Hjem

Meteorologi og oseanografi, master, 2 år

I dette studiet blir du spesialist innan vêr, hav og klimaendringar. Du utforskar havet og atmosfæren gjennom målingar i felt, eksperiment, teori og koding. Med ettertrakta kompetanse på dagens arbeidsmarknad kan du løyse utfordringar knytt til klimaendringar, ekstremvêr, havforsuring og fornybar energi.
  • Lengde2 År
  • Plassar13
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Ein mastergrad i meteorologi og oseanografi gir djup forståing av atmosfære- og havdynamikk gjennom fire spesialiserte retningar:  

  • Meteorologi famnar atmosfærens fysikk og dynamikk, meteorologiske målingar, vêrvarsling, og utforskar numerisk modellering.  
  • Fysisk oseanografi famnar havets fysikk og dynamikk, inkludert havstraumar, blanding og tidevatn, frå turbulens til verdshava.  
  • Marin biogeokjemi famnar havets kjemiske samansetting, biogeokjemiske prosessar knytt til klimaendringar og bruk av avanserte metodar for målingar og analysar. 
  • Klimadynamikk famnar dei fysiske prosessane som styrer klima og klimaendringar på ulike tidsskalaer, med fokus på numerisk modellering og observasjonar.  

Kvar retning blir avslutta med ei forskingsbasert masteroppgåve, der studentane bidrar med ny kunnskap innan sitt spesifikke felt. 

Meir informasjon under

Havet og været

Studiekvardag

På Geofysisk institutt blir du ein del av eit engasjerande og inkluderande studentmiljø. Her samarbeider studentar på tvers av årskull med innleveringar og førebuingar til eksamen. Du kan forvente rundt seks dobbeltimar med forelesingar kvar veke, i tillegg til rekneøvingar.

Praktisk læring inkluderer laboratorie- og dataøvingar, samt spennande tokt og feltarbeid. Lesesalplassar finn du i nabobygget Allégaten 66 og på Universitetsbiblioteket.

Instituttet har eigen kafé med fin hage der studentar samlast, særleg på varme dagar. Det aktive fagutvalet, Geofysisk fagutval (Coriolis), arrangerer både sosiale og faglege aktivitetar. Følg studentlivet på Instagram. Ved Geofysisk institutt blir du ein del av Nordens største klimaforskingsmiljø, som samarbeider tett med store, internasjonale bedrifter.

Kva kan du jobbe som?

Med ein master i meteorologi og oseanografi får du både anerkjent fagleg ekspertise og essensiell kompetanse for det kunnskaps- og innovasjonsbaserte arbeidslivet, som koding, lagarbeid, prosjekthandtering og kritisk tenking. 

Du blir etterspurt innan:

  • rådgjeving,
  • klimatilpassing,
  • fornybar energi,
  • forsikring,
  • og vêrvarsling.

Våre studentar blir rekruttert av anerkjente selskap som Multiconsult, Equinor og SINTEF, og institusjonar som Havforskinga, Meteorologisk institutt og Norsk polarinstitutt.

Med denne mastergraden kan du gå vidare til ph.d.-studium, forske, formidle vêr- og klimainformasjon, eller spesialisering til lektor.

Les meir om kva du kan jobbe med

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april for opptak til hausten og 1. november for opptak til våren. 

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi har fire studieretningar:

Følg lenkene for å lese meir om de ulike retningene. 

    Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar om hausten.

    I 1. og 2 semester bygger du spesialisert kunnskap gjennom obligatoriske og valfrie emne fra di spesialisering, på til saman 60 studiepoeng.  

    I 3. og 4. semester får du gjennom masteroppgåva ei unik moglegheit til å fordjupe deg i eitt tema innanfor eit forskingsområde, med god oppfølging frå rettleiaren din. Sjå «Studieplan» under for dei fire retningane for konkrete val av emne. 

    Sjå oversikt over alle emne

    Utveksling

    Opphald ved lærestader i utlandet er mogleg, for eksempel gjennom ERASMUS-programmet. Dette må avtalast med rettleiar og inngå i masteravtalen. Det er mogleg å skrive masteroppgåva ved UNIS på Svalbard. 

    Vidare studiemoglegheiter 

    Ein mastergrad i meteorologi og oseanografi gir formelt grunnlag for opptak til ph.d.-programmet og vidare forsking innan meteorologi, fysisk oseanografi, klimadynamikk og marin biogeokjemi. 

    Studieplanar