Hjem
Utdanning
Studieretning

Eksperimentell kjerne- og partikkelfysikk

  • Lengde2 År
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Kjernefysikk er studiet av dei ulike delane av ein atomkjerne og vekselverkandene mellom dei.

Oppbygginga og strukturen i atomkjernen er eit sentralt tema for kjernefysikarar, men studiet av kjernematerien femner om eit vidt spekter av fenomen som til dømes strukturen til elementærpartiklane, nøytronstjerners indre og «urstoffet» i den tidlege fasen til universet.

Partikkelfysikk handlar om å forstå dei minste byggesteinane i naturen og kreftene som verkar mellom desse.

Kjerne- og partikkelfysikk har og ein viktig rolle innan medisin med stråle- og partikkelterapi som nyttast i behandling av kreft.

Masterprogrammet byr på analyse av eksperimentelle data i kjerne- og partikkelfysikk, som gjev praktisk erfaring med å handtere store datamengder og skape meining ut av desse. Utvikling og testing av apparat til bruk i eksperimenta inneheld og data-analyse, i tillegg til førstehands erfaring med høgteknologisk elektronikk. Arbeidet går føre i eit internasjonalt fagmiljø og studentane eksponerast for samarbeid i store internasjonale prosjekt, til dømes CERN (European Organization for Nuclear Research). Både studiet og arbeidet i forskingsgruppa er retta inn mot å støtte opp om bygging, utføring og tolking av eksperimenta i desse sentra. Studiet øver studentane i kritisk tolking av eigne og andres idear i både skriftleg og muntleg framstilling.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • gjere greie for dei fundamentale byggjesteinane i naturen og dei ulike delane av ein atomkjerne og vekselverkandene mellom dei
  • gjere greie for partiklane og vekselverknadene som er skildra i Standardmodellen
  • gjere greie for grunnleggjande idéar innan kjernefysikk
  • forklare utvalde eksperimentelle metodar og måleteknikkar i eksperimentell kjerne og partikkelfysikk
  • vise at ein har avanserte kunnskapar innan eksperimentell kjerne- og partikkelfysikk på eit godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytta til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

  • utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
  • handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • analysere problemstillingar i eksperimentell kjerne- og partikkelfysikk og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
  • orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
  • analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan eksperimentell kjerne- og partikkelfysikk
  • analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse

  • kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan eksperimentell kjerne- og partikkelfysikk, både med spesialistar og til allmennheita
  • kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet kan avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Studiestart - semester

haust (hovudopptak og vår (suppleringsopptak).

Opptakskrav

Masterprogrammet i fysikk, retning eksperimentell kjerne- og partikkelfysikk byggjer på ein bachelorgrad i fysikk, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Utrekning av karaktersnitt

For bachelor i fysikk (UiB) beregnes karaktersnitt av følgende emner:

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i fysikk
  • Bachelorgrader som fyller kravene til grunnleggende emner i matematikk, lineær algebra, differensiallikningar, funksjonar av fleire variable, mekanikk, elektromagnetisme, termodynamikk, moderne fysikk, laboratoriekurs i fysikk og prosjektoppgave/bacheloroppgave eller tilsvarande.

Du må også ha:

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen