Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i sosiologi med integrert praktisk-pedagogisk utdanning

Undervisningsspråk

Undervisninga i fag 1 vil oftast vere på norsk, men kan også vere på engelsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen

Mål og innhald

Lektorutdanning med master i sosiologi er ei femårig lærarutdanning. Den er eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skolen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid samfunnsfagleg kunnskap (fag I) og eit anna universitetsfag (fag II) med kunnskap om fagdidaktikk, pedagogikk og undervisningspraksis. Den gir undervisningskompetanse i både samfunnsfag (fag I) og eit av fleire fag ein får tilbod om å ta ved Det humanistiske fakultetet (fag II).

Masteprogrammet har som mål å styrke den samfunnsfaglege kompetansen i skolen gjennom å utdanne fagleg dyktige samfunnsfagslærarar. Det gir brei kunnskap om arbeidsfelt, teoriar og metodiske tilnærmingsmåtar i sosiologifaget, (fag I) kombinert med kompetanse i nordisk, andre språkfag, historie eller religion (fag II).

Studiet er bygd opp av av emne på alle nivå som inngår i ein bachelor- og mastergrad. Det er emne på 100- og 200-nivået i både fag 1 og fag 2. I fag 1 er det også emne på masternivå. I tillegg kjem pedagogiske og fagdidaktiske emne pluss 100 dagar praksis på ungdomstrinnet og i vidaregåande skole.

Studiet er bygd opp med ein bestemt progresjon frå første til tiande semester. Første semester gir generell introduksjon til faglege og pedagogiske perspektiv og problemområde, ved sidan av ex.phil. Så kjem ei brei innføring i sosiologisk teori og metode i andre semester, før spesifikke sosiologiemne og fagdidaktikk og pedagogikk. Eit første møte med praksis i første semester blir følgt opp med ny praksisrunde i tredje. Etter første halvanna år med vekt på fag 1, pedagogikk og didaktikk, kjem fjerde semester med fag 2. Dei to siste semestra på bachelornivå opnar for fagleg og pedagogisk sjølstende og fordjuping gjennom fokus på sosiologisk analyse, utanlandsopphald, arbeid med bacheloroppgåve og fagdidaktiske emne. Studiet på masternivå i 7 og 8 semester vektar likt fagleg fordjuping (teoretisk og metodisk) og pedagogisk teori og praksis. Dette gir eit grunnlag for arbeid med masteroppgåva og utvikling av fagleg modning og sjølstende mot slutten av studiet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har overblikk over dei perspektiva, omgrepa og metodane som sosiologar plar bruke til å analysere samfunnstilhøve med
  • viser god forståing av samanhengane mellom desse perspektiva, omgrepa og metodane og evne til å forklare kva som gjer dei relevante ved undersøkingar av samfunnstilhøva
  • har brei kunnskap om korleis dei moderne samfunna har utvikla seg og om dei viktigaste sosiale institusjonane i slike samfunn
  • har brei kunnskap om velferdsproblem, velferdstiltak og velferdsstatar
  • har inngåande kunnskap om utvikling av skolen som organisasjon og brei forståing for skolen sitt mandat, verdigrunnlaget i opplæringa og i opplæringsløpet
  • har inngåande kunnskap om teoriar og problemstillingar knytte til fagdidaktiske og pedagogiske spørsmål
  • har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for skolen, og kan nytte denne på nye område som er relevante for profesjonsutøvinga

