Hjem
Spesialsamlingene
SPRÅKSAMLINGANE

Gammalnorsk og norrønt

Ei stor samling ordbokssetlar, diplomavskrifter og ein del administrativt materiale frå det tidlegare Gammelnorsk Ordboksverk er tilgjengeleg gjennom Språksamlingane. Setelmaterialet dokumenterer norsk språk i den klassiske norrøne tida, basert på litterære tekstar. Diplommaterialet er avtaletekstar og liknande, som er kjelde til språket i tida etter norrønt - òg kallat mellomnorsk tid. Ut over dette er fleire norrøne ordbøker tilgjengelege.

Hovedinnhold

Menota

Medieval Nordic Text Archive - Menota er ei open ressurs for alle. Ein stor del av tekstane i arkivet til Gammalnorsk ordboksverk har i løpet dei siste tiåra blitt digitalisert og gjort tilgjengeleg gjennom det fellesnordiske Menota-prosjektet. Gjennom Menota kan materialet brukast på til dømes følgjande forskingsområde:

  • gammalnorsk språkstruktur
  • morfologi og syntaks
  • ortografisk variasjon
  • leksikalske studiar

Samlingane er ein ressurs for undervisning på høgare nivå. Dei gammalnorske samlingane vil spele ei viktig rolle i språkhistoriske studiar, namnegransking og diakrone språkendringsstudiar. 

Diplomatarium Norvegicum

Diplomatarium Norvegicum er ei stor norsk historisk kjeldeutgåve. Diplomatariet inneheld brev og aktstykke frå ca. 1000-talet til ca. 1570.

Norrøne ordbøker

I Språksamlingane er desse norrøne ordbøkene digitalt tilgjengelege:

Ordbog over det gamle norske Sprog  er ei ordbok frå norrønt (gammalnorsk og gammalislandsk) til norsk utarbeidd av den norske presten Johan Fritzner. Det er den største komplette ordbok over det gammalnorske språket. Fritzners ordbok inneheld foruten ordforklaringar også relevante sitat frå norrøn litteratur og norrøne kjeldeskrift som lover og brev (for eksempel Diplomatarium Norvegicum) med kjeldehenvisningar.
Cleasby-Vigfusson: Icelandic-English Dictionary er ei større islandsk-engelsk ordbok som dekker heile den islandske språkperioden.
Zoëga: Concise Dictionary of Old Icelandic er ei gammalislandsk-engelsk handordbok.

Alle ordbøkene kan søkast i anten enkeltvis eller i eit samsøk i alle ordbøkene.