITTIF200 (5 stp)

- Fagdidaktikk i fag I: ENGDI201, FRANDI201, SPANDI201 eller TYSDI201 (5 stp.)

- Fag II 200-nivå, 10 stp med bacheloroppgåve

Engelsk: ENG261 (10 stp.) eller ENG263 (10 stp.)

Fransk: FRAN254 (10 stp) eller FRAN255L (10 stp)

Tysk: TYS251L eller TYS256

Spansk: SPLA257

Historie: HIS250L

Religion: RELVI250L

Nordisk: NOLI250-L eller NOSP256-L

Sosiologi: SOS202-L

7. semester (haust):

-Fag I 300-nivå, 25 stp:

Engelsk: ENG341 (10 stp.) eller ENG343 (10 stp.) og ENG339L (5 stp.) og ENG331, eller ENG332 eller ENG333 (10 stp.) Av omsyn til praksisperioden og undervisningstidspunkt for emna ved UiB, tilrår vi følgjande emnekombinasjon for studentar med engelsk som fag i hausten 2023: ENG341, ENG339L og ENG332. Merk at dersom du vel andre kombinasjonar enn dette, så vil undervisning kollidere med praksis.

Fransk: FRAN312 (15 stp) og FRAN307L (10 stp)

Spansk: SPLA311 (10 stp), SPLA312 (10 stp) og SPLA313L (5 stp)

Tysk: TYS307L og TYS309 eller TSAK319 (UiB og NTNU vekslar på emneansvaret for TSAK319)

- Fagdidaktikk i fag II: ENGDI111, FRANDI111, SPANDI111, TYSDI111, NODI111, RELDI112 HIDID112 eller SAKDI111 (5 stp.)

- LAPRA101, 28 dagar praksis

8. semester (vår):

- Fag 1 300-nivå, 10 stp

Engelsk: ENG335 eller ENG337 (10 stp)

Av omsyn til praksisperioden og undervisningstidspunkt for emna ved UiB, tilrår vi ENG337 for studentar med engelsk som fag i våren 2024. Merk at dersom du vel andre kombinasjonar enn dette, så vil undervisning kollidere med praksis.

Fransk: FRAN313L (10 stp) eller FRAN308L (10 stp)

Spansk: SPLA314 (10 stp)

Tysk: TYS311L (10 stp) eller TYS308L (10 stp)

- Fagdidaktikk i fag I: ENGDI301, FRANDI301, SPANDI301 eller TYSDI301 (10 stp.)

- Pedagogikk: 10 stp.

- LAPRA102, 40 dagar praksis

9. semester (haust) og 10. semester (vår):

- Fag I 300-nivå

Masteroppgåve, 60 stp: ENG350 / FRAN350 / SPLA350 / TYS350

Alle emna i kursdelen av master (totalt 60 stp) må være fullførte før innlevering av masteroppgåva.

Delstudium i utlandet

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land. Tilrådd semester for utveksling er 4. semester.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet: http://www.uib.no/studieprogram/MAHF-L%C3%86FR#uib-tabs-utveksling

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Studenten skal gjennom studiet få møte undervisning i ulike former med ulike typar lærings- og refleksjonsaktivitetar (t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, aksjonsforsking, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy). For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skolen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planlegge og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevar si læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

A-F, der F er stryk

greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført lektorutdanning med master i framandspråk med gode resultat kvalifiserer til å søkje om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag.

Relevans for arbeidsliv

Lektorutdanning med master i framandspråk kvalifiserer for tilsetjing på trinn 8-13 i den norske skolen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i to fag og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Programstyret for lektorutdanning har eit overordna koordinerande ansvar.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar på programmet: lektor@hf.uib.no, tlf.lektor@hf.uib.no55 58 93 82