Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i arbeids- og organisasjonspsykologi

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er eit 2-årig studieprogram (120 studiepoeng).

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studieprogrammet tillèt dei med bachelorgrad i psykologi med fordypning i arbeids- og organisasjonspsykologi å tileigne seg ekspertkunnskap og relevant forskningsbasert dugleik innan dette fagfeltet. Kandidatane skal fordjupe  seg i aktuelle faglege perspektiv i arbeids- og organisasjonspsykologisk forsking og anvendt evidens basert prakis, samt lære relevant vitskapsteori og forskingsmetode. I andre året av studiet skriv kandidatane ei masteroppgåve innan si retning som utgjer eit sjølvstendig bidrag til forskingslitteraturen.

Studiet gir forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling, herunder med fokus på arbeidsmiljøarbeid og konflikthandtering.

Studiet kvalifiserer for ei rekkje typar arbeid der endringskompetanse, kritisk tenking, akademisk skriving, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i lag er etterspurde evner. Studiet legg òg grunnlaget for vidare forsking, anten som ei akademisk karriere (ph.d.-studium), eller innan andre yrke der forsking inngår som ei av aktivitetane.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten skal ved fullført grad:

  • ha avansert kunnskap innanfor teori, forskning og anvendt utviklings- og forbetringsarbeid i fagfeltet arbeids- og organisasjonspsykologi, då med særleg vekt på arbeidsmiljøarbeid og konflikthandtering og i høve utvikling av leiarar, team og organisasjonar.
  • ha inngåande kunnskap om dei vitskaplege teoriane og metodane i denne delen av psykologifaget.

Dugleik:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

  • nytte sine kunnskapar og evner på nye område for å gjennomføre avanserte utviklings-  og forbetringstiltak og anna relevante oppgåveløysingar innan fagfeltet arbeids- og organisasjonspsykologi.
  • analysere faglege problemstillingar og forskingsspørsmål med basis i relevant teori, forskning , faghistoria og evidensbasert kunnskap.
  • gjere greie for viktige og grunnleggande føringar i norske lov- og avtaleverk i høve arbeid som endringsagent innan arbeidsmiljøfeltet og anna arbeids- og organisasjonspsykologisk praksis
  • analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor fagfeltet, og arbeide sjølvstendig med teoretisk og praktisk problemløysing og endringsarbeid.
  • bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte.
  • analysere og halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere fagleg baserte analyser, resonnement og val av arbeidsmetodikk.
  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing som er i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar.

Generell kompetanse:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

  • analysere fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar innan fagfeltet
  • formidle frå eige sjølvstendig arbeid og meistre uttrykksformene i psykologifaget.
  • kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor psykologifaget, både med spesialistar og til allmenta.
  • bidra til fagleg nytenking, til gode forbetringsprosessar og utviklingsprosessar hos individ, grupper og organisasjoner innanfor arbeidslivet.

Opptakskrav

Masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping (spesialisering) innan denne delen av psykologifaget:

  • Bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande på minst 10 studiepoeng
  • 15 studiepoeng metode (kvalitativ og kvantitativ metode)
  • Ei fordjuping på minst 20 studiepoeng i arbeids- og organisasjonspsykologi og 7,5 SP leiingspsykologi.
  • For søkjarar som har gjennomført ei bacheloroppgåve innan feltet arbeids- og organisasjonspsykologi er krava 15 sp fordjuping innan arbeids- og organisasjonspsykologi og 7,5 SP i leiingspsykologi, i tillegg til bacheloroppgåva

Bachelorgrader som kvalifiserer:

Bachelor i arbeids- og organisasjonspsykologi ved UiB. Snittet blir rekna ut av 90 studiepoeng frå spesialiseringsemna:

  • PSYK110 Arbeids- og organisasjonspsykologi, 30 studiepoeng
  • PSYK200 Leiingspsykologi, 15 studiepoeng
  • PSYK202 Metode, 15 studiepoeng
  • PSYK201 Bacheloroppgåve, 15 studiepoeng
  • Dei siste 15 studiepoenga frå beste resultat av gjenståande spesialisering:
    • PSYK114 Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi, 15 studiepoeng
    • PSYK106 Personalpsykologi, 15 studiepoeng
    • PSYK112 Sosial og personlegdomspsykologi, 10 studipoeng + PSYK210 Nyare teoretiske, metodiske og empiriske bidrag i arbeids- og organisasjonspsykologi, 5 studiepoeng

Bachelor i generell psykologi ved UiB. Kvalifiserer viss dei har tatt PSYK110 og PSYK200 som valemne. Snittet blir då rekna ut av 90 studiepoeng frå:

  • PSYK110 Arbeids- og organisasjonspsykologi, 30 studiepoeng
  • PSYK200 Leiingspsykologi, 15 studiepoeng
  • PSYK202 Metode, 15 studiepoeng
  • PSYK250 Bacheloroppgåve i generell psykologi, 15 studiepoeng
  • Dei siste 15 studiepoenga frå beste resultat av gjenståande spesialisering:
    • PSYK114 Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi, 15 studiepoeng
    • PSYK207 Læring og atferdspsykologi, 15 studiepoeng
    • PSYK208 Affekt og kognisjon, 15 studiepoeng
    • PSYK112 Sosial og personlegdomspsykologi, 10 studipoeng + PSYK206 Artikkellesing, 5 studiepoeng

Andre bachelorgradar ved UiB eller frå andre universitet og høgskular kan kvalifisere dersom ein har 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande, og dekker resten av opptakskrava, herunder den nevnte faglege fordjupinga innan arbeids- og organisasjonspsykologi og leiingspsykologi.

