Hjem

Spansk språk og latinamerikastudium, master, 2 år

På masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium kan du fordjupe deg i det spanske språket og i latinamerikansk litteratur, og studere dei historiske prosessane som har forma dagens komplekse Latin-Amerika.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkSpansk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (opptak vår dersom ledige plassar)

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Noreg har mange interesser i Latin-Amerika gjennom investeringar, menneskerettsarbeid og arbeid for demokratiseringsprosessar. I programmet drøftar vi viktige spørsmål som for eksempel:   

  • Korleis kan historiske prosessar forklare dagens komplekse Latin-Amerika?   
  • På kva måte blir mangfaldet av  folkegrupper på kontinentet reflektert i språk, kultur og samfunn?   
  • Kva er stoda til det spanske språket i verda i dag?  

Du får kunnskap om det spanske språket  og om litteratur og historie i Latin-Amerika og utviklar analytiske og metodiske evner i desse tre fagdisiplinane.  

I programmet tar du først emne som gir deg teoretisk og metodologisk grunnlag for å kunne utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innan latinamerikastudium.  

Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt om eit tema du vel innan spansk lingvistikk, latinamerikansk litteratur eller latinamerikansk historie . Det kan også vere mogeleg å skrive masteroppgåve i fagdidaktikk. Du skriv masteroppgåva på spansk, og det kan vere aktuelt å reise på feltarbeid for å samle inn data.  

Studiekvardag 

Som masterstudent ved Institutt for framandspråk blir du ønskt velkomen i eit internasjonalt og pulserande miljø. Du kan søke om din eigen lesesalsplass saman med dei andre masterstudentane på instituttet. Undervisninga skjer gjennom forelesingar, seminar, gruppearbeid og individuell rettleiing. Masterstudentane deltar på ein heildagskonferanse i slutten av andre semester. Etter dette tar ein til med arbeidet med masteroppgåva.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.    

Kva kan du jobbe som? 

Med mastergrad i spansk språk og latinamerikastudium kan du få jobbar i både privat og offentleg sektor.

Våre tidlegare studentar jobbar innan

  • omsetting, media og forlagsverksemd 
  • næringslivet 
  • offentlege institusjonar  
  • kulturlivet 
  • undervisning  
  • humanitære organisasjonar – både i utlandet og i Noreg  

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Eit masterprogram i spansk kan sjå slik ut:

1. semester 

2. semester 

3. og 4. semester  

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan velje å ta andre semester som utvekslingsstudent ved eit av partnaruniversiteta våre i Mexico, Peru, Argentina, Spania eller Chile. Mange av studentane legg inn eit par månaders feltarbeid samtidig som dei jobbar med masteroppgåva. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening og opplevingar for livet.    

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Med ein mastergrad kan du halde fram med akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.). Etter du har fått mastergrad kan du søke opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Spansk er eit skolefag, og med ei slik utdanning kan du jobbe som lærar på ungdomsskole og vidaregåande skole.    

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studieveileder.if@uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen  

Søk her