Hjem

Helse og samfunn, master, 2 år

Er du opptatt av spørsmål som “Korleis kan vi førebygge sjukdom i samfunnet?”, “Er kvinner sjukare enn menn?” eller “Kven har eigentleg skulda for dårleg helse?”? Då er master i helse og samfunn noko for deg. Masterprogrammet tilbyr tre studieretningar: “Perspektiv på sentrale helseutfordringar”, “Genetisk rettleiing” og “Yrkeshygiene”.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Masterprogrammet i helse og samfunn gir deg eit godt innblikk i sentrale helseutfordringar som dagens samfunn står overfor.  

Masterprogrammet er knytt til særs sterke forskingsmiljø som jobbar med nasjonale og globale folkehelseutfordringar på både individ- og samfunnsnivå. For å kunne forstå kompleksiteten i utfordringane trengs brei kunnskap på tvers av fagfelt. 

Du får grundig opplæring i kvalitativ og kvantitativ forskingsmetode, og får vidare innsikt i ulike teoretiske perspektiv og i forskingsetiske og praktiske sider ved forsking innan helsefaga. Du vil frå første dag ved studiet bli utfordra til å utvikle problemstillingar. 

Sjå heile lista over læringsutbytet.

Studiekvardag 

Studiekvardagen består av fulle dagar med undervisning, seminar og sjølvstudium/førebuingsarbeid. Vi legg stor vekt på førebuande og studentaktive undervisnings- og læreformer. 

Studiet startar med ein felles kreativ verkstad for forskingsspørsmål. Studentane skal tenke, gjere, reflektere over og presentere forsking. Vi studerer case og kompleksiteten rundt desse. Vi brettar ut og reflekterer over lag på lag med mekanismar og strukturar som verkar inn på helsa vår, inkludert prioriterings- og maktstrukturar som bidrar til ulikskap i helse. Det heile endar med ein studentaktiv minikonferanse, der alle - på tvers av fagfelt - får vise kva dei tenker og meiner.  

Følg studentane våre på Instagram for å få eit innblikk i studiekvardagen. 

Kva kan du jobbe som? 

Gjennom masterprogrammet får du brei kompetanse om dei store helseutfordringane gjennom ei grundig forskaropplæring. Opplæringa gir deg ein god plattform for å kunne jobbe med komplekse helsefaglege problemstillingar innan forsking, fagutvikling eller i klinikk. Programmet kvalifiserer for stillingar innan 

  • helse- og omsorgssektoren 
  • offentleg forvalting 
  • utdanningssektoren  
  • forsking/ph.d.-studium 

Aktuelle jobbar kan vere psykososial rådgjevar i bedriftshelsetenestene, spesialfysioterapeut på sjukehus og rådgjevar og forskingsassistent i tannhelsetenesta. Yrkeshygienikarar kan jobbe innanfor HMS-avdelingar i ulike bransjar og bedriftshelsetenester. Genetiske rettleiarar kan jobbe på avdeling for medisinsk genetikk ved sjukehus. Les meir om jobbmoglegheiter på kvar av studieretningane: 

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Sjå opptakskrav for kvar av studieretningane 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her

Studiets oppbygging 

Masterprogrammet Helse og samfunn er eit toårig fulltidsstudium med oppstart i august. For studentar på studieretninga “Perspektiv på sentrale helseutfordringar” og “Yrkeshygiene” er det mogleg å ta studiet på deltid over 3 eller 4 år. Undervisninga er på norsk, og litteraturen er på norsk og engelsk. 

Studiet er lagt opp slik på fulltid: 

1. semester:  

Introduksjon til helse og samfunn (10 studiepoeng)      

Forskingsetikk og vitskapsteori (5 studiepoeng)     

Forskingsmetode (5 studiepoeng)  

Obligatorisk fordjupingsemne (10 studiepoeng) og/eller frie studiepoeng. Sjå studieretning for detaljar. 

2. semester: 

Enten Kvalitative forskingsmetodar og -tradisjonar (10 studiepoeng), eller 

Kvantitative forskingsmetodar og -tradisjonar (10 studiepoeng) 

Obligatorisk fordjupingsemne og/eller frie studiepoeng. Sjå studieretning for detaljar. 

3. og 4. semester:  

Arbeid med masteroppgåve. Sjå studieretning for detaljar. Masteroppgåva er på 60 studiepoeng og er lagt til dei to siste semestera/ev. dei fire siste semestera for studentar på deltid. Merk at for studentar på “Genetisk rettleiing” er oppgåva på 30 studiepoeng og skal skrivast det siste semesteret. Studentar som spesialiserer seg i genetisk rettleiing har praksis i spesialisthelsetenesta. UiB skaffar praksisplass.

Dei tilsette ved studiet bidrar med forslag til tematikk for masteroppgåva med utgangspunkt i forskingsområde der dei har særskild kompetanse. Det er også mogleg å velje tema innan ditt eige fagfelt, så lenge det ligg innafor kva forskingsmiljøet tilknytt programmet kan rettleie i. Du får tildelt rettleiar i overgangen 1. til 2. semester (3. til 4. semester for deltidsstudentar).

Deltaking i ei eller fleire av dei fire forskingsgruppene ved Helse og samfunn gir deg moglegheit til å delta i aktive forskingsmiljø, og knyte deg til pågåande forskingsprosjekt. På forskingsgruppemøta vil både ditt eige og andre sine prosjekt vere gjenstand for kritisk diskusjon mellom master-, ph.d.-kandidatar og seniorforskarar.

For deltidsstudentar vil studiet gå over 6 – 8 semester. Sjå korleis deltidsstudiet ser ut via studieretning-lenka nedanfor.  

Studieretningar

Utveksling 

Du kan reise på utveksling under arbeidet med masteroppgåva. Som student på studieretninga “Perspektiv på sentrale helseutfordringar” kan du ta dei valfrie emna på sommarskole. Sommarskolen på København Universitet har fleire relevante kurs

Eit eventuelt forskingsopphald må planleggast tidleg i studieløpet. 

Kontakt gjerne studiekonsulent (studie.igs@uib.no) ved spørsmål om utveksling.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Om du er interessert i ein karriere innan forsking, kan du søke om opptak til eit doktorgradsstudium ved UiB eller eit anna universitet. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 64 00 (open 12.00 - 14.00 kvardagar) 

E-post: info.med@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast.

Studieplan