Hjem
Utdanning

Studieplan for MAHF-SDG Berekraft, master, 2 år, vår 2024

Namn på grad

Master i berekraft

Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Berekraftig utvikling for det 21. hundreåret krev kunnskap, institusjonar og handlingsformer som går lenger enn dei fragmenterte perspektiva frå enkeltståande akademiske disiplinar. Siktemålet med masterprogrammet i berekraft er å gi studentane kunnskap, ferdigheiter og kompetanse som krevst for å kunne forstå, analysere og utvikle løysingar på krevjande utfordringar på måtar som er samfunns-, miljømessig og økonomisk berekraftige.

Gjennom opplæring i systemtenking og modellering vil programmet undervise metodar for å analysere og samhandle med komplekse sosiale og økologiske system. Programmet vil gi ein introduksjon til utviklinga av og innhaldet i Dei sameinte nasjonane (FN) sine berekraftsmål (SDG), og korleis desse kan implementerast i lov- og regelverk på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Programmet vil ta for seg ulike kunnskapsformer (slik som juss, vitskap og politikk) og korleis desse analyserer og handterer samansette problem. Det vil introdusere studentane for aktuelle politiske prosessar som involverer motstridande interesser, behov for auka demokratisk medverknad, og mekanismar for medverknad.

Studieplanen består av obligatoriske emne og spesialiseringsemne som leier fram til sjølve masteroppgåva. Studenten skal velje ei av desse studieretningane:

Globale samfunnsutfordringar

Klimaendringar og energiomstilling

Marin berekraft

Føremålet med ei slik spesialisering er å gi studenten ekspertise i ei tverrfagleg tilnærming til klima og energiomstilling, marin berekraft, og globale samfunnsutfordringar. Felles for alle studieretningane er at dei gir djupneforståing av eit spesifikt berekraftstema som byggjer på kunnskapen frå dei obligatoriske kursa. Programmet er bygd opp slik at studenten heile vegen knyter saman kunnskap frå dei grunnleggjande emna og spesialiseringa dei har valt. I laupet av introduksjonskursa bør studenten peike seg ut eit område for spesialisering og bli styrt mot ein eiga rettleiar og passande valfrie emne. Spesialiseringa byrjar i det første semesteret og held fram gjennom 3. og 4. semester.

Spesialiseringa inkluderer vanlegvis eit metodekurs (kvalitativt eller kvantitativt) på 10 studiepoeng og to valfrie metodeemne. I tillegg til introduksjonsemne skal spesialiseringa leie fram til ei mastergradsoppgåve som tel 60 studiepoeng knytt til spesialiseringa, eller studenten skal gjere eit praksisopphald tilsvarande 30 studiepoeng og skrive ein rapport tilsvarande 30 studiepoeng knytt til praksisopphaldet.

Arbeidsmengda vil vere lik for dei to modellane, om lag 1600 timar for heile mastergraden. Begge modellar inkluderer ei seminarrekke med sentrale tema frå dei obligatoriske kursa som må tilpassast spesialiseringa til den enkelte studenten.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Kandidaten

kan gjere greie for og analysere hovudkonsept og sentrale institusjonar innan berekraftsforsking, juridiske- og forvaltingsstrukturar, og korleis desse har vakse fram.

kan organisere og styre tverrfagleg samarbeid og partnarskap.

kan analysere samproduksjon av berekraftsvitskapar med demokrati, rettigheiter og juridiske rammeverk.

kan nytte systemtenking og analyse, inkludert multi-kriterium analysar og modellar brukt i politiske avgjerder.

kan gjere greie for problemstillingar knytt til klimaendringar, marint liv og global utvikling.

Ferdigheiter:

Kandidaten

kan handtere kunnskap frå ulike kjelder på ein kritisk måte og kunne plassere dei i forhold til berekraftsproblematikk.

kan gjere greie for sentrale utviklingar innan forsking, politikk og juss for områder som klimaendringar, marint liv og globale samfunnsutfordringar.

kan arbeide i tverrfaglege grupper.

kan nytte systemtenking, modellering, scenario og narrativ på komplekse politiske problem, inkludert relasjonar og forhandlingar mellom ulike aktørar innan berekraftsfeltet.

kan kjenne igjen og situere risiko, uvisse og ignorans innan forsking og praksis, samt sine eigne forkunnskapar.

kan formulere eit forskingsproblem, sette opp eit relevant forskingsdesign og gjennomføre dette.

