Hjem
Utdanning

Studieplan for MAHF-TYS Tysk, master, 2 år, vår 2024

Namn på grad

Master i tysk

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mastergradsstudiet i tysk skal gi grundig innsikt i sentrale tema innanfor tysk språkvitskap og tyskspråkleg litteratur. Fagdidaktikk kan inngå i studiet. Ein legg samstundes stor vekt på å auke studentane sin dugleik i bruken av moderne tysk, både gjennom eit eige tilbod i praktisk tysk og gjennom arbeid med varierte skriftlege og munnlege oppgåver i samband med pensum i alle emna. I løpet av studiet skal studentane utvikle evne til kritisk refleksjon omkring sentrale teoretiske og metodiske problemstillingar innanfor den delen av faget dei spesialiserer seg i. Dette er særleg viktig med omsyn til arbeidet med masteroppgåva.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

KUNNSKAPAR

Kandidaten

  • har brei, generell kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og metodar innanfor tysk som forskingsfag
  • har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valte disiplinen og djubdekunnskapar innanfor eit avgrensa område
  • har kjennskap til og kan bruke relevante kommunikative genrar

DUGLEIKAR

Kandidaten

  • kan utarbeide og presentere eit prosjekt på tysk (skriftleg og munnleg)
  • kan reflektere over strukturelle skilnader mellom tysk og andre språk og nyttiggjere seg det i munnleg og skriftleg bruk av tysk.
  • kan bruke eit presist språk- og litteraturvitskapleg omgrepsapparat på ulike teksttypar og problemstillingar i eige forskingsarbeid
  • kan uttrykkja seg presist om faglege problemstillingar, analysar, tolkingar og konklusjonar innanfor eige fagområde
  • kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av tileigna faglege kunnskapar
  • kan setje seg inn i og kritisk vurdere bruk av teoriar, metodar og tolkingar innanfor eige fagområde
  • kan skaffe seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget

GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten

  • kan finne fram til relevante kjelder og bibliografiar både på nettet og i oppslagsverk og bruke dei kritisk i eige arbeid
  • kan gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan bruke dei metodar og analyseverktøy som er naudsynte for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innanfor eige fagområde
  • kan halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
  • kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet.

Opptakskrav

Masterprogrammet i tysk byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i tysk språk og litteratur, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

¿ Bachelorgrad i tysk

Andre bachelorgrader som kvalifiserer:

¿ Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i tysk språk og litteratur eller tilsvarande.

Du må også ha:

¿ Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.

¿ Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Spesifikke språkkrav: Søkere som ikke dekker kravet til norskkunnskaper, kan dekke språkkravet med engelskkunnskaper på følgende nivå:

- IELTS academic- International English Language Testing System (British Council's): Minimum score of 6.0 on each of the bands: Listening, Reading, Writing and Speaking

- TOEFL - Test of English as a Foreign Language, internet-based test (iBT): Minimum score of 80

- PTE Academic- Pearson Test of English Academic: Minimum overall score of 53

Obligatoriske emne

Emna TYS307, TYS311, TYS308, TYS309 eller TSAK319 og TYS350.

UiB og NTNU vekslar på emneansvaret for TSAK319, Masteremne i tysk språkvitskap.

Fullstendig oversikt over innhaldet i emna finn ein under emneomtalane.

Rekkefølgje for emne i studiet

Masterprogrammet i tysk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det består av ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. I kursdelen inngår emna TYS307 og TYS309 eller TSAK319 (i første semester) og emna TYS311 og TYS308 (i andre semester).

Eit masterprogram i tysk kan sjå slik ut:

1. semester:

TYS307 Tysk språk- og litteraturvitskap

TSAK319 Masteremne i tysk språkvitskap

eller

TYS309 Masteremne i tyskspråkleg litteratur

2. semester:

TYS311 Moderne tysk språk og litteratur

TYS308 Litteratur, interpretasjon og omsetjing

3. og 4. semester:

Masteroppgåve

Masteroppgåva er ei prøve på vitskapleg arbeid innanfor språk, litteratur eller fagdidaktikk. Oppgåva skal vise at du er godt orientert i forskinga på det området du har valt og er i stand til å behandle ei problemstilling på ein vitskapleg måte. Du bør orientere deg mot eit emne for masteroppgåva så tidleg som mogleg i studiet. Du får rettleiing under arbeidet med oppgåva og skal normalt underskrive ein rettleiingskontrakt i byrjinga av det andre semesteret. Masteroppgåva skal skrivast på tysk og vere mellom 70 og 110 sider.

Delstudium i utlandet

Ein kan få godkjend heile det første året frå ein utanlandsk lærestad som ein del av mastergraden.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar, individuell rettleiing. Undervisinga knytt til emna TSAK318, TYSK3700, TYSK3600 og TSAK319 kan bli nettbasert.

Vurderingsformer

Kvart emne blir avslutta med ein eksamen. Dei eksamensformene som blir nytta, er gjort greie for under kvart emne.

Masterstudiet blir avslutta med ein munnleg eksamen om masteroppgåva.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå planane for dei einskilde emna.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Mastergrad i tysk kan gi kompetanse for PhD-studium.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet i tysk kvalifiserer for arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig. Saman med PPU kvalifiserer studiet for undervisning innanfor skuleverket.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det humanistisk fakultet v/ Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:
Studierettleiar@if.uib.no

Tlf 55 58 23 40