Ferdigheiter

Kandidaten

  • har velutvikla evne til å orientere seg i faglitteratur, kan analysere og har ei kritisk haldning til informasjonskjelder og eksisterande teoriar i fagområda
  • har velutvikla evne til å vurdere kor godt underbygde konklusjonane i studiar av samfunnet er
  • har velutvikla evne til å skaffe relevant informasjon om samfunnsspørsmål, kan vurdere og analysere informasjonen med relevante metodar og sosiologiske omgrep, og kan gi munnlege og skriftlege presentasjonar av kunnskapen dette fører fram til
  • kan utføre undersøkingar av samfunnstilhøve med både kvantitative statistiske metodar og kvalitative metodar av ulike slag
  • kan på eit sjølvstendig og fagleg grunnlag bruke varierte arbeidsmetodar og relevante metodar frå forsking og fagleg utviklingsarbeid til å utvikle god undervisningspraksis
  • har velutvikla evne til å tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og kan skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
  • har evne til ei kritisk, sjølvstendig tilnærming til digitale verktøy og kan nytte dei i undervisning, planlegging og kommunikasjon og til å rettleie unge i den digitale kvardagen
  • kan vurdere og dokumentere elevar si læring og kompetansen deira, og kan gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har oversikt over og kan diskutere forskingsetiske problem innan informasjonshandtering og samfunnsforsking
  • har evne til å bidra til innovasjonsprosessar og nytenking, og til å gjennomføre profesjonsretta fagleg utviklingsarbeid
  • har evne til på sjølvstendig grunnlag å vidareutvikle eigen kompetanse og kan bidra til fagleg og organisatorisk utvikling i skolen og blant kollegaer
  • kan byggje relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta innanfor gitte tidsfristar
  • kan gi sakleg og grunngjeven argumentasjon, skriftleg og munnleg

Opptakskrav

  • Generell studiekompetanse eller realkompetanse
  • Karakteren 3 i norsk (393 timar)
  • Anten minimum 35 skulepoeng og 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar)
    eller minimum 40 skulepoeng og 3,0 i fellesfaget matematikk (224 timar)
  • Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Obligatoriske emne

I programmet inngår obligatoriske emne i fag I, fag II, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte under «Rekkjefølgje for emne i studiet».

Studiet omfattar 100 dagar praksis fordelt over fire av studieåra som er knytte til profesjonsfaget, fag I og fag II. Aktivitetar knytte til praksis er obligatoriske. Sjå emneplan for praksis.

På masterstudiet skal studenten skrive ei masteroppgåve med eit omfang på normalt 70-110 sider, med ein påfølgande munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Emnet for masteroppgåva kan hentast frå alle disiplinar i fag I, inkludert fagdidaktikk. Det er gjort nærare greie for masteroppgåvearbeidet i eigne emneplanar

Spesialisering

Disse emnene går inn i spesialiseringen i fag 1:

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester

2. semester

3. semester

4. semester

  • Emner i fag 2, 30 stp

5. semester

  • Emner i fag 2, 20 stp
  • PEDA122, 5 stp
  • Fagdidaktikk fag 2, 5 stp
  • KOPRA103, 12 dager

6. semester

7. semester

8. Semester

9. og 10. semester

Delstudium i utlandet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Gjennom studiet får studenten møte undervisning i ulike former med ulike typar lærings- og refleksjonsaktivitetar (t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, prosjektarbeid, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy). For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skolen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planlegge og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det blir i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga vil vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med tileigning av kompetanse i å leggje til rette for elevane si læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som blir tilbydd, blir studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Studentane blir følgde opp gjennom semesteret og vil kvart semester få informasjon om korleis dei ulike undervisningstiltaka kan eller skal samordnast.

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer, til dømes skriftleg eksamen, munnleg eksamen, heimeeksamen og andre slags skriftlege arbeid. Sjå emneplanane for nærare opplysningar.

Karakterskala

Det vert nytta to karakterskalaer:

  • «bestått» / «ikkje bestått»
  • Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F

Sjå emneplanane for nærare opplysningar.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan gi grunnlag for doktorgradsstudium i relevante program

Relevans for arbeidsliv

Master i sosiologi med integrert praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer for tilsetjing på trinn 8-13 i den norske skolen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i to fag og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium.

Evaluering

Programmet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet).

Programansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Programstyret for lektorutdanning har eit overordna koordinerande ansvar.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@svfa.uib.no

Tlf. 55 58 98 50