Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Dei store samfunnsutfordringane – Hav og mat

Innan få tiår er det venta at vi er 2,5 milliardar fleire menneske enn vi er i dag. Kan havet bidra meir til å fø folk på jorda? Universitetet i Bergen og Bergens Tidende inviterer til føredrag og debatt 12. november.

Dei store samfunnsutfordringane - Hav og Mat

Hovedinnhold

Vi kan forvente oss ei stor folkeauke på jorda i framtida. Alle skal ha mat, dei nye borgarane vil også ønske seg høgare levestandard, og om vi skal la biodrivstoff erstatte olje og kull trengst enorme areal med dyrkbar jord. Samtidig reknar ein med at klimaendringar vil påverke matproduksjonen negativt i mange land.

Kva rolle kan havet spele i å avlaste presset på landjorda? Korleis kan vi auke matproduksjonen frå havet? Finst det mogelegheiter i havet me ikkje har sett enno?

Christian Jørgensen, førsteamanuensis ved Institutt for biologi er kjent som ein innovativ undervisar og førelesar. Han legg opp til debatt med innlegget «Havets rolle som matfat - eit globalt og bærekraftig perspektiv».

Rektor Dag Rune Olsen opnar arrangementet.

Hilde Sandvik, sjefsredaktør i broen.xyz leiar paneldebatt, der mellom andre Høgrepolitikar Ove Trellevik, journalist og forfattar Morten Strøksnes, forskar Dorothy Dankel og Sissel Rogne, leiar av Havforskingsinstituttet og Kjetil Hestad, Miljø og -samfunnskoordinator i Lingalaks deltek.

Tid og stad: 12.11.2016, 14.00 – 16.00, Universitetsaulaen i Bergen, Muséplass 3, 5007 Bergen