Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i fysikk - Måleteknologi og nanofysikk

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i Måleteknologi og nanofysikk har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust (Hovudopptak) og vår (suppleringsopptak)

Mål og innhald

Måleteknologi er ein viktig del av vår kvardag, og grensene for kva som kan målast blir stadig strekte ved å utnytte ulike kjemiske og fysiske eigenskapar, frå nano til makroskopisk skala, hos materiale til utvikling av fornybare energikilder, sensorar og instrument for ei rekkje bruksområde. Ny og forbetra måleteknologi for karakterisering av materialer på mikro og nanoskala spelar ei svært viktig rolle ved utvikling av fornybar energiteknologi.

Spesialisering i måleteknologi krev god kunnskap om fysikken bak dei ulike måleprinsippa, i tillegg til innsikt i prosessen som skal målast. Nye metodar og materiale gjer det mogleg å utvikle sensorar der ein kan trekkje meir informasjon ut frå kvar enkelt måling. Det blir fokusert på optiske og elektromagnetiske måleprinsipp. Det vert utvikla energiteknologi og målesystemer for fornybar energi, slik som solceller, regnceller og andre typar fornybare energisystemer. Det vert også utvikla sensorar og avbildningsystemer for karakterisering av partiklar og strukturar, frå mikroskopisk til nanonivå.

Arbeidsmetodane, som er ein viktig del av utdanninga, spenner frå teori og modellering til eksperiment og utvikling av prototypar. Dette blir gjerne utført i nært samarbeid med industri og andre institutt som Christian Michelsen Research AS, ofte i form av eksterne master- og doktorgradsprosjekt.

Masterprogrammet i måleteknologi gjer eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i faget. I arbeidet med masteroppgåva vert analyserte målingar og resultata vert vurderte i lys av dei hypotesane som blir testa.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • kan forklare utvalde aktuelle eksperimentelle metodar og teknikkar innan måleteknologi
  • kan vise at ein har avanserte kunnskapar innan måleteknologi på eit godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytta til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan utføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
  • kan analysere problemstillingar i måleteknologi og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kan delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • kan gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat

Opptakskrav

Masterprogrammet i fysikk, retning måleteknologi og nanofysikk byggjer på ein bachelorgrad i fysikk, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Utrekning av karaktersnitt

For bachelor i fysikk (UiB) beregnes karaktersnitt av følgende emner:

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i fysikk
  • Bachelorgrader som fyller kravene til grunnleggende emner i matematikk, lineær algebra, differensiallikningar, funksjonar av fleire variable, mekanikk, elektromagnetisme, termodynamikk, moderne fysikk, laboratoriekurs i fysikk og prosjektoppgave/bacheloroppgave eller tilsvarande.
  • Ingeniørutdanninger i elektronikk /automasjon/datateknikk, inkludert fordypningsemne i fysikk/matematikk 3 (Videregående matematikk og fysikk for data og elektro)

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

I tillegg til bachelorgraden er generell kompetanse i fysikk og matematikk nødvendig. Grunnleggande ferdigheter i programmering er også sterkt anbefalt.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: Ein emnedel på 60 studiepoeng og mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng.

Emne: Emna PHYS205 «Elektromagnetisme II» og PHYS208 «Faststoff-fysikk» er obligatoriske. I tillegg kjem 40 studiepoeng med valfrie emne som vert valt i samråd med rettleiar.

Masteroppgåva: PHYS399 Masteroppgåve i fysikk er på 60 studiepoeng. Masteroppgåva skal leverast innan en fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.

Tilrådd studieplan:

1. semester: PHYS208 - PHYS205 - valgemne

2. semester: valgemne - valgemne - masteroppgåve

3. semester: valgemne - masteroppgåve - masteroppgåve

4. semester masteroppgåve

Tilrådde valemne

40 studiepoeng i mastergraden er valfrie og skal veljast i samrå med rettleiar.

Aktuelle valemne kan vere: HTEK201, HTEK202, HTEK301, PHYS206 «Statistisk fysikk», PHYS263 «Laboratoriekurs i optikk», PHYS264 «Atmosfærisk og marin optikk» eller PHYS271 «Akustikk», NANO161 og/eller spesialpensum.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, seminar og sjølvstudium. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Studiet avsluttas med ein presentasjon og munnleg eksamen etter at masteroppgåva er levert inn og vurdert.

Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Mastergrad i måleteknologi og instrumentering gjev mogelegheiter for forsknings- og utviklingsarbeid innan industri, næringsliv og forskningsinstitutt. Det er også moglegheiter for arbeid innan offentleg forvaltning og i skuleverket (fast tilsetjing føreset pedagogisk basisutdanning). Ein mastergrad i målevitenskap kvalifiserer til eit ph.d.-studium i målevitenskap eller nærliggende fagfelt, som vil opne for undervisnings- og forskningsarbeid ved universitet, statlege høgskuler og forskningsinstitutt.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studie.fysikk@uib.no

Tlf 55 58 27 66