Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i helse og samfunn

Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Masterprogram i helse og samfunn skal med sin tverrfaglege profil gi inngåande kunnskap om sentrale helseutfordringar med vekt på ein vitskapleg og problematiserande innfallsvinkel. Naturvitskapleg-, samfunnsvitskapleg- og fenomenologisk perspektiv gir ulike utgangspunkt for forståing av sentrale aspekt ved dagens helseutfordringar. Studentane skal gjennom studiet utvikle ei kritisk tilnærming til kunnskap og kunnskapsutvikling. Videre skal studentane på sjølvstendig vis ta i bruk teori og metodologiske tilnærmingar i utvikling av forskingsspørsmål, forskingsdesign og analyse av publisert forsking. Studiet gir fagleg breidde og fordjuping som grunnlag for forsking og fagutvikling i ulike profesjonelle kontekstar. Studiet gir mogelegheit for utveksling i eit internasjonalt forskningsmiljø.

Gjennom introduksjonsemnet HELSAM301 får studentane innsikt i sentrale helseutfordringar i dagens Noreg. Dei vert utfordra til å reflektere over deira kompleksitet og samfunnsmessige kontekst, og til å sjå helseutfordringane frå ulike teoretiske grunnperspektiv. Studentane skal vidare tileigne seg kunnskap om akademisk skriving og trinna i ein forskingsprosess. Dei obligatoriske emna HELSAM302 og HELSAM303 gir grunnleggande kunnskap om vitskapleg tenking, forskingsetiske problemstillingar og ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Studentane vel deretter mellom metode-emne som vektlegg kunnskap om kvantitative eller kvalitative forskingstilnærmingar og -tradisjonar i emna HELSAM304 og HELSAM305. Den valde fordjupinga i metodiske tilnærmingar blir vidareført i masteroppgåva.

Det er mogleg å velje mellom tre retningar i studiet: 

Perspektiv på sentrale helseutfordringar

I studieretninga perspektiv på sentrale helseutfordringar (UPSH301 og UPSH302) skal studentane tileigne seg inngåande kunnskap om eit naturvitskapleg-, samfunnsvitskapleg- og fenomenologisk grunnperspektiv på sentrale helseutfordringar. Studentane skal vidare tileigne seg avansert kunnskap om arbeid og helse, ei aldrande befolkning og ulikskap i helse i ein nordisk kontekst, og med vekt på forskingsbasert kunnskap og aktuell teori. Det vert fokusert på etiske og politiske føresetnader og implikasjonar for utvikling og handtering av kunnskap.

Genetisk rettleiing 

I studieretninga genetisk rettleiing skal studentane tileigne seg ein heilskapleg kompetanse om medisinsk genetisk verksemd i Noreg og utviklinga innan medisinsk bruk av bioteknologi. Dei skal få kunnskap om medisinsk genetikk og risikoberekningar, så vel som omfangsrik kunnskap om kommunikasjon og rettleiing. Studieretninga fokuserer på den psykiske og eksistensielle påkjenninga genetisk risikoinformasjon kan ha for pasient og familie, og forholdet mellom medisinsk bruk av bioteknologi og helse vert problematisert. Det er mogeleg å velje mellom ei klinisk fordjuping i genetisk rettleiing, med ei masteroppgåve tilsvarande 30 studiepoeng og 30 studiepoeng klinisk praksis, og ein meir forskingsretta master med ei oppgåve på 60 studiepoeng.

Yrkeshygiene 

I studieretninga yrkeshygiene skal studentane få ekspertise i å identifisere og vurdere helserisiko relatert til kjemiske, fysiske og biologiske faktorar på arbeidsplassen, samt kunnskap om førebyggjande tiltak relatert til dette.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har:

  • innsikt i forholdet mellom helse og samfunn knytt til sentrale helseutfordringar i dagens samfunn 
  • inngåande kunnskap om ulike vitskapsteoretiske posisjonar og tradisjonar med relevans for helsefaga
  • inngåande kunnskap om forskingsetiske dilemma og problemstillingar av relevans for forsking i helsefaga
  • inngåande kunnskap om relevante forskingsmetodiske tilnærmingar og -tradisjonar
  • inngåande kunnskap om sentral teori og sentrale helse- og forskingsmessige utfordringar knytt til studieretninga kandidaten har vald

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • sjølvstendig utvikle forskbare problemstillingar av relevans for eige fagfelt
  • utvikle og grunngje forskingsdesign, teoretisk tilknyting og analytisk innfallsvinkel i konkrete forskingsprosjekt
  • skrive tekstar etter akademiske kriteria
  • gjennomføre sjølvstendige, avgrensa forskingsprosjekt i tråd med forskingsmetodiske - og forskingsetiske kriteria knytt til tema av relevans for eige fagfelt
  • gjennomføre sjølvstendige analyser og utgreiingar knytt til eige fagfelt