Kompetanse:

Kandidaten

kan reflektere kritisk over rolla til ulike kunnskapsformer i utviklinga av berekraftige samfunn.

kan ta fatt i problem frå det verkelege liv i tverrfaglege grupper.

kan diskutere, vurdere og kommunisere komplekse problem, inkludert dei juridiske, regulatoriske og samfunnsmessige dimensjonane deira.

kan integrere omgrep og konsept frå ulike disiplinar for å løyse komplekse utfordringar.

kan formidle komplekse idear både munnleg og skriftleg.

kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt med relevante forskingsmetodar og i samsvar med retningslinjer for vitskapleg forsking

Opptakskrav

Masterprogrammet i berekraft byggjer på ein bachelorgrad med minimum tre års varigheit ved ein anerkjend institusjon. Søkarar må kunne dokumentere minimum 80 studiepoeng innan ei relevant spesialisering for graden:

  • For Globale utfordringar må søkaren ha ein bachelorgrad eller tilsvarande som inkluderer ei spesialisering innan eit fagområde relevant for programmet av eit omfang på minimum eitt og eit halvt års studium (80 studiepoeng).
  • For Klima og energiomstilling må søkaren ha ein bachelorgrad eller tilsvarande som inkluderer ei spesialisering innan eit fagområde relevant for programmet av eit omfang på minimum eitt og eit halvt års studium (80 studiepoeng) samt minimum eit introduksjonsemne i matematikk (tilsvarande 10 studiepoeng).
  • For Marin berekraft må søkaren ha ein bachelorgrad eller tilsvarande som inkluderer ei spesialisering innan eit fagområde relevant for programmet av eit omfang på minimum eit og eit halvt år studium (80 studiepoeng) samt minimum eit introduksjonsemne i biologi.
  • Søkarar vil bli rangert etter akademiske ferdigheiter, basert på karakterar frå spesialiseringa i bachelorgraden. Samansettinga av studentar i programmet freistar å gjenspegle eit breitt utval av akademiske bakgrunnar.

Språkkrav:

https://www.uib.no/en/education/49448/application-procedure-nordic-citizens-and-applicants-residing-norway

Obligatoriske emne

SDG310 Introduksjonsemne: Tverrfaglege tilnærmingar til berekraft (15 studiepoeng)

SDG311 Kunnskapsformer (5 studiepoeng)

SDG312 Systemtenking og modellering for berekraft (10 studiepoeng)

SDG350 Masteroppgåve (60 studiepoeng)

eller

SDG349 Praksisopphald (30 studiepoeng) og SDG351 Praksisbasert masteroppgåve (30 studiepoeng)

Spesialisering

Enten

Klimaendringar og energiomstilling

eller

Marin berekraft

eller

Globale samfunnsutfordringar

Tilrådde valemne

Denne lista er under utvikling. Alle opne emne tilgjengelege for alle studentar (emne utan krav om forkunnskapar) er mogleg å velje som valemne i graden (gitt at dei er godkjende av programansvarleg og er relevante for spesialiseringa).

Klimaendringar og energiomstilling

SDG213 Klimaendringar - årsaker og konsekvensar (10 studiepoeng, haust)

SDG207 Energiomstilling (10 studiepoeng, haust)

ENERGI300 Energiressursar og -forbruk (10 studiepoeng, haust)

GEO330 Theories of Sustainable Land Use (10 studiepoeng, haust)

GEOF347 Seminar om Jordsystemet og berekraftig utvikling (5 studiepoeng, haust)

AORG212 Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar (10 studiepoeng, vår)

CET201 Berekraftig innovasjon (10 studiepoeng, vår)

ENERGI210 Energifysikk og -teknologi (10 studiepoeng, vår)

GEO337 Discourse, Politics and Place: Critcal Perspectives on Enviromental Governance (10 studiepoeng, vår)

KLIMA200 Klimaforteljingar (5 studiepoeng, vår/haust (uregelmessig emne))

SDG215 FNs berekraftsmål 15: Liv på land (10 studiepoeng, vår)

JUS271-2-D Energy Law: Hydrocarbons, Renewables and Energy Markets (10 studiepoeng, vår)

JUS271-2-E International Climate Law (10 studiepoeng, vår)

GEO-SD330 Natural Resources Management (10 studiepoeng, vår / høst)

