Hjem
Utdanning

Namn på grad

Integrert master i medisinsk teknologi (sivilingeniør)

Omfang og studiepoeng

Integrert masterprogram i medisinsk teknologi (sivilingeniør) har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og Engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål:

Studiet har som mål å gje kandidaten ein teoretisk og praktisk kunnskap på høgt nivå innanfor medisinsk teknologi med tilstrekkeleg fordjuping i spesialiserings retningene kjemi eller fysikk. Basert på denne kunnskapen skal kandidaten vere i stand til å fullføre ei forskingsbasert masteroppgåve innanfor ei av forskingsgruppene ved kjemisk institutt, institutt for fysikk og teknologi eller ved laboratorier hos samarbeidspartnarar utanfor UiB.

Kandidaten skal både kunne nyttiggjere seg av etablert kunnskap og ta del i ein innovativ og vidare utvikling av fagfeltet.

Ein kandidat som gjennomfører masterprogrammet vil få erfaring i å leggje fram eigne resultat og teoriar både munnleg og skriftleg, og trening i å innhente og evaluere relevant vitskapleg litteratur.

Innhald:

Forskingsfelta som ein kan velje masteroppgåva innan, spenner over heile breidda av kjemi og fysikk, frå teoretiske til laboratorieorienterte oppgåver. Instituttet har ein moderne instrumentpark som sikrar at det eksperimentelle arbeidet som vert utført, er av høg kvalitet). Emnekombinasjonane som er sett opp for dei enkelte forskingsretningane, gir kandidaten ei teoretisk og praktisk fordjuping i ulike tema som blir nytta i løpet av arbeidet med masteroppgåva

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved gjennomført program ha læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • Har betydelege basiskunnskapar i dei matematisk-naturvitskaplege emna matematikk, fysikk, kjemi, statistikk og informatikk som dannar grunnlaget for dei teknologiske og avanserte emna i begge spesialiseringane (kjemi og fysikk) i medisinsk teknologi.
  • Har inngåande kunnskapar innan eit eller fleire av dei faglege områda: signalopphav, avansert simulering og dataprosessering, instrumentering for kjemisk analyse og syntese, syntese av legemidler, teknologi for diagnose og strålebehandling.
  • Har kunnskapar om dei utfordringar og mogelegheiter som fins mellom teknologi og etikk, datatryggleik, økonomi og samfunn.

Ferdigheter

Kandidaten

  • Kan analysere og identifisere utferdingar og problemstillingar innan utvalt områder i medisinsk teknologi
  • Kan bidra med utviklingsarbeid i teknologi og metodar som vert nytta innan utvalde fagområde innan medisinsk teknologi
  • Kan planlegge eksperiment og gjere kvantitative berekningar og analyser av store datamengder relatert til medisinsk diagnose og behandling
  • Kan skildre og nytte teknologi som er viktig i medisinsk teknologi og tilgrensande fagområde
  • Kan kommunisere og samarbeide med andre yrkesgrupper innan medisinske fag

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Kan nytte sine ferdigheter og kunnskapar på ein nyskapande måte i avanserte vitskapelege studiar, arbeidsprosesser og prosjekt
  • Har kjennskap til vitskaplege metodar som er naudsynte i støtte til vitskapelege studium og analyser
  • Kan kommunisere skriftleg og munnleg om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar med både fagspesialistar og i popularisert form
  • Kan bidra til nytenking og innovasjon i utviklinga av ny mogeleggjerande teknologi (emerging technology) for medisinsk diagnose og terapi
  • Vise forståing og respekt for verdiar som etikk, openheit, presisjon og pålitelegskap
  • Kan jobbe sjølvstendig og i grupper med avanserte vitenskapelige og/eller teknologiske prosjekter i samsvar med gjeldende normer for forkningsetikk

Opptakskrav

Generell studiekompetanse samt Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og R2 og Fysikk 1.

Opptakskode: SIVING

Tilrådde forkunnskapar

Gode forkunnskaper frå vidaregåande skule i matematikk, fysikk og kjemi er ein føremon.

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: emnedel (240 studiepoeng) og mastergradsoppgåve (60 studiepoeng). Studiet har to studieretningar: kjemi og fysikk, der retningane har felles alle obligatoriske emne 1. - 3. semester, fire emne i 4. og 5. semester og eitt i 6., 7 og 8. semester. For begge studieretningar er desse emna obligatoriske: MAT111, INF100, MTEK100, MAT121, PHYS111, KJEM110, MAT102/MAT112, INF161, PHYS112, FARM280, EX.PHIL, MTEK200, INNOV201, INF264, HTEK201, STAT110/KJEM225, MTEK399.

Innan studieretning kjemi er desse emna obligatoriske: KJEM130, KJEM124, KJEM250, KJEM260, MTEK330 og MTEK320. I tillegg kjem 20 studiepoeng med tilrådde emne, som ein vel i samråd med rettleiar.

Innan studieretning fysikk er desse emna obligatoriske: PHYS114, PHYS119, PHYS212, PHYS231, PHYS213, HTEK202. I tillegg kjem 20 studiepoeng med tilrådde emne, som ein vel i samråd med rettleiar.

Masteroppgåva: MTEK399 Masteroppgåve for integrert master i medisinsk teknologi er på 60 studiepoeng. Masteroppgåva skal leveras innan ein fast frist i slutten av tiande semester, 1. juni

Tilrådde valemne

20 studiepoeng i mastergraden er tilrådde emne og skal veljast i samråd med rettleiar.

Liste over tilrådde valemne (Alle emnene er 10 sp)

Kjemi

KJEM231, KJEM351, KJEM243, HTEK202, KJEM235, KJEM350

Medisinsk-kjemsisk analyse

FARM236, MOL100, KJEM235, KJEM351

Fysikk

PHYS206, PHYS205, PHYS116*, PHYS271, ELMED219 + Spesialpensum**

* Hvis man ønsker å ta PHYS271 som valgemne bør man ta PHYS116 som valgemne semesteret før.

** EIMED219 er eit 6 stp kurs, og man vil her ta eit 4 sp spesialpensum i tillegg, arrangert av veileder.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta 6. semester ved lærestader i utlandet, med førehandsgodkjente emne som erstattar obligatoriske emne i studiet. Ved ynskje om å reise på utveksling vert det tilrådd å ta kontakt med studierettleiar tidleg i studieløpet for å planlegge eit formålstenleg studieløp.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsforma for emna i studiet skjer i form av: førelesningar, laboratoriearbeid, øvingar, kollokvium og seminar. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Vurderingsformer

Vurderinga på emna i studiet er: skriftleg eksamen, munnleg eksamen mappeevaluering, laboratoriejournal og prosjektoppgåve. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Studiet avsluttas med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie.mtek@uib.no Telefon: 55 58 73 47.