Generell kompetanse

Studenten har:

  • tverrfagleg innsikt i sentrale helseutfordringar i samfunnet i dag
  • innsikt i teoretiske -, metodiske -, forskingsetiske - og praktiske utfordringar med forskingsarbeid i helsefaga
  • analyse- og utgreiingskompetanse

Studenten kan:

  • bruke tverrfagleg kunnskap i kritisk refleksjon rundt problemstillingar knytt til sentrale helseutfordringar i dagens samfunn
  • bruke tverrfagleg kunnskap i samarbeid i team
  • halde seg kritisk til vitskapleg kunnskap
  • reflektere kritisk rundt ulike teoritradisjonar i helsefaga
  • bidra til kunnskapsutvikling i helsefaga
  • formidle forskingsbasert kunnskap munnleg og skriftleg

Opptakskrav

For å bli tatt opp på masterprogram i helse og samfunn må ein ha helsefagleg bachelorgrad eller tilsvarande. Gjennomsnittleg karakter på opptaksgrunnlaget må vere C eller betre.

Sjå nærare informasjon om opptakskrava til dei forskjellige studieretningane:

Søk opptak til masterprogrammet her 

Obligatoriske emne

Sjå nærare informasjon om dei obligatoriske emna for dei forskjellige studieretningane her:

Spesialisering

Studiet byr på fleire studieretningar som reflekterer sterke forskingsområde ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Det er krav om 20 sp fordjuping i kvar studieretning, med mogelegheit for ytterlegare val av emne tilsvarande 10 sp. Genetisk rettleiing må ta ei fordjuping på 30 sp og klinisk praksis i tillegg.

Overordna mål med studieretningane:

Perspektiv på sentrale helseutfordringar 

Studieretninga har som overordna mål at studenten skal tileigne seg inngåande kunnskap om naturvitskapleg-, samfunnsvitskapleg- og fenomenologisk perspektiv som grunnlag for forsking på sentrale helseutfordringar. Empirisk legg studieretninga særleg vekt på utfordringar knytt til ulikskap i helse, arbeid og helse, ein aldrande befolkning, migrasjonshelse og brukermedverknad. Emna skal til saman gi forståing for at ulike teoretiske perspektiv har tyding for kva forskingsspørsmål som vert stilte og korleis ein går fram for å få svar på dei, inkludert i eiga masteroppgåve.

Obligatoriske emne:

  • UPSH301 Ulike perspektiv på sentrale helseutfordringar, del 1 - 10 sp
  • UPSH302 Ulike perspektiv på sentrale helseutfordringar, del 2 - 10 sp
  • Valemne - 10 sp

Genetisk rettleiing 

Studieretninga har som overordna mål å bidra til at studentane tileignar seg ein heilskapleg kompetanse i spennet mellom den teknologiske utviklinga i genteknologi med krav om medisinsk genetisk kunnskap og omfangsrik kunnskap om kommunikasjon og rettleiing, jus, psykologi og krisereaksjonar. Studieretninga skal vidare bidra til refleksjon over sentrale problemstillingar knytt til genetisk rettleiing, og dei fagspesifikke emna skal gi studentane fordjupa kunnskap om fagområde innanfor genetisk rettleiing. Studieretninga skal også bidra til at studenten utviklar vesentlege kliniske ferdigheiter knytt til rettleiing, samt refleksjon over bruk av kunnskap om genetisk rettleiing i kliniske samanhengar.

Obligatoriske emne:

  • GENV301 Introduksjon til medisinsk genetikk og genetisk rettleiing - 10 sp
  • GENV302 Genetisk utgreiing og -rettleiing - 20 sp

Val mellom klinisk fordjuping:

  • GENV303 Genetisk rettleiing: klinisk praksis - 30sp og GENV399 Masteroppgåve - 30sp

eller

  • forskingsretta master: HELSAM395 Masteroppgåve - 60sp

Yrkeshygiene 

Studieretninga skal gi studentane ekspertise i å identifisere og vurdere helserisiko relatert til kjemiske, fysiske og biologiske faktorar på arbeidsplassen, samt bidra til at studenten tileignar seg inngåande kunnskap om førebyggande tiltak relatert til dette.

Obligatoriske emne:

Alle studieretningane skal bidra til kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskaplege kriterium.

Studieretninga i Genetisk rettleiing og Yrkeshygiene samt nokre av emna er dei einaste på sitt felt på masternivå i Noreg.