GEO283 Geografiske tilnærmingar til klimatilpassing og -forebygging (10 studiepoeng, vår)

SDG314 Individuell prosjektutvikling (10 studiepoeng,vår)

Marin berekraft:

BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar (10 studiepoeng, haust. Emnet er berre undervist på norsk)

BIO341 Biodiversitet (5 studiepoeng, haust)

BIO382 Akvatisk matproduksjon (10 studiepoeng, haust)

SDG213 Klimaendringar - årsaker og konsekvensar (10 studiepoeng, haust)

CET201 Berekraftig innovasjon (10 studiepoeng, vår)

BIO208 Miljøpåverknad av oppdrett (10 studiepoeng, vår)

BIO212 Marin samfunnsøkologi - Organismar og habitat (10 studiepoeng, vår)

BIO339 Økosystem- og fiskerimodellar (10 studiepoeng, vår)

BIO356 Bestandsovervaking og ansvarleg hausting (10 studiepoeng, vår)

JUS293-2-A Law of the Sea and its Uses (10 studiepoeng, vår)

SDG214 FNs berekraftsmål 14: Liv under vatn (10 studiepoeng, vår)

SDG215 FNs berekraftsmål 15: Liv på land (10 studiepoeng, vår)

FIL336 Masteremne i miljøetikk (10 studiepoeng, vår)

GEO-SD330 Natural Resources Management (10 studiepoeng, vår / høst)

GEO283 Geografiske tilnærmingar til klimatilpassing og -forebygging (10 studiepoeng, vår)

SDG314 Individuell prosjektutvikling (10 studiepoeng,vår)

Globale samfunnsutfordringar:

JUS276-2-C Human Rights and Welfare Policies (10 studiepoeng, haust)

SDG303 Global Health - Challenges and Responses (15 studiepoeng, haust)

GEO330 Theories of Sustainable Land Use (10 studiepoeng, haust)

GEO-SD304 System Dynamics Modeling Process (10 studiepoeng, haust)

GLODE301 Critical approaches to development (20 studiepoeng, haust)

GLODE305 Gender Analysis in Global Development- Core perspectives and Issues (10 studiepoeng, haust)

GLODE306 Foundations of Health Promotion related to development (10 studiepoeng, haust)

HEFR342 Resource approaches to health and wellbeing (10 studiepoeng, haust)

AORG212 Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar (10 studiepoeng, vår)

INTH344 Migrasjon og helse (3 studiepoeng, vår)

JUS250-2-C Health and human rights in the welfare state (10 studiepoeng, vår)

GEO337 Discourse, Politics, and Place: Critical Perspectives on Environmental Governance (10 studiepoeng, vår)

CET201 Berekraftig innovasjon (10 studiepoeng, vår)

GEO-SD330 Natural Resources Management (10 studiepoeng, vår / høst)

GEO283 Geografiske tilnærmingar til klimatilpassing og -forebygging (10 studiepoeng, vår)

SDG314 Individuell prosjektutvikling (10 studiepoeng,vår)

Rekkefølgje for emne i studiet

Første semester

Klimaendringar og energiomstilling

SDG310 Introduksjonsemne: Tverrfaglege tilnærmingar til berekraft (15 studiepoeng)

SDG311 Kunnskapsformer (5 studiepoeng)

10 studiepoeng frå valemna:

SDG213 Klimaendringar - årsaker og konsekvensar (10 studiepoeng, haust)

SDG207 Energiomstilling (10 studiepoeng, haust)

ENERGI300 Energiressursar og -forbruk (10 studiepoeng, haust)

GEO330 Theories of Sustainable Land Use (10 studiepoeng, haust)

GEOF347 Seminar om jordsystemet og berekraftig utvikling (5 studiepoeng, haust)

GEO-SD330 Natural Resources Management (10 studiepoeng, vår / høst)

Marin berekraft

SDG310 Introduksjonsemne: Tverrfaglege tilnærmingar til berekraft (15 studiepoeng)

SDG311 Kunnskapsformer (5 studiepoeng)

10 studiepoeng frå valemna:

BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar (10 studiepoeng, haust. Emnet blir berre undervist på norsk)

BIO341 Biodiversitet (5 studiepoeng, haust)

SDG213 Klimaendringar- årsaker og konsekvensar (10 studiepoeng, haust)

BIO382 Akvatisk matproduksjon (10 studiepoeng, haust)

GEO-SD330 Natural Resources Management (10 studiepoeng, vår / høst)

SDG213 Klimaendringar - årsaker og konsekvensar (10 studiepoeng, haust)

Globale samfunnsutfordringar

SDG310 Introduksjonsemne: Tverrfaglege tilnærmingar til berekraft (15 studiepoeng)

SDG311 Kunskapsformer (5 studiepoeng)

10 studiepoeng frå valemna:

JUS276-2-C Human Rights and Welfare Policies (10 studiepoeng, haust)

GEO330 Theories of Sustainable Land Use (10 studiepoeng, haust)

GEO-SD330 Natural Resources Management (10 studiepoeng, vår / høst)

SDG303 Global Health - Challenges and Responses (15 studiepoeng, haust)

GLODE301 Critical approaches to development (20 studiepoeng, haust)

GLODE305 Gender in Development (10 studiepoeng, haust)

GLODE306 Foundations of Health Promotion related to development (10 studiepoeng, haust)

HEFR342 Resource approaches to health and wellbeing (10 studiepoeng, haust)

Andre semester

Klimaendringar og energiomstilling

SDG312 Systemtenking og modellering for berekraft (10 studiepoeng)

20 studiepoeng frå valemna:

AORG212 Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar (10 studiepoeng, vår)

CET201 Berekraftig innovasjon (10 studiepoeng, vår)

ENERGI210 Energifysikk og -teknologi (10 studiepoeng, vår)

GEO337 / Discourse, Politics and Place: Critcal Perspectives on Enviromental Governance(10 studiepoeng, vår)

KLIMA200 Klimaforteljingar (5 studiepoeng, vår/haust (uregelmessig emne))

JUS271-2-D Energy Law: Hydrocarbons, Renewables and Energy Markets (10 studiepoeng, vår)

JUS271-2-E International Climate Law (10 studiepoeng, vår)

SDG215 FNs berekraftsmål 15: Liv på land (10 studiepoeng, vår)

GEO-SD330 Natural Resources Management (10 studiepoeng, vår / høst)

CET201 Sustainable Innovation (10 studiepoeng vår)

GEO283 Geografiske tilnærmingar til klimatilpassing og -forebygging (10 studiepoeng vår)

SDG314 Individuell prosjektutvikling (10 studiepoeng vår)

Marin berekraft

SDG312 Systemtenking og modellering for berekraft (10 studiepoeng)

20 studiepoeng frå valemna:

BIO208 Miljøpåverknad av oppdrett (10 studiepoeng, vår)

BIO212 Marin samfunnsøkologi - Organismar og habitat (10 studiepoeng, vår)

BIO339 Økosystem - og fiskerimodellar (10 studiepoeng, vår)

BIO356 Bestandsovervaking og ansvarleg hausting (10 studiepoeng, vår)

JUS293-2-A Law of the Sea and its Uses (10 studiepoeng, vår)

SDG214 FNs berekraftsmål 14: Liv under vatn (10 studiepoeng, vår)

SDG215 FNs berekraftsmål 15: Liv på land (10 studiepoeng, vår)

FIL336 Masteremne i miljøetikk (10 studiepoeng, vår)

GEO-SD330 Natural Resources Management (10 studiepoeng, vår / høst)

CET201 Sustainable Innovation (10 studiepoeng vår)

GEO283 Geografiske tilnærmingar til klimatilpassing og -forebygging (10 studiepoeng vår)

SDG314 Individuell prosjektutvikling (10 studiepoeng vår)

Globale samfunnsutfordringar

SDG312 Systemtenking og modellering for berekraft (10 studiepoeng)

20 studiepoeng frå valemna:

AORG212 Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar (10 studiepoeng, vår)

INTH344 Migrasjon og helse (3 studiepoeng, vår)

JUS250-2-C Health and human rights in the welfare state (10 studiepoeng, vår)

GEO337 Discourse, Politics, and Place: Critical Perspectives on Environmental Governance (10 studiepoeng, vår)

GEO-SD330 Natural Resources Management (10 studiepoeng, vår / høst)

CET201 Sustainable Innovation (10 studiepoeng vår)

GEO283 Geografiske tilnærmingar til klimatilpassing og -forebygging (10 studiepoeng vår)

SDG314 Individuell prosjektutvikling (10 studiepoeng vår)

