Hjem
Utdanning

Namn på grad

Masterprogram i helse og samfunn, studieretning Ulike perspektiv på sentrale helseutfordringar

Omfang og studiepoeng

Studieprogrammet er på 120 studiepoeng (sp)

Fulltid/deltid

Tilbod både på full- og deltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studieretninga har som overordna mål at studenten skal tileigne seg grunnleggande kunnskap om samfunnsvitskaplege humanistiske og biomedisinske perspektiv som grunnlag for forsking på sentrale helseutfordringar. Vi legger særleg vekt på utfordringar knytte til ulikskap i helse, arbeid og helse, en aldrande befolkning, migrasjonshelse og brukermedverking. Emna skal til saman gi forståing for at ulike teoretiske perspektiv har tyding for kva forskingsspørsmål som vert stilte og korleis ein går fram for å få svar på dei. Studieretninga skal sikre at studenten har inngåande kunnskap om teori og metodologi som grunnlag for arbeid med eiga masteroppgåve.

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande grad med spesialisering i helserelaterte fag, og ein snittkarakter på minimum C i opptaksgrunnlaget.


Bachelorgradar som kvalifiserer:
- Sjukepleie, fysioterapi, bioingeniørfag, radiografi, audiologi, ergoterapi, logopedi, vernepleie, psykologi, medisin, paramedisin, biomedisin, tannpleie, ernæring, osteopati, folkehelsearbeid og farmasi.

Søkarar med bachelorgrad i annan utdanning som inneheld minimum 60 studiepoeng i fag som er helserelaterte, til dømes medisinsk helseantropologi eller medisinsk sosiologi, kvalifiserer også til opptak ved denne studieretninga.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir brukt studentaktive arbeids- og undervisingsformer i alle emne i studiet, som:

- Førelesingar med studentførebuande og studentaktive element

- Seminar knytt til obligatoriske oppgåver med munnlege og skriftlege presentasjonar og tilbakemeldingar frå medstudentar og faglærarar

- «Workshops»

- Sjølvstudium

- Sjølvstendig forskingsoppgåve

Vurderingsformer

Vurderingsformene vil variere og tilpassast lærings-utbyttebeskrivingane i emna. Fylgjande former blir brukt:

- Essay

- Skriftlege heime-oppgåver

- Fleirvalsoppgåver

- Munnlege presentasjonar

- Refleksjonsnotat

- Masteroppgåve følgd av munnleg, justerande eksamen

Karakterskala

Det blir brukt både karakterskala A-F og bestått/ikkje bestått på emna i studieløpet.