Hjem
Utreisende forskere
Utreisande PhD

Forskingsopphald som stipendiat

Som stipendiat ved K2 dro Makalani til New Zealand på forskningsopphold. No er ho på nytt forskningsopphald som postdoktor i Oakland, California. Les meir om korleis ho gjekk fram for å få invitasjon og stønad til å dra.

Hovedinnhold

Forskaropphald er ei unik oppleving ein verkeleg lærer mykje av.

Som stipendiat ved K2 vart Solbjørg Makalani Myrtveit Sæther oppmoda av sin vegleier til å reise på utenlandsopphald. Gjennom samarbeid mellom hennar vegleiar professor Børge Sivertsen og professor Keith Petrie, professor ved University of Auckland, vart ho invitert til å vere seks månadar ved hans forskningsgruppe i New Zealand. 

Korleis gjekk det med ditt eige PhD prosjekt medan du var i New Zealand? 
"Sidan eg holdt på med PhD var det viktig for meg å ha framgang på eige prosjekt, så eg jobba ein del med det eg hadde med meg. Samstundes vart eg kjent med nye forskarar og nye datamateriale, og endte faktisk opp med å bytta ut ein planlagt artikkel i PhDen med eit prosjekt eg vart med på ved University of Auckland. Eg hadde god kontakt med vegleiar i Noreg. Me kommuniserte mykje på epost om prosjekt eg heldt på med, og snakka og om korleis eg hadde det på jobb og fritid. "

Har opphaldet ditt i utlandet vore nyttig for deg og di karriere? 
"Eg har verkeleg opplevd at forskingsopphalda eg har vore på har telt positivt når eg har søkt jobb. Elles fekk eg med meg mykje anna nyttig - mellom anna var det veldig kjekt å bli betre i engelsk. Det var og fint å oppleva kor ulikt ting kan gjerast og organiserast innan same forskingsfelt. Eg likar å tru at ein, vel heime, kan velja å bruka det beste frå "to verdener". "  
Ho starta planlegginga eit år før avreise. 
"Det er ikkje sikkert det var naudsynt å starta så tidleg, men eg likar å ha god tid. Og så er det jo mange ting som skal i boks. seier ho."
Sjølv opplevde ho få problemer med planlegginja.
"Det gjekk eigentleg ganske greitt. Det som var mest spanande var om eg ville få stønad til å reisa." 

Stønad kan vera noko av det vanskelegaste å få ordna for dei som ynskjer å reise på forskingsopphald. Ofte opplever ein å måtta søkje fleire stader og i god tid for å kunne finansiere opphaldet. Makalani Myrtveit fekk stønad frå Worldwide Universities Network (WUN). 

Har du nokre tips til korleis UiB kan leggje tilrette for forskarar som skal på utanlandsopphald?
"Det er bra at det vert snakka om og oppfordra til å reisa på forskaropphald! Det er ei unik oppleving ein verkeleg lærer mykje av! Og når det er rom i budsjett til det, meiner eg det er veldig bra om UiB utlyser midlar til å støtta forskaropphald også for PhDar."

Makalani er for tida på forskingsopphald i Oakland, California som postdoktor. 

Tilknyttet innhold