Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i undervisning med fordjuping i norsk

Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng

Studiet er eit deltidsstudium som går over fire år, åtte semester. Ein føreset at det vert avlagt eksamen i 15 studiepoeng pr. semester. Undervisninga er samlingsbasert med normalt tre samlingar à to dagar i semesteret. Frammøte til samlingane er obligatorisk. Sjå elles opplegg for dei einskilde emna i studiet.

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og bli nytta

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Masterstudiet i undervisning med fordjuping i norsk er eit fireårig deltidsstudium der målet er å vidareutdanne allmennlærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for oppgåver i den vidaregåande skulen.

Gjennom masterstudiet skal studentane tileigne seg teoretisk og erfaringsbasert kunnskap og dugleik som kan bidra til å utvikle deira kompetanse for å undervise i norsk i grunnskulen. Studiet har ei innretning som er relatert til praksis i skulen, og det er ei overordna målsetjing å kunne byggje bru mellom erfaringskunnskap frå norskfaget i skulen, den forskingsbaserte disiplinkunnskapen i nordiskfaget og den fagdidaktiske kunnskapen. Alle emne i studiet skal bidra til auka dugleik og refleksjon i høve til å undervise faget og kunne leggje til rette for at elevar kan lære i faget.

Studiet er praksisnært og masteroppgåva skal vere fagdidaktisk.

Programmet har tre delar: fellesemne, fag/ fagdidaktiske emne og masteroppgåve.

1. Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling ¿ fellesemne, 15 studiepoeng (4.¿ 5. semester)

2. Faglige/ fagdidaktiske emne på 200 og 300 nivå, 45 stp.

3. Vitskapleg metode og vurderingsteori, fellesemne, 15 stp.

4. Forskingsbasert, fagdidaktisk masteroppgåve, 45 stp.

Studiet vil gi ei innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar knytte til masterfaget, og inneheld trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av norskfaget i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at studentane kan bidra til å vidareutvikle norskfaget. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

Studentane skal gjennom det faglege innhaldet få møte fordjupingsemne både innanfor nordisk språk og litteratur og fagdidaktikk slik at dei kan få eit teoretisk grunnlag for å gå vidare med masteroppgåvene. Fordjupingsemna er forskingsbaserte.

Læringsutbyte

  1. Fagleg kunnskap

Studentane skal

    • ha tileigna seg ein høg fagkompetanse innanfor språk og litteratur
    • ha utvikla ein fagdidaktisk kompetanse som gir innsikt i norskfaglege problemstillingar relevante for arbeid som norsklærarar
    • ha kjennskap til teoriar om språk, språklæring og kommunikasjon.
    • ha innsikt i litteraturteori og litterær metode, og kunne bruke slik kunnskap i eiga tolking og i undervisning.
    • kunne diskutere og presentere grunnleggjande problemstillingar knytt til norskfagets danningspotensial og samfunnsoppdrag
    • kunne planleggje og gjennomføre eit norskfagleg masterprosjekt på ein sjølvstendig og systematisk måte i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

B) Tilrettelegging for elevars læring i faget

Studentane skal

    • Kunne undersøke læring i eige klasserom i norskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori og presentere refleksjon over dette
    • kunne vurdere læremiddel og arbeidsformer i norsk i høve til alle dei ulike emna i skulefaget, og kunne grunngi val og vurderingar i høve til eige fagsyn

Opptakskrav

Søkjarane må ha allmennlærarutdanning med minst 60 studiepoeng i norsk/ nordisk, eventuelt ein bachelorgrad der det inngår minst 60 studiepoeng i norsk/nordisk og praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande.

Krav til opptak er vidare minst to års relevant undervisningserfaring frå skulen.

Opptakskrav er i høve til § 5 i Forskrift om krav til mastergrad

Du søkjer via Søknadsweb: https://fsweb.no/soknadsweb/login.jsf

Tilrådde forkunnskapar

-

Innføringsemne

-

Obligatoriske emne

I programmet inngår obligatoriske emne i språkkunnskap (15 studiepoeng), litteraturteori og metode (15 studiepoeng), fagdidaktikk (15 studiepoeng), vitskapleg metode og erfaringsdeling (15 studiepoeng) og prosjektførebuande emne (15 studiepoeng). I tillegg kjem masteroppgåva på 45 studiepoeng. Det prosjektførebuande emnet begynner undervisninga i 4. semester og har innlevering av prosjektskisse i 5. semester. Prosjektskissa for masteroppgåva skal vere greidd før sjølve arbeidet med masteroppgåva tek til.

Spesialisering

-

Tilrådde valemne

-

Rekkefølgje for emne i studiet

Studiet er organisert som eit deltidsstudium over åtte semester der føresetnaden er at studentane tek 15 studiepoeng i kvart semester

Masterstudiet med fordjuping i norsk har følgjande emne:

1 semester (haust):

NORMAU642: Litteraturteori og metode for master i undervisning (15 stp.)

2. semester (vår):

NORMAU641: Språkkunnskap for erfaringsbasert master i undervisning (15 stp)

3. semester (haust):

NORMAU643: Nordisk fagdidaktikk for master i undervisning (15 stp.)

4. semester (vår) fellesemne:

METMAU660: Vitskapeleg metode og erfaringsdeling (15 stp.)

5. semester (haust), fellesemne:

NORMAU644: Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling (15 studiepoeng)

Undervisninga går frå 4.-5. semester der 5. semester er vurderingssemesteret.

6.-8. semester:

NORMAU655: Erfaringsbasert masteroppgåve i undervisning med fordjuping i norsk (45 stp.)

Delstudium i utlandet

-

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane. Noko av arbeidet i studiet vil kunne skje gjennom nettbasert kommunikasjon

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.

Det er obligatorisk med rettleiing på masteroppgåva, og studenten må skrive kontrakt med ein rettleiar i løpet av det siste semesteret før arbeidet med sjølve masteroppgåva tek til.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om også sjølve å organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer: For nærmare informasjon om vurderingsformer, sjå emneplanane for dei einskilde emna. Masteroppgåva vert etterfylgt av ein munnleg eksamen.

Karakterskala

Fagemne og masteroppgåva blir vurderte etter karakterskalaen A-F. Fellesemnet Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling blir vurdert som greidd / ikkje greidd.

Obligatoriske aktivitetar vert vurderte med godkjent/ ikkje godkjent.

Vitnemål og vitnemålstillegg

-

Grunnlag for vidare studium

Studentane vil etter fullført masterstudium få lektorkompetanse.

Relevans for arbeidsliv

Fullført og greidd studium kvalifiserer som lektor i norsk med høve til å undervise i 5.-10. trinnet i grunnskulen og i vidaregåande utdanning. Studiet kvalifiserer òg for arbeid med norskfaglege tekstar og arbeidsoppgåver i andre samanhengar. I tillegg vil studiet kvalifisere for doktorgradsstudium ved relevante program.

Evaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem. Det kan nyttast ulike evalueringsformer.

Skikkavurdering og autorisasjon

-

Programansvarleg

Programstyret for nordisk.

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Det humanistiske fakultetet.

Universitetet i Bergen.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Kontaktinformasjon

evu.lle@uib.no