Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Sosialantropolog i Landsforeningen for trafikkskadde

Allereie på vidaregåande skule visste Linda at ho hadde lyst til å studere sosialantropologi.

Hovedinnhold

Som student har eg jo lært å sortere og bearbeide informasjon, å kome i kontakt med folk, og å legge informasjon til rette for ein mottakar. Alt dette brukar eg i jobben min!

Linda Vøllestad Westbye skreiv masteroppgåve om norske familiar i Spania, eit tema som ligg nokså langt frå jobbkvardagen i Landsforeningen for trafikkskadde. Likevel påstår ho at ho får brukt utdanninga si i jobben.


– Som student har eg jo lært å sortere og bearbeide informasjon, å kome i kontakt med folk, og å legge informasjon til rette for ein mottakar. Alt dette brukar eg i jobben min, seier ho.


Allereie på vidaregåande skule visste Linda at ho hadde lyst til å studere sosialantropologi. Ho likte perspektiva og metoden som faget nytta, men ho hadde ingen planar om å leve eit liv som forskar hjå naturfolk i jungelen. Difor sytte ho også for å studere litt administrasjon og organisasjonsvitskap, slik at ho fekk ein kombinasjon som kunne seljast på den norske arbeidsmarknaden.


Feltarbeidet til masteroppgåva gjorde ho på den spanske solkysten. – Mange nordmenn buset seg der for å leve ut «draumen om det gode livet», og arbeidet mitt viste at veldig mange faktisk får det gode livet dei drøymer om, fortel ho.


Samstundes var feltarbeidet ein sjanse til å sette seg sjølv på prøve, og til å gjere noko heilt anna enn det vanlege livet på lesesalen. Det trur ho også har kome godt med i jobben.


– Det har vore ein nyttig erfaring både fagleg og personleg. Det viser at ein vågar å utfordre seg sjølv ved å forlate det kjende og trygge og kaste seg ut i noko heilt nytt, og det trur eg mange arbeidsgjevarar verdset, meiner ho.


Jobben i Landsforeningen for trafikkskadde fekk ho etter å ha søkt på ei utlysing ho fann på Aetat. Ho har alltid vore aktiv i organisasjonsarbeid, og trivst veldig godt som regionssekretær. Jobben inneber alt frå å hjelpe fylkeslaga med å skrive søknader eller organisere aktivitetar, til å drive informasjonsarbeid eller samarbeide med sjukehus og styresmakter om korleis ting kan leggast betre til rette for trafikkskadde. Stillinga hennar er nyoppretta, og ho har hatt stor fridom til å forme jobben som ho sjølv vil.


– Antropologi er eit fag ein får bruk for overalt, spesielt i ei tid som er så skiftande som den vi lever i, hevdar ho. – Endring er jo nettopp det antropologar kan!

 

Relevante studieprogram: