Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Vil du bli lærar? Søknadsfrist 15. oktober!

Eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit studium på 60 studiepoeng beståande av pedagogikk, fagdidaktikk og praksis i skulen. Studiet kvalifiserar for arbeid i grunnskulen på mellom og ungdomstrinn, for vidaregåande skule og innan vaksenopplæring. Søknadsweb opnar for registrering av nye søknadar til studiet onsdag 15. september. Søknadsfrist er 15. oktober 2010.

Hovedinnhold

Krav for opptak til PPU er min. 180 studiepoeng inkludert 60 studiepoeng i to undervisningsfag UIB tilbyr fagdidaktikk i*.

Våren 2011 tilbyr UiB opptak til PPU i følgjande emne:

  • Norsk
  • Norsk som andrespråk
  • Engelsk
  • Spansk
  • Historie
  • Geografi
  • Samfunnskunnskap
  • Informasjons- og medievitenskap
  • Psykologi
  • Kjemi
  • Biologi
  • Fysikk
  • Geofag
  • Matematikk
  • Naturfagskombinasjonen

*Som ein forsøksordning vil det våren 2011 bli tilbod om opptak til PPU med berre eit fag - matematikk.

Du søkjar direkte til UIB gjennom søknadsweb. Søknadsweb opnar 15. september og frist for å søkje opptak er 15. oktober. Våren 2011 blir det tatt opp ca 80 studentar til studiet. Studiestart er onsdag 12. januar 2011.

Meir informasjon om opptak til PPU finner du her:

Meir informasjon om eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) finner du her:

 

Kontaktperson:

Marit Ubbe, e-post: marit.ubbe@iuh.uib.no tlf 55 58 47 68 (mellom kl 10 og 13.00)

https://www.uib.no/studieprogram/PRAPEDhttps://www.uib.no/utdanning/opptak/opptak-til-praktisk-pedagogisk-utdanning