Hjem
Karriereveier for samfunnsvitere

Førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet

Erlend Eidsvik leverte avhandlinga si i historisk geografi i 2013. Avhandlinga hans handla om korleis nordmenn og skandinavar på ulikt vis har vore involvert i å oppretthalde og forme eit europeisk økonomisk-politisk hegemoni under kolonitida. I dag arbeider han med forsking og undervisning ved Høgskulen på Vestlandet.

Hovedinnhold

PhD-livet er eit fantastisk privilegium, sjølv om det stundom kan kjennes trått og einsamt.

Kva er det beste med jobben din i dag? Og det mest utfordrande?
Det beste er å ha privilegiet med å undervise geografi til studentar som skal bli lærarar – som igjen skal formidle geografifagets vidunderlige verden til barn og unge. Og, sjølvsagt - å kunne forske på det ein sjølv synes er fagleg spennande.

Det mest utfordrande er å få tid nok til å kunne halde fokus på litt for mange ballar i lufta og litt for mange forskingsprosjekt i ein svært hektisk, men kjekk arbeidskvardag.

 

Kan du fortelje litt om doktorgradsavhandlinga di?
Avhandlinga hadde tittelen "Spaces of Scandinavian Encounters in Colonial South Africa: Reconfiguring Colonial Discourses", og var del av det tverrfaglege programmet "In the Wake of Colonialism".

Avhandlinga analyserer empiriske døme frå Sør-Afrika, der skandinavar på ulikt vis var involvert i å oppretthalde og forme eit europeisk økonomisk-politisk hegemoni under kolonitida. 

Det eine caset i avhandlinga omhandla ei gruppe norske migrantar som busette seg i Kapp-kolonien mot slutten av 1800-talet. Dei slo seg opp i mange næringar, og vart ein allstadnærverande økonomisk og politisk aktør. Dei manøvrerte seg inn i økonomiske, politiske og sosiale handlingsrom, og knytte seg til eit stort nettverk av økonomiske aktørar - også i Skandinavia. Gjennom investeringar i dette nettverket opparbeidde dei seg ein hegemonisk kontroll over økonomisk aktivitet i regionen, og hadde også politisk innflytelse gjennom diverse embete. 

Det andre caset analyserer korleis eit norskspråkleg tidskrift utgitt i Sør-Afrika argumenterte for å etablere ei skandinavisk politisk rørsle i Sør-Afrika i mellomkrigsperioden. Dette vart legitimert ved å dra veksel på skandinavisk deltaking under boer-krigen (1899-1902) der element som historie, territorium og rase vart løfta fram for å fronte sterkare skandinavisk innverknad i Sør-Afrika.

 

Kva var bakgrunnen for ditt val av tema og retning?
Eg har alltid vore interessert i tverrfaglege prosjekt (og miljø) – der ein kan dra veksel på ulike fag- og teoritradisjonar, i dette tilfellet mellom historie og geografi. Fagleg hadde eg også interesse for postkolonial teori samt interesse for kolonihistorie. I tillegg til at det var eit felt som det forskingsmessig var gjort lite på. Og - at det var del av eit større forskingsprosjekt la jo naturlegvis grunnlag for både retning og tema.

 

Kvifor valde du å avlegge doktorgraden din ved UiB?
Eg tok Cand.polit-grad ved UiB (2001), jobba deretter litt på SIU og ved UiB i informasjonsstilling i fleire år, og hadde eit bra nettverk på UiB. Kombinasjonen av fagleg godt miljø og familiesituasjon gjorde UiB absolutt mest attraktiv.

 

Kva er det beste med tida som stipendiat?
Progresjon og utviklinga ein har som forskar. Fridom og tid til å forske er jo eit fantastisk privilegium. Fagleg fellesskap med andre stipendiatar, forskarar og rettleiarar. Vere i flyten - knekke kodar og skape ny kunnskap. Og feltarbeid - det å møte folk og lære.

 

Kva kjem du ikkje til å sakne med det å vere stipendiat?
Presset for å bli ferdig - å alltid ha det hengande over seg. Og lange kveldar på kontoret.

 

Er det noko du skulle ynskje nokon hadde fortalt deg då du var ny doktorgradsstipendiat? Har du nokre tips til framtidige stipendiatar?
Tja, ver fokusert, lytt til kjentfolk og rettleiarar, men lytt først og fremst til deg sjølv - du er sjefen. Finn ein balanse på kor mange sideprosjekt ein kan vere med i. På eit tidspunkt er det lurt å halde fokus og prioritere hardt.


Lever tekst tidleg - ikkje vent for lenge. Det er ikkje så farleg - jorda snurrar vidare om ein artikkel bli refusert eller om dagen gjekk på tverke. 
Eg er svært glad for at eg valde å skrive artikkelbasert avhandling framfor monografi. Det handlar først og fremst om at det blir lest av fleire. Forsking har større verdi når den kan delast med fleire - og at andre kan byggje vidare på dei steinane ein sjølv har mura opp.

 

Har du noko meir på hjartet?
PhD-livet er eit fantastisk privilegium, sjølv om det stundom kan kjennes trått og einsamt. 

 

Bergen, 11. april 2017

Publisert av: Evelyn Myrå Holmøy