Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-FYAKU Akustikk, vår 2024

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i fysikk - akustikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk/Engelsk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og vår (suppleringsopptak).

Mål og innhald

Akustikk, lydlære, omfattar vibrasjonar og utbreiing av desse i form av bølgjer som forplantar seg i alle typar materialar (gassar, væsker og faste stoff), både ved høyrbare og ikkje-høyrbare frekvensar. Dette spenner frå nanofysikk til kosmisk fysikk. Akustikk handlar om å forstå dei fysiske prosessane som finn stad i vekselverknad mellom lydbølgjer og materie, og utnytte desse prosessane t.d. i måleinstrument og -metodar. Moderne akustikk er ein vitskap i rask utvikling og vekst, og med svært mange viktige samfunnsmessige og industrielle bruksområde, som eksempelvis innanfor petroleum, medisin, fiskeri, geovitskap, materialteknologi og elektronikk.

Masterprogrammet i akustikk gjev ei grundig innføring i læra om lyd, med spesiell vekt på ultralyd. I studiet vil studenten få opplæring i å gjennomføre ei sjølvstendig vitskapeleg oppgåve som er knytt til pågåande forskingsprosjekt i akustikkgruppa. Mastergradsoppgåva består av teoretisk og/eller eksperimentelt arbeid, ofte kombinert med numerisk modellering. Det blir gitt ei grundig opplæring i metodar brukt i grunnforsking og anvendelsar av ultralyd innan m.a. teknologi, medisin og havforsking. Det vert lagt stor vekt på bevisst vurdering av eigne og andre sine forskingsresultat, ved sida av skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Læringsutbyte

Etter fullført mastergrad i akustikk skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • gjengi fakta og drøfte grunnleggjande teoriar innan akustikk
  • forklare grunnlaget for bruk av akustikk på utvalde område innen m.a. medisin, måleinstrumentering og havforsking
  • forklare utvalde eksperimentelle metodar og måleteknikkar innan akustikk
  • vise at ein har avanserte kunnskapar innan akustikk på eit godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytt til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

  • utføre eit sjølvstendig og avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, i tråd med forskingsetiske normer
  • handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit, og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • analysere problemstillingar i akustikk, og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
  • orientere seg i fagmiljøet og innhente, analysere, og bruke, nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
  • analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idear innan akustikk
  • analysere, tolke, og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, i lys av data og teoriar innan det aktuelle fagområdet

Generell kompetanse

  • kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt, og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan akustikk, både med spesialistar og til allmennheita
  • kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Opptakskrav

Masterprogrammet i fysikk, retning akustikk, byggjer på ein bachelorgrad i fysikk, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Utrekning av karaktersnitt

For bachelor i fysikk (UiB) beregnes karaktersnitt av følgende emner:

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i fysikk
  • Bachelorgrader som fyller kravene til grunnleggende emner i matematikk, lineær algebra, differensiallikningar, funksjonar av fleire variable, mekanikk, elektromagnetisme, termodynamikk, moderne fysikk, laboratoriekurs i fysikk og prosjektoppgave/bacheloroppgave eller tilsvarande.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
  • Proficiency in English

Obligatoriske emne

Masterprogrammet i akustikk omfattar:

  • eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng.
  • emne og eventuelt spesialpensum på til saman 60 studiepoeng, valt i samråd med rettleiaren.
  • PHYS271 og PHYS272 bør inngå i bachelor- eller mastergraden.

Tilrådd studieplan:

4 semester: Oppgåve - Oppgåve - Oppgåve

3. semester: Pensum - Oppgåve - Oppgåve

2.semester: Pensum - Pensum - Oppgåve

1. semester: PHYS272 - Pensum - Pensum

Omfang masteroppgåva

I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve som svarer til 60 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse som inneheld viktige milepælar i arbeidet med oppgåva.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 20.november.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for PhD-studier innan fagområdet akustikk. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til PhD-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa under bachelorgraden, emna under mastergraden, samt masteroppgåva, være C eller betre. PhD-utdanning blir vanlegvis finansiert ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.