Hjem

Spesialistutdanning i odontologi

Er du utdanna tannlege, kan du ta spesialistutdanning i odontologi og styrke og utvide din teoretiske og kliniske kompetanse. Du kan velje mellom sju ulike fagområde å spesialisere deg i. Med spesialisert kunnskap kan du hjelpe pasientar som har eit større og meir komplisert behandlingsbehov enn det allmenntannlegen kan tilby.
  • Lengde3 år
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng180
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

På dette studiet søker vi kontinuerleg etter den beste behandlinga basert på biologiske faktorar, tilgjengeleg teknologi og vitskapleg dokumenterte behandlingsmetodar.  

Spesialistutdanninga  

  • er fagleg stimulerande   
  • har høg klinisk relevans   
  • er utgangspunkt for ytterlegare fagleg fordjuping ved eventuelle framtidige forskingsprosjekt 
  • gir deg sterk tilknyting til fagmiljøet ved Institutt for klinisk odontologi og kan vere utgangspunkt for tilsetting i undervisninga etter fullført studium  

Utdanninga gjer deg i stand til å utføre komplisert behandling for pasientar, forankra i vitskapleg og tverrfagleg forståing. Samfunnet har behov for å tilby og vidareutvikle den beste, forskingsbaserte behandlinga til pasientane. Dette gjeld spesielt i dei tilfella der allmenntannlegen sin kompetanse ikkje er tilstrekkeleg for å hjelpe pasienten. Studiet er del av ei nasjonal satsing på kompetanseheving i odontologiske fag. 

Med spesialistutdanning får du  

  • fagleg utvikling 
  • drive med forsking   
  • fungere som konsulent og rådgjevar   
  • vise ei etisk reflektert haldning til kunnskapsutvikling, forskingsprosessar og klinisk arbeid  

Sjå heile lista med læringsutbytte

Studiekvardag 

Du kan spesialisere deg i endodonti, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, pedodonti, periodonti og protetikk.  

På spesialistutdanninga får du implementere og fordjupe deg i avanserte kliniske teknikkar i eit tverrfagleg og stimulerande miljø. Du får tett oppfølging av både vitskaplege og kliniske rettleiarar, og du kan bli medlem i ei forskargruppe.   

Tidlegare studentar har sett pris på den store nytteverdien og det tverrfaglege miljøet med gode samarbeidspartnarar.  

Studiet er lagt opp av klinisk pasientbehandling, seminar, praktiske øvingar, kurs og sjølvstudium. Det aller meste er obligatorisk, og du må rekne med fulle dagar, om lag 35 timar i veka. Litteraturen og undervisninga er på skandinaviske språk og engelsk. 

Sjå óg det utfyllande reglement for studiet.     

Kva kan du jobbe som? 

Spesialistutdanninga leier til offentleg spesialistgodkjenning som tannlege i ditt fagområde. Det er behov for spesialistar i odontologi i både privat og offentleg sektor.  

Andre aktuelle karrierevegar er  

  • stipendiatstilling og forskarutdanning til ph.d.-graden 
  • overtannlegestilling ved IKO   
  • klinisk rettleiarstilling knytt til spesialistutdanninga ved IKO   
  • konsulentverksemd i fagforeininga eller i den private legemiddelindustrien   
  • kurshaldar for ulike aktørar innan fagområdet 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Opptakskrava til studiet er  

  • bestått odontologisk grunnutdanning  
  • oppfylling av språkkrava i norsk/skandinavisk og engelsk    
  • norsk autorisasjon som tannlege  
  • minimum to års erfaring på fulltid frå allmennpraksis i eit nordisk land på tidspunktet du søker  

Les korleis vi vil rangere søkarane.  

Frist for å søke om opptak til spesialistprogrammet, samt dokumentasjonsfrist,er 10. september kvart år. Det er viktig å legge ved dokumentasjon på kvalifikasjonar. Du vil få svar på søknaden din i februar/mars året etter.  

Studiets oppbygging 

Spesialistutdanninga i odontologi er eit treårig fulltidsstudium på 180 studiepoeng med oppstart i august og januar. 

Praksis  

Det aller meste av klinisk trening og praksis blir utført ved Spesialistklinikken ved IKO, klinikk for oral kirurgi og oral medisin, klinikk for kjeveortopedi, klinikk for kjeve- og ansiktsradiologi og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Hordaland. Noko av det kliniske arbeidet kan du utføre ved andre institusjonar, som Haukeland universitetssjukehus (HUS) og regionale odontologiske kompetansesenter (ROK) som er godkjent av instituttet.  

Spesialistoppgåve  

Du skal skrive ei spesialistoppgåve basert på eiga forsking eller litteraturstudium som du arbeider med parallelt gjennom heile studiet. Totalt er den anslått til å ta eitt semester å skrive. Du får ein vitskapleg rettleiar ved studiestart, og saman avklarar de tema for oppgåva. Du kan skrive oppgåva i samarbeid med andre institutt eller ROK.   

Sjå oversikt over alle emne

Studieretningar

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studiet.   

Vidare studiemoglegheiter 

Du kan gå vidare med ph.d.-studium og ta ein doktorgrad

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 61 86  

E-post: else.fredriksen@uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast. 

Studieplan