Hjem
Utdanning

Studieplan for ÅRPS Psykologi, årsstudium, vår 2024

Omfang og studiepoeng

Årsstudiet i psykologi har et omfang på 60 studiepoeng og er normert til 1 år.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Kvar haust. Søknad til studiet skjer gjennom Samordna opptak (SO).

Mål og innhald

Psykologi er det vitskaplege studiet av åtferd, kognisjon, affekt og samhandling. Psykologien forklarer åtferd med teoriar som er baserte på vitskaplege metodar. Målet med Årsstudiet i psykologi er å gje ei innføring i dei psykologiske basaldisiplinane (biologisk psykologi, kognitiv psykologi, personlegdomspsykologi, sosialpsykologi, utviklingspsykologi ,) i tillegg til ei innføring i psykologien sine forskingsmetodar og historie.

I dette studiet vil studenten lære om korleis hjernen styrer og påverkar åtferd. Studiet innehelder også stoff om korleis mennesket behandlar informasjon (som læring, hukommelse, intelligens, problemløysing). Andre sentrale tema er menneskelig utvikling og endring gjennom livet, korleis mennesket påverkas av andre og kva personlegdom er og forstås blir også vektlagt. Sentrale forskingsmetodar i psykologien blir også gjennomgått.

Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år ved fulltidsstudium (60 studiepoeng). Studieretten gir muligheit for:

1. Følgje tilrådde studieløp ved årsstudiet i psykologi (sjå under)

2. Ein kan studere eitt år med opne emne innan psykologiske fag

3. Ein kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen

Det tilrådde studieløpet i psykologi kan inngå som det første året i ein bachelorgrad i generell psykologi, og ein bachelorgrad i arbeids- og organisasjonspsykologi. Det kan òg vere inngå som valfrie emne i ei rekke gradsgjevande studieprogram ved Universitetet i Bergen. I tillegg gjer det undervisningskompetanse i psykologifaget i skulen. Det anbefalte studieløpet for årsstudiet i psykologi er:

* PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 sp): Emnet har som mål å gje ei oversikt over og innføring i faget psykologi. Studenten vil også lære om psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapleg disiplin.

* PSYK113 Innføring i metode (5 sp): Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i å forstå grunntrekk ved vitskapelig forskingsmetode, inklusiv forståing for skilnaden mellom kvantitative og kvalitative metoadar. Emnet skal og gje ein innføring i ei vitskapsteoretisk tilnærming til psykologifaget.

* PSYK112 Sosial- og personlighetspsykologi (10 sp): Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i form av forståing for psykologifaget sitt sosiale fundament og kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom.

* PSYK114 Utviklings-, kognitiv- og biologisk psykologi (15 sp): Emnet skal gje ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi.

* Valfritt emne (15 sp):

Her kan du velje mellom:

PSYK106 Personalpsykologi

PSYK109 Motivasjonspsykologi

PSYK115 Døgnrytmar, søvn og åtferd

PSYK116 Miljøpsykologi

PSYK117 Operativ psykologi

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten...

  • Har ei brei samla oversikt over psykologifagets grunnsdisiplinar
  • Har god oversikt over teoriar og funn innan fleire av psykologifaget sine grunndisiplinar Har kunnskap om sentrale omgrep i psykologifaget

Ferdigheiter:

Kandidaten...

  • Kan diskutere sentrale teoriar og sentrale funn i psykologifagets grunndisiplinar.
  • Kan reflektere over korleis atferd kan forklarast på ulike måtar
  • Kan diskutere ulike perspektiver innen psykologien

Generell studiekompetanse:

Kandidaten...

  • Har grunnleggjande forståing for psykologifagets historiske utvikling og typiske forskingsmetodar
  • Har kjennskap til sentrale idear, teoriar og kunnskapsområde innan faget

Opptakskrav

For å søkje opptak til Årsstudium i psykologi må du ha generell studiekompetanse eller oppfylle krava til realkompetanse.

Rekkefølgje for emne i studiet

Ingen av emna på årsstudiet har spesifikke forkunnskapskrav. Vi tilrår likevel å ta kursa i følgjande sekvens:

1. semester:

  • PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 sp)
  • PSYK113 Innføring i metode (5 sp)
  • PSYK112 Sosial- og personlighetspsykologi (10 sp)

2. semester:

  • PSYK114 Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi (15 sp)
  • Valfritt emne (15 sp)

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert normalt sett saman av førelesingar og seminarundervisning.

Vurderingsformer

Alle emna avsluttas med ein skuleeksamen eller heimeeksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emna som inngår i programmet nyttast karakterskalen A-F eller greidd/ikkje greidd.

Grunnlag for videre studium

Hele eller delar av studiet kan innpassast i ein bachelorgrad.

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet i psykologi kan i kombinasjon med andre fag gje kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, til dømes i skulen, i ulike delar av privat verksemd, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesen og liknande der psykologisk fagkunnskap er etterspurd. For å bli psykolog må du bli oppteken på, og fullføre, psykologstudiet.

Evaluering

Årsstudiet vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering av enkeltemne er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Adminstrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet

Yrkesvegar

Årsstudiet i psykologi kan i kombinasjon med andre fag gje kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, til dømes i skulen, i ulike delar av privat verksemd, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesen og liknande der psykologisk fagkunnskap er etterspurd. For å bli psykolog må du bli oppteken på, og fullføre, psykologstudiet.