Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-KJEM Kjemi, master, 2 år, vår 2024

Namn på grad

Master i kjemi.

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i kjemi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk.

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (supperingsopptak)

Mål og innhald

Mål:

Studiet har som mål å gje kandidaten ein teoretisk og praktisk kunnskap på høgt nivå innanfor kjemi med tilstrekkeleg fordjuping i eit gitt felt. Basert på denne kunnskapen skal kandidaten vere i stand til å fullføre ei forskingsbasert masteroppgåve innanfor ei av instituttet sine forskingsgrupper. Kandidaten skal både kunne nyttiggjere seg av etablert kunnskap og ta del i den vidare utviklinga av fagfeltet. Ein kandidat som gjennomfører masterprogrammet vil få erfaring i å leggje fram eigne resultat og teoriar både munnleg og skriftleg, og trening i å innhente og evaluere relevant vitskapleg litteratur.

Innhald:

Forskingsfelta som ein kan velje masteroppgåva innan, spenner over heile breidda av kjemi, frå teoretiske til laboratorieorienterte oppgåver. Instituttet har ein moderne instrumentpark som sikrar at det eksperimentelle arbeidet som vert utført, er av høg kvalitet (mellom anna: høgfelt NMR, UV-, IR-, NIR-, Raman-spektroskopi, MS og røntgenkrystallografi). Emnekombinasjonane som er sett opp for dei enkelte forskingsretningane, gir kandidaten ei teoretisk og praktisk fordjuping i ulike tema som blir nytta i løpet av arbeidet med masteroppgåva.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • kan gjengi fakta og drøfte teoretiske aspekt ved kjemiske stoffklassar, fysikalske eigenskapar og/eller strukturar på eit avansert nivå
  • kan forklare det teoretiske grunnlaget for og drøfte og grunngje val av metodar som blir brukte for å løyse kjemiske problem innan området prosjektet for mastergradsoppgåva er henta frå
  • kan forklare og drøfte teori innan valde, vidaregåande emne innan kjemi
  • har avansert kunnskap i kjemi, særleg på det området prosjektet for mastergradsoppgåva er henta frå

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan setje seg inn i nye vitskaplege problemstillingar ved bruk av kjemisk faglitteratur
  • er i stand til å gjennomføre eit forskingsprosjekt
  • kan vurdere eksisterande kunnskap på ein kritisk måte og peike på område der innsikt og forståing manglar
  • kan analysere, tolke og drøfte oppnådde resultat på godt og kritisk vis ved bruk av data og teoriar innan kjemifaget

Generell kompetanse

Kandidaten

  • er i stand til å formulere ei hypotese eller problemstilling slik at ho kan setjast på prøve
  • kan vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap
  • kan samanfatte forskingsresultat skriftleg og munnleg på ein presis og vitskapleg måte
  • kan reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • demonstrerer forståing og respekt for vitskaplege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Opptakskrav

Masterprogrammet i kjemi byggjer på ein bachelorgrad eller tilsvarande, med minst 70 studiepoeng kjemiemne og som dekker minst 3 av følgjande retningar: organisk kjemi, uorganisk kjemi, fysikalsk kjemi og analytisk kjemi. I tillegg må graden innehalde minst 10 studiepoeng matematikk.

Bachelorgrader frå UiB som kvalifiserer:

KJEM110, KJEM120, KJEM130, KJEM123/ KJEM131/KJEM124 (40 studiepoeng). I tillegg fra spesialiseringen i nanoteknologi skal disse inngå: KJEM221, NANO244, NANO161/KJEM210, MAT111.

Dersom nanostudent har begge emner der det er flere alternativer skal emnet med karakter til gunst for kandidaten være det som teller (KJEM123, KJEM124 eller KJEM131 og NANO161 eller KJEM210).

  • BAMN-MOL bachelor i molekylærbiologi og BAMN-BIO bachelor i biologi, forutsatt 70 studiepoeng i kjemi fra bachelorgraden i kjemi er avlagt (+ MAT101/MAT111)
  • BAMN-MIRE, bachelor i miljø- og ressursfag med KJEM-emna oppgitt under anbefalt studieløp for kjemi (KJEM122 er erstatta med KJEM123 og KJEM100 skal ikkje telle med i opptaksgrunnlaget) + MAT101/MAT111.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • UiO: Bachelor i kjemi-biokjemi med studieretning i kjemi
  • NMBU: Bachelor i kjemi
  • UiT: Bachelor i kjemi
  • NTNU: Bachelor i kjemi (alle studieretningar)
  • NTNU: Bachelorprogram kjemiingeniør
  • Alle bachelorprogram i kjemi med ECTN Eurolabel (Eurobachelor)

Bachelorgrader som KAN kvalifisere:

  • OsloMet: Bachelor i ingeniørfag, avhengig av søkers valg av emner.

Utrekning av karaktersnitt:

  • For søkjarar med bachelorgrad i kjemi frå UiB blir gjennomsnittskarakteren rekna ut i frå emna: MAT101/MAT105/MAT111, KJEM110, KJEM120, KJEM130, KJEM131/KJEM123/KJEM124, KJEM210, KJEM250, KJEM290/KJEM291 og KJEM298/KJEM299. Dersom søker har både KJEM123 og KJEM140/KJEM215 skal emnet med best karakter telle.
  • For søkere med andre grader enn kjemi eller nanoteknologi ved UiB blir karakteren rekna ut frå alle kjemiemna (70 stp) + innføringsemnet i matematikk (MAT101 eller MAT111).
  • For søkere med grad frå andre lærestadar enn Universitetet i Bergen, blir gjennomsnittskarakteren rekna på heile graden.

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Søkjaren treng ein fagleg bakgrunn i grunnleggjande kjemi og organisk, uorganisk og fysikalsk kjemi på minst 80 studiepoeng. Vidare treng søkjaren grunnleggjande ferdigheiter i laboratoriearbeid, analytisk kjemi og generell spektroskopi. Det er også naudsynt med ei grunnleggjande forståing av naturvitskapane. Særlig grunnleggande kurs i matematikk og fysikk vert tilrådd.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: Emnedel og mastergradsoppgåve, på 60 studiepoeng kvar.

Emne: Obligatoriske og valfrie emne i mastergraden i kjemi er bestemt av kva fagleg tema du vel for masterprosjektet ditt. Du og din hovudrettleiar blir samde om kva emne som skal inngå.

Masteroppgåva:KJEM399 Masteroppgåve i kjemi er på 60 studiepoeng. Masteroppgåva skal leveras innan en fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.

Tilrådde valemne

Valemne skal veljast i samrå med rettleiar og programstyret.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leverst innan ein fastsett dato, normalt 1. juni og 1. november.

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapeleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid og seminar. Detaljar om emna finn ein i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Studiet avsluttas med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Mastergrad i kjemi gir eit grunnlag for arbeid innan mellom anna industri, undervisning, forvalting og tilsyn og forsking. Kjemikarar har ein brei arbeidsmarknad, og er dermed mindre utsett for svingingar i bestemte sektorar. Kjemikarar har i dei siste åra i stor grad fått arbeid i oljesektoren, men òg i ulike miljølaboratorium og HMS-stillingar. Kjemikarar er òg etterspurde til undervisning i det offentlege skuleverket.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskapelege fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.