Ein må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet er dekka med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen utover opptakskrava til studiet.

Innføringsemne

Ikkje aktuelt

Obligatoriske emne

  • MAPSYK301 Perspektiv i psykologisk vitskap, 15 sp
  • MAPSYK321 Leiar-, team og organisasjonsutvikling, 15 sp
  • MAPSYK322 Arbeidsmiljøarbeid og konflikthåndtering. 15 sp
  • MAPSYK302 Forskingsmetodar, 15 sp
  • MAPSYK345 Masteroppgåve, 45 studiepoeng

Spesialisering

Emnet MAPSYK323 er ei spesialisering i praktisk organisasjonspsykologisk arbeid. Emnet er ikkje obligatorisk men kan etter søknad erstattas av andre relevante emne ved UiB eller andre institusjonar innanlands eller utanlands.

Tilrådde valemne

Ingen særskilte

Rekkefølgje for emne i studiet

I det første semester vert det undervist i MAPSYK301 og deretter MAPSYK321. I andre semester undervisast det i MAPSYK322 og MAPSYK302.

Masteroppgåva MAPSYK345 skal skrivast i tredje og fjerde semester med innlevering seinast innan midten av mars i fjerde semester. I siste halvdel av fjerde semester vert det undervist i emnet MAPSYK323. Dette emnet er eit valemne og kan etter søknad erstattas med andre relevante emne ved UiB eller ved andre institusjoner i inn og utland.

Krav til progresjon i studiet

Emna MAPSYK301 og MAPSYK321 og MAPSYK322 og MAPSYK302 eller tilsvarande må være greidde før ein kan gå vidare på arbeidet med masteroppgåva.

Emnet MAPSYK323 krev at ein først har greid MAPSYK301, MAPSYK321 og MAPSYK322 eller tilsvarande kurs under delstudium i utlandet.

Første år:

1. semester (haust):

  • MAPSYK301 Perspektiv i psykologisk vitskap, 15 sp
  • MAPSYK321 Leiar-, team og organisasjonsutvikling, 15 sp

2. semester (vår):

  • MAPSYK322 Arbeidsmiljøarbeid og konflikthåndtering. 15 sp
  • MAPSYK302 Forskingsmetodar, 15 sp

Andre år:

3. og 4. semester (haust og vår):

4. semester (vår)

  • MAPSYK323 Praktisk utviklingsarbeid og rollen som intern og ekstern utviklingsagent: studentfirma, 15 sp

Delstudium i utlandet

Som masterstudent i arbeids- og organisasjonspsykologi er det mogleg og faglig anbefalt at du tar deler av utdanninga di i eit anna land, og vi har fleire utvekslingsavtalar som kan vere aktuelle. Vi anbefalar at du drar ut i ditt 2. semester. Du må ta minimum 7,5 sp i metode, gjerne meir. Dei resterande studiepoenga er valfrie innanfor masterprogrammets tematikk.

Du kan og gjennomføre inntil 15 sp. som relevante valemne i utlandet eller ved ein annan norsk utdanningsinstitusjon i ditt 4. semester som erstatning for MAPSYK323 Praktisk utviklingsarbeid og rollen som intern og ekstern utviklingsagent: studentfirma.

Fakultetet hjelper deg med å finne et emnetilbud ved ein av våre samarbeidspartnarar som passer til dine faglege interesser og planar.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsforma for einskildemna som inngår i kursdelen, er omtalt i emneskildringa. Det er mellom anna forelesingar, seminar, gruppearbeid, case-arbeid, diskusjon av forskingslitteratur, skriftleg og munnleg presentasjonar, samt eit valfritt praktisk prosjektarbeid i ein organisasjon (MAPSYK323).

Vurderingsformer

Vurderingsforma for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er nærare omtalt i emneskildringane. Det vert nytta ulike vurderingsformer som skuleeksamen og heimeeksamen.

Studentar skal skrive ei masteroppgåve på 45 studiepoeng i det andre året, som hovedregel i samarbeid med ein annan student. Ein får felles karakter på oppgåva. Det vert gitt rettleiing frå fagmiljøet på oppgåva der ein kan samle eigne data, skrive teoretisk eller basere seg på allereie innsamla data frå rettleiar eller fagmiljøet elles.

Karakterskala

Karakterskalaen for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa. Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med avlagt mastergradseksamen er ein kvalifisert for opptak til PhD-studiet (doktorgrad).

Relevans for arbeidsliv

Kandidatar med ein mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi vil typisk arbeide med personalutvikling, arbeidsmiljøutvikling, leiarutvikling og organisasjonsutvikling, både i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

Kandidatane vil kunne arbeide i personal/HR-avdelingar, innan bedriftshelsetenester, i konsulentselskap, offentlig forvaltning og administrasjon, og innan forsking og utdanning.

Studiet kvalifiserer for vidare forskarutdanning. Studiet gjev praktisk analytisk kompetanse for ulike typar arbeidsoppgåver, som mellom anna sjølvstendig planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd samt informasjonsarbeid.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evalueringa for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa.

Skikkavurdering og autorisasjon

Ikkje aktuelt

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet