Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMNFY-OPTIKK Optikk, vår 2024

Namn på grad

Master i fysikk - optikk

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i optikk har eit omfang på 120 studiepoeng opg er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust (Hovudopptak) og vår (suppleringsopptak).

Mål og innhald

Optikk handlar om å forstå eigenskapane til synleg, ultrafiolett og infraraudt lys, samt å studere korleis lys vekselverkar med materie, og korleis ein kan bygge instrument som enten måler lys direkte eller bruker lys til å måle andre parametrar.

Masterprogrammet i optikk skal gje eit breitt grunnlag og god forståing for aktuelle problemstillingar i faget. I arbeidet med masteroppgåva vert målingar og modellar analysert og vurdert i lys av dei hypotesane som blir testa. Studiet gir erfaring med munnleg og skriftleg framstilling av resultat og teoriar, og trening i å kunne lese og vurdere relevant faglitteratur.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • gjengi fakta og drøfte grunnleggjande idear om vekselverknad mellom lys og materie
  • forklare utvalde eksperimentelle metodar og måleteknikkar
  • vise generell avansert kunnskap innan optikk, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytt til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

  • utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
  • handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • analysere problemstillingar i optikk og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori, modellering og eksperimentelle metodar
  • orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
  • analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idear innan optikk
  • analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse

  • kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan optikk, både med spesialistar og med allmennheita
  • kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Opptakskrav

Masterprogrammet i fysikk, retning optikk, byggjer på ein bachelorgrad i fysikk, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Utrekning av karaktersnitt

For bachelor i fysikk (UiB) beregnes karaktersnitt av følgende emner:

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i fysikk
  • Bachelorgrader som fyller kravene til grunnleggende emner i matematikk, lineær algebra, differensiallikningar, funksjonar av fleire variable, mekanikk, elektromagnetisme, termodynamikk, moderne fysikk, laboratoriekurs i fysikk og prosjektoppgave/bacheloroppgave eller tilsvarande.

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

I tillegg til bachelorgraden er generell kompetanse i fysikk og matematikk nødvendig. Grunnleggande ferdigheiter i programmering er også sterkt anbefalt.

Obligatoriske emne

Masterprogrammet er sett saman av:

  • Eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (PHYS399 Masteroppgåve i fysikk) på 60 studiepoeng
  • PHYS263 Laboratoriekurs i optikk (10 studiepoeng)
  • PHYS264 Atmosfærisk og marin optikk (10 studiepoeng)
  • Emne og eventuelt spesialpensum på til saman 40 studiepoeng valt i samråd med rettleiar.

Masteroppgåva skal leverast innan ein fast frist i slutten av fjerde semester (20. november eller 1. juni avhenig om du startar på masterprogrammet haust eller vår).

Anbefalt studieplan:

1. semester: PHYS263 - PHYS205 - valfritt emne

2. semester: PHYS264 - valfritt emne - valfritt emne

3. semester: Master's thesis

4. semester: Master's thesis

Tilrådde valemne

Desse emne kan med fordel inngå i bachelor- eller mastergraden:

Andre emne som inngår i mastergraden blir valt i samråd med rettleiaren.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølge for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».

Delstudium i utlandet

Eventuelt opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, seminar, sjølvstudium og laboratorie-/feltarbeid. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

The final step in the programme is an oral presentation and examination after the master's thesis is submitted and evaluated.

The most common assessment methods in the courses are oral examination. The assessment methods for each course are described in the course description.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F. For masteroppgåva blir det nytta bokstavkarakter. Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga, må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre. Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Mastergrad i optikk kan til dømes gi jobb i teknologisk retta verksemder (spesielt innan optisk teknolog), forsking, programmering, offentleg forvaltning og undervisning.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studie.fysikk@uib.no

Tlf 55 58 27 66