Anten

tredje og fjerde semester: SDG350 Masteroppgåve (60 studiepoeng)

eller

tredje semester: SDG349 Praksisopphald (30 studiepoeng)

fjerde semester: SDG351 Praksisbasert masteroppgåve (30 studiepoeng)

Delstudium i utlandet

I samband med praksis og andre emne i graden har studenten høve og er oppmoda til eit utvekslingsopphald i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer

Programmet nyttar ulike former for undervisning og læringsformer, som førelesingar, seminar og workshops samt studentaktiv læring, kollokviar og studentleia førelesingar. Digital undervisning er også nytta der ein har gjesteførelesarar frå utlandet. Det vert lagt vekt på å utvikle studentane sine evne til å lese eigne og medstudentars arbeid med eit kritisk blikk og å utvikle akademiske ferdigheiter innan akademisk skriving og presentasjonar samt å løyse reelle problem i tverrfaglege grupper.

Gjennom førelesingar vil programmet gi innsikt i sentrale konsept frå berekraftstenkinga, korleis desse verkar saman med rettigheiter, demokrati og lovverk, samt korleis desse kjem til syne i kvart av dei tematiske områda (SDG310). Desse førelesingane vil vere sentrale for å skape forståing for kunnskapsdimensjonane ved berekraft, inkludert systemtenking (SDG312) og forholdet mellom ulike disiplinar og fagfelt (SDG311).

Seminar og workshops vil bli brukte til å lære systemtenking og korleis ein kan nytte desse til å løyse praktiske problem, og interdisiplinær teori og praksis, og for å lære å integrere konsept frå ulike kunnskaps- og praksisfelt.

Studentaktiv læring vil bli nytta i kombinasjon med førelesing og seminar/workshops for å gi moglegheit til å formulere forskingsproblem, nytte desse og diskutere, kommunisere og vurdere komplekse berekraftsproblem. Dette vil bli kombinert med både fysiske og digitale læringsarenaer som studentane sjølve har høve til å bidra til, til dømes gjennom å lage video om eit spesifikt emne, halde førelesing eller organisere debatt saman med andre studentar.

Vurderingsformer

Studentane vil bli vurderte med ulike vurderingsformer, både individuelt gjennom mappevurdering, oppgåver, refleksjonsnotat, munnlege presentasjonar, heimeeksamen og masteroppgåva, og i grupper gjennom presentasjonar. I tillegg skal studentane gje og få tilbakemeldingar på arbeidet til kvarandre. Desse vurderingsformene vil bli sett saman til både formative og oppsummerande vurderingar. Formative vurderingar vil vere i form av tilbakemeldingar og evaluering frå faglærar og medstudentar på arbeid. Samanlagde karakterar vil bli gitt for kvart emne.

Karakterskala

To karakterskalaer blir bruk:

A-F

Greidd/ikkje greidd

Sjå emneskildringa for detaljar i kvart enkelt emne.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Ein mastergrad i berekraft kan gi opptaksgrunnlag for eit ph.d.-program.

Relevans for arbeidsliv

Ein mastergrad i berekraft gir kandidaten ein brei kompetanse i tverrfagleg problemløysing og kvalifiserer til arbeid i eit breitt spekter av lokale, regionale, nasjonale og internasjonale organisasjonar og verksemder, og i ulike delar av nasjonal og lokal offentleg sektor og forvaltning. Alle studentar som gjennomfører programmet på ein tilfredsstillande måte vil vere kvalifiserte for stillingar i offentleg og privat sektor der ein krev grunnleggjande ferdigheiter i berekraftsprogram, planlegging, implementering og vurdering, relatert til spesialiseringa deira i anten klimaendringar og energiomstilling, marint liv eller globale samfunnsutfordringar.

Kandidatar frå programmet vil ha vist evne til tverrfagleg gruppearbeid og korleis ein byggjer, deltek og leier grupper med deltakarar frå ulike fagfelt og ulike lokale organisasjonar. Kandidatar vil også vere kvalifiserte til å arbeide som vitskapleg assistent både i industri og offentleg sektor. Studentar med særs gode resultat kan vere kvalifiserte for vidare akademisk arbeid, som doktorgradsarbeid.

Evaluering

Programmet vil bli evaluert i samsvar med Det humanistiske fakultet sine rutinar for evaluering og i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.

Programansvarleg

Programstyret for masterprogrammet i berekraft har det overordna faglege ansvaret for programmet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Senter for vitskapsteori har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studieveileder@skok.uib.no