Tilrådde valemne

Liste over emne som er tilrådd/valfrie emne vil informerast om via programsiden i Mitt UiB kvart semester.

Rekkefølgje for emne i studiet

Obligatoriske emne i første semester må fullførast før studentane vel anten kvalitative eller kvantitative forskingsmetodar og -tradisjonar i andre semester. Metodeemna og emne i fordjupingane må vere fullført før masteroppgåva vert gjennomført.

Delstudium i utlandet

Det sterke internasjonale miljøet ved IGS gjør internasjonalisering heime svært aktuelt. Det vert tilbydt ei rekkje emne til internasjonale studentar. Fleire av desse kan ha relevans for studentar ved vårt program, som: Migration and Health (3 stp), Equity and fairness in health ¿ an applied approach (3 stp), Global nutrition (5 stp) med fleire. Alle emne her vert med andre ord undervist på engelsk. Emnet Cultural Theory and Global Perspectives (5 stp) vert omarbeidd og integrert i ei av fordjupingane i programmet. Internasjonale studentar kan og ta dette emnet.

Når det gjeld utreise finst det omlag 50 avtalar knytt til internasjonalisering ved Det medisinske fakultet. Fleire av desse har interesse for Masterprogram i helse og samfunn. Ved IGS og Senter for internasjonal helse finst ein avtale med København Universitet, som er av særskilt interesse for våre studentar. Her er det mogeleg å ta emne innan folkehelsevitskap, global helse, fysisk aktivitet og helse, helsevesen i Norden mv. Sommarskulen ved København Universitet har også relevante kurs for studenter på masterprogram i helse og samfunn. 

Det vert lagt til rette for utveksling i samband med masteroppgåva, tilsvarande eit semester. Fagmiljøet ved IGS vil arbeide med mogelegheiter for utveksling og innveksling av masterstudentar knytt til forskingssamarbeid internasjonalt som og inkluderer rettleiing av masterstudentar på tvers av institusjonane.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir brukt studentaktive arbeids- og undervisingsformer i alle emne i studiet, som:

  • Førelesingar med studentførebuande og studentaktive element
  • Seminar knytt til obligatoriske oppgåver med munnlege og skriftlege presentasjonar og tilbakemeldingar frå medstudentar og faglærarar
  • Workshops
  • Sjølvstudium
  • Sjølvstendig forskingsoppgåve
  • Klinisk praksis (berre genetisk rettleiing)

Vurderingsformer

Vurderingsformene vil variere og tilpassast lærings-utbyttebeskrivingane i emna. Fylgjande former blir blant anna brukt:

  • Essay
  • Skriftlege heime-oppgåver
  • Fleirvalsoppgåver
  • Munnlege presentasjonar
  • Refleksjonsnotat
  • Masteroppgåve følgd av munnleg, justerande eksamen
  • Praktisk, klinisk eksamen (bare genetisk retteleiing)

Karakterskala

Det blir brukt både karakterskala A-F og bestått/ikkje bestått på emna i studieløpet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med sin forskingsretta profil kvalifiserer Masterprogram i helse og samfunn til vidare PhD-studie. Programmet gir innsikt i sentrale helseutfordringar i samfunnet i dag, ein type kunnskap som gir eit godt grunnlag for vidare forskingskarriere innan fleire helsefaglege kjerneområde. Studentane får tilbod om å delta i etablerte forskingsgrupper, noko som bidrar til å få innsikt i konkrete forskingsprosjekt og diskusjonar rundt desse. Det gir og mogelegheit for å knyte seg til større forskingsprosjekt med omsyn til masteroppgåver og PhD-prosjekt. Dette kvalifiserer utover det alminnelege studieopplegget.

Relevans for arbeidsliv

Studiet kvalifiserer vidare til fagutviklingsstillingar i helse- og omsorgssektoren i primær- og sekundærhelsetenesta, eventuelt i kombinasjon med stilling i klinisk praksis. Studiet kvalifiserer og for lektorstillingar innan utdanning i helsesektoren.

Studiet bidrar med relevant kompetanse til oppgåver innanfor offentleg forvalting.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningsliner for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

For fordjupinga i genetisk rettleiing gjeld:

Som utdanningsinstitusjon skal vi vurdere om du er skikka til å utøve yrket som helse- eller sosialpersonell. Vurderinga omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader, og vil gå føre seg under heile utdanninga - jf. Forskrift om vurdering av skikkethet i høyere utdanning (gjeldande frå 1. august 2006).

Det er krav om politiattest ved studiestart.

Programansvarleg

Programutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emna og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie.igs@uib.no