Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i nordisk språk og litteratur

Omfang og studiepoeng

120

Undervisningsspråk

Norsk, ev. dansk og svensk, på dei fleste emna. Engelsk kan verte brukt på NOFI-emne.

Mål og innhald

Studiet i nordisk språk og litteratur skal gi kunnskapar på avansert nivå i utvalde vitskaplege disiplinar innanfor nordisk. Nordisk femner om litteratur og språk frå både eldre og yngre tid. Til fagområdet høyrer òg nordisk fagdidaktikk og norsk som andrespråk.

Studentane har ein høg grad av valfridom. Studiet tilbyr ei rekkje språklege og litterære emne som dels går att med jamne mellomrom, dels er eingongstilbod, jf. oversyn nedanfor. Studentane kan velje å konsentrere seg om berre litteratur eller berre språk, eller dei kan kombinere litterære og språklege emne.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten

  • har avansert kunnskap innanfor nordisk språk og litteratur og spesialisert innsikt i det emnet han eller ho har skrive masteroppgåve om
  • har inngåande kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i nordisk
  • kan bruke kunnskapen på nye område av nordisk språk og litteratur
  • kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i nordiskfagets tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • kan analysere teoriar, metodar og fortolkingar innanfor nordisk språk og litteratur og kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • kan bruke nordiskfagets metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte
  • kan analysere og drøfte språklege og litterære primær- og sekundærkjelder innanfor nordisk kritisk og bruke dei til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt i nordisk språk og litteratur under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan skrive ein lengre vitskapleg tekst innanfor nordisk i samsvar med krav til godt språk, klare resonnement og god tekststruktur
  • kan skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt og bruke språket på måtar som er tilpassa føremålet

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan analysere fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar i nordisk språk og litteratur
  • kan bruke kunnskapane og dugleikane sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar dei uttrykksformene som høyrer nordisk til
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor nordisk språk og litteratur, både med spesialistar og allmenta
  • kan bidra til nytenking og innovasjon, særleg på felt der språk og litteratur står sentralt

Opptakskrav

Masterprogrammet i nordisk språk og litteratur byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i nordisk språk og litteratur
  • Bachelorgrad i norsk som andrespråk
  • Bachelorgrad i nordisk med spesialisering i nordisk språk og litteratur
  • Bachelorgrad i nordisk med spesialisering i norsk som andrespråk

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk eller tilsvarande.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Tilrådde forkunnskapar

Gode leseferdigheiter i engelsk og skandinaviske språk.

Obligatoriske emne

  • NOLISP300 Nordisk: Prosjektførebuande emne
  • NOLISP350 Nordisk: Masteroppgåve i nordisk (60 studiepoeng)

Tre av desse emna:

  • NOLI311 Nordisk: Litterært masteremne C
  • NOLI312 Nordisk: Litterært masteremne D
  • NOLI321 Nordisk: Litterært masteremne A
  • NOLI322 Nordisk: Litterært masteremne B
  • NORAN320 Særemne i norsk som andrespråk
  • NOSP312 Nordisk: Språkleg masteremne A
  • NOSP313 Nordisk: Språkleg masteremne B
  • NOSP315 Nordisk: Språkleg masteremne C
  • NOSP316 Nordisk: Språkleg masteremne D

Alternativt kan ein byte ut eitt av emna på lista ovanfor med eitt av desse emna:

  • KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur (dei semestera nordisk litteratur tilbyr undervisinga)
  • LEX200 Ordkunnskap og norsk ordboksarbeid
  • NOFI300 Norrøn filologi særemne I
  • NOLI320 Nordisk: Litterært særemne (berre etter søknad)
  • NOSP320 Nordisk: Språkleg særemne (berre etter søknad)
  • ALLV303 Litteraturvitskapleg særemne (berre i vårsemesteret)
  • NORAN250 Andrespråkslingvistikk med bacheloroppgåve

Studentar som planlegg å søkje opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), må sørgje for å ha minimum 30 studiepoeng i nordisk litteratur til saman på bachelor- og masterstudiet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Ved oppstart om hausten

1. semester (haust): to av desse emna: NOLI311, NOLI322, NORAN320, NOSP313, NOSP316

2. semester (vår): NOLISP300 og eitt av desse emna: NOLI321, NOLI312, NORAN320, NOSP312, NOSP315

3. og 4. semester (haust og vår): NOLISP350

Ved oppstart om våren

1. semester (vår): to av desse emna: NOLI321, NOLI312, NORAN320, NOSP312, NOSP315

2. semester (haust): NOLISP300 og eitt av desse emna: NOLI311, NOLI322, NORAN320, NOSP313, NOSP316

3. og 4. semester (vår og haust): NOLISP350

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet. Det er særleg universitet i dei nordiske landa som er aktuelle (Danmark, Sverige, svenskspråklege institusjonar i Finland, Island, Færøyane). Spesielt tilrådde utvekslingsstader er Universitetet i Uppsala, Universitetet i København, Aarhus Universitet, Helsingfors Universitet, Ludwig-Maximilians-Universität München og Amsterdam Universitet.

Dersom ein skal ta emne i norsk som andrespråk kan det vere aktuelt å nytte dei tilrådde avtalane på dette fagfeltet. Sjå studieplanen for bachelorprogrammet.

Studierettleiaren hjelper til med å finne relevante studium og ordne utvekslingsavtaler.

Tilrådd semester for utanlandsstudium er 2. semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og seminar der det er forventa at studentane deltek aktivt. På somme emne har studentane ansvar for avgrensa delar av undervisninga eller for å lage kortversjonar av pensum til deling med medstudentar (som obligatorisk aktivitet).

Rettleiing på semesteroppgåver og på masteroppgåva.

Vurderingsformer

På programmet brukar ein følgjande vurderingsformer på emne frå nordisk (med emnekode på NOFI-, NOLI-, NOSP-, NOLISP-, NORAN-):

  • rettleidde semesteroppgåver
  • rettleidde masteroppgåver
  • munnlege eksamenar
  • heimeeksamenar
  • mappevurderingar

På andre emne kan andre vurderingsformer førekomme.

Karakterskala

Karakterskala A - F

Relevans for arbeidsliv

Kompetanse i nordisk språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.

Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid over alt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Dersom du fullfører masterprogrammet, kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.

Mastergrad i nordisk språk og litteratur kvalifiserer til vidare forsking dersom studenten oppnår gode resultat.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Spørsmål kan rettast til studierettleiaren på programmet: studierettleiar@lle